Wim van den Toorn
ons03oktHeile dagensun20jan(Heile dagen) Wim van den ToornMellom BY og BYgd
Om arr.
03.10 – 20.01 2013 Med utstillinga Mellom BY og BYgd ynskjer Wim van den Toorn å syna ei kunstnarleg utvikling med skifte av påverknad frå urbane til rurale omgjevnadar.
Om arr.
03.10 – 20.01 2013
Med utstillinga Mellom BY og BYgd ynskjer Wim van den Toorn å syna ei kunstnarleg utvikling med skifte av påverknad frå urbane til rurale omgjevnadar.
I 2008 flytta Wim van den Toorn (1969) frå storbyen Amsterdam til bygda i Kvam, Hardanger. Etter å ha måla detaljar frå urbane omgjevnadar i fleire år, vart motiva etterkvart henta frå engelske og sidan skandinaviske landlege omgjevnadar.
Bakgrunnen var ei sterk lengt etter stille og natur. «Eg ynskte å berre forhalda meg til véret, lyset og landskapet», seier van den Toorn.
Etter tre år med reiser mellom Amsterdam og distrikts-Noreg flytta han til dei landlege motiva i måleria sine. «Eg bur i husmåleria mine frå Noreg no», seier han.
For å tolka det norske landskapet måtte van den Toorn etterkvart tilbake til den non-figurative stilen han nytta tidlegare. No virka husa som ein del av landskapet. Dei non-figurative måleria vart eit uttrykk for det som omgav husa og som han tidlegare hadde vore så oppteken av.
Uroa har no kome tilbake. «Frå stilla ved fjella ser eg ut over verda. Eg vert påverka og inspirert av all uro og av utviklinga i notida. I dei siste måleria mine forlet eg det trygge norske huset mitt og møter verda igjen. Byen er ein stad der samtidsutviklinga vert gjort synleg og står som eit symbol for denne. Frå det paradisiske og isolerte Hardanger får eg eit klårt oversyn».
Utstillinga syner to adskilte realitetar som er uløyseleg knytt til kvarandre. Akkurat slik det er i kunstnarskapen og livet til Wim van den Toorn.
Tid
Program
tors05nov19:0019:00 Erlend Apneseth trioHardingfelemeisterens trio
Om arr.
Torsdag 5. november kl 19 Ei unik form for folkemusikk – ispedd jazz og elektronika Erlend Apneseth – hardingfele Stephan Meidell – gitar/effektar Øyvind Hegg-Lunde – trommer/perkusjon Thorolf Thuestad – lyddesign
Om arr.
Torsdag 5. november kl 19
Ei unik form for folkemusikk – ispedd jazz og elektronika
Erlend Apneseth – hardingfele
Stephan Meidell – gitar/effektar
Øyvind Hegg-Lunde – trommer/perkusjon
Thorolf Thuestad – lyddesign