– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

dePresno

fre19sep19:0019:00 dePresnoPOP

Om arr.

Fredag 19. september kl 19

dePresno har i eit tiår vore ei av dei mest særeigne popstemmene i Noreg.
Med sin djupe, sjelfulle vokal og sterke historieforteljing balanserar han det emosjonelle med det underhaldande på ein måte få andre gjer.
Han lagar musikk som kan få deg til å gråta av sorg den eine augneblinken – og le så du grin den neste.

Etter gjennombrotet med Hide and Seek i 2016 har han levert ei rekkje kritikarroste låtar, blant annea Too Fucked Up To Love You, Trust og See You Soon. Albumet Technicolor, Monochrome og Places har begeistra både anmeldarar og publikum, og Bergens Tidende har omtalt ham som «en av landets beste popsolister».

Men det er på scenen dePresno verkeleg visar kvifor han er i ein klasse for seg sjølv. Det sjølvironiske vesenet hans, den unike evna til å fanga publikum og sterke nærvær gjer kvar konsert til ei oppleving. Han har trollbunde publikum på festivalar som by:Larm, Bergenfest og Slottsfjell, i tillegg til å ha turnert med AURORA.
Hausten 2024 fylte han Håkonshallen i Bergen for tredje år på rad, der han inviterte gjesteartistar og skapte ei magisk, intim atmosfære.

Uansett om han spelar på ein liten klubbscene eller eit stort festivalområde, leverer dePresno alltid ei konsertoppleving som sit i lenge etter siste tone er spelt.

Billettar i sal no

Tid

(Fredag) 19:00

Billettar på nett

>>> KJØP