Kunsthuset ved Hardangerfjorden
FINN DI BESTE OPPLEVING!
Opplev kunst , arkitektur og natur i Øystese – i hjarta av Hardanger !
Kabuso er eit levande kunsthus med skiftande utstillingar, eit rikhaldig program for arrangement, aktivitetar for born og unge, ulike filmar, eigen kafé og gåvebutikk. Skulptursamlinga Ingebrigt Vik museum og lysverket Hardanger Skyspace av James Turrell er også ein del av tilbodet vårt.
VELKOMEN!
Program
for utstillingar og arrangement ved Kabuso
Arrangementstype:
Alle
Alle
Aktivitet
Arrangement
For familien
Konsert
Kurs
Undervisning
Utstilling
Arrangør:
Kabuso
Kabuso
Alle
Agatunet
Borgstova
Granvin bygdetun
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger folkemuseum
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Skredhaugen
Storeteigen
Voss folkemuseum
tys30aug19:00The Edvard Grieg International Piano Competition19:00

Om arr.
Opplev nokre av verdas beste unge pianistar i kammermusikksalen i Kabuso, tysdag 30. august kl 19! Frå 27. august til 3. september 2022 deltek 30 unge og særs gode pianistar
Om arr.
Opplev nokre av verdas beste unge pianistar i kammermusikksalen i Kabuso, tysdag 30. august kl 19!
Frå 27. august til 3. september 2022 deltek 30 unge og særs gode pianistar frå heile verda i ”The Edvard Grieg International Piano Competition” i Bergen.
Til årets konkurranse vart 30 utvalde søkarar inviterte for å tevla om første-prisen på 30.000 Euro. Arrangementet er i hovudsak knytt til Troldhaugen og Grieghallen (finalen med Bergen Filharmoniske Orkester), men KODE Edvard Grieg Museum Troldhaugen ynskjer også å leggja til rette for at konkurransen blir eit regionalt samarbeidsprosjekt.
Takka vera god støtte frå Vestland fylkeskommune kan nokre av dei utøvarane som ikkje kjem til finalen få reise til andre delar av fylket, og knyta tettare band til arrangørar i regionen som har gode arenaer for klassisk musikk. Difor vert det mogeleg å høyra pianistane på konsertar i Kabuso i Øystese, i Oseana Kunst & Kultursenter i Os, i Erdal kyrkje på Askøy, i Knarren på Knarvik og i Valestrand Kulturkyrkje i Sveio.
Konkurransen vil slik nå ut til heile regionen, og deltakarane får eit unikt høve til å oppleva eineståande natur og kultur i Bergen og Vestland, og samstundes ta del i den rike musikkarven i regionen.
Konserten er eit samarbeid mellom The International Edvard Grieg Competition og Kunsthuset Kabuso
Hovudsponsor for konkurransen er Stiftelsen Kristian Gerhard Jebsen
Tid
(Tysdag) 19:00
Billettar på nett
>>> KJøptors01sep19:00Litteraturkveld med Vigdis Hjorth & coBokbad og konsertførestilling19:00

Om arr.
Litteraturkvelden i Kabuso torsdag 1. september har Bertolt Brecht som tema - og blir innhaldsrik med både bokbad og konsertførestilling med m.a. forfattar Vigdis Hjorth.Kl 19: Bokbad Jnes Kihl, kulturredaktør i
Om arr.
Litteraturkvelden i Kabuso torsdag 1. september har Bertolt Brecht som tema – og blir innhaldsrik med både bokbad og konsertførestilling med m.a. forfattar Vigdis Hjorth.
Kl 19: Bokbad
Jnes Kihl, kulturredaktør i Bergens Tidende bokbadar Vigdis Hjorth
Kl 20: Konsertførestillinga Bertolt Brecht – en kynisk menneskevenn
Ved ensemblet Tilbudogetterspørsel:
Vigdis Hjorth: Brecht-sitat og poetisk prosa om Bertolt Brecht, hans liv og virke
Jørn Simen Øverli: Gjendikting, song, gitar
Ruth Wilhelming Meyer: Song, multivokal
Espen Leite: Akkordeon, kapellmeister
Kva er det verste? Å eiga ein bank eller rana ein bank?
Vil du ha svar, så oppsøk denne konserten kor Vigdis Hjorth vil prøva å overbevisa deg om at verda bør omorganiserast, Jørn Simen Øverli spelar gitar og syng og har gjendikta dei fleste tekstane du vil høyra, Ruth Wilhelmine Meyer syng multivokal og Espen Leite spelar trekkspel (Brecht sitt føretrukne instrument).
Tilbudogetterspørsel tek for seg evig aktuelle spørsmål i Brecht (1898-1956) si tapning på ein poetisk og spenstig måte.
Alt vert vevd saman til ei konsertførestilling om Brecht: Han som ville revolusjonera teateret og verda, og som greide det første om ikkje det andre, men som uansett har vore og er ein inspirator for menneske som vil bruka kunsten til å kritisera makta – frå Jens Bjørneboe til Elfriede Jelinek. Og som har hatt innflyting på så ulike diktarar som Gunnar Ekelöf, Inger Hagerup, Halldis Moren Vesaas, Georg Johannessen og Jon Fosse, samt filmskaparen Ingmar Bergmann.
Konsertførestillinga hadde premiere på Olavsfest 2021 og er allereie framført ei rekkje stadar i landet – og snart kan du altså nyoppdaga Brecht i Kabuso!
Tid
(Torsdag) 19:00
Billettar på nett
>>> Kjøpfre02sep20:00Baker HansenChet på norsk20:00

Om arr.
"Baker Hansen hyller Chet Baker på nydelig vis" Audun Vinger, D2Baker Hansen er: Kjetil Jerve – piano Sigurd Rotvik Tunestveit – vokal Erling Skorpen- trompet Tore Flatjord – trommer Stian Andersen - kontrabassChet Baker si stemme
Om arr.
«Baker Hansen hyller Chet Baker på nydelig vis»
Audun Vinger, D2
Baker Hansen er:
Kjetil Jerve – piano
Sigurd Rotvik Tunestveit – vokal
Erling Skorpen- trompet
Tore Flatjord – trommer
Stian Andersen – kontrabass
Chet Baker si stemme og trompet er forteljarstemma i cooljazzen. Men korleis let forteljingane på vårt eige morsmål?
Det kan du finna ut fredag 2. september – i konsertsalen i Kabuso.
Baker Hansen har sidan 2010 laga sine eigne musikalske forteljingar, basert på musikken som Chet Baker spelte.
Historiane er tidlause og velkjente, men teksten er omarbeidd til norsk og framført på dialekt av vokalist Sigurd Rotvik Tunestveit frå Ål i Hallingdal.
På vårt eige mål kjem musikken og innhaldet brått nærare på oss – og konsertane vert ei øyreopnande oppleving som publikum på godt over 200 konserter i Noreg og Sverige kan fortelje om.
Baker Hansen har gjeve ut tre album, Ei som deg (2014), Gamle Daga (2016) og Live i Oslo med John Pål Inderberg (2019).
_____________
Sagt om Baker Hansen:
«Har hele den vakre, melodiske, melankolske og sarte tradisjonen etter legenden Chet Baker inne»
Tor Hammerø, Side2
«En liten perle»
Lytterom NRK P2
«Ein sikker scenesuksess»
Roald Helgheim, Dagsavisen
Tid
(Fredag) 20:00