Kva skjer i Kabuso?
Arrangementstype:
Alle
Alle
Arrangement
For familien
Konsert
Kurs
Utstilling
Arrangør:
Kabuso
Kabuso
Alle
Agatunet
Borgstova
Granvin bygdetun
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger folkemuseum
Hardingfela.no
Skredhaugen
Storeteigen
Voss folkemuseum

Om arr.
Medverkande kunstnarar: Ingrid Book & Carina Hedén / Per Christian Brown / Thorbjørn Sørensen / Hege Nyborg / Helene Sommer Utstillinga gjev ulike innfallsvinklar - i form av måleri, teikning,
Om arr.
Medverkande kunstnarar:
Ingrid Book & Carina Hedén / Per Christian Brown / Thorbjørn Sørensen / Hege Nyborg / Helene Sommer
Utstillinga gjev ulike innfallsvinklar – i form av måleri, teikning, fotografi, video og installasjon – på spørsmålet: Kva er Hardanger i dag og kva fortel eit landskap som dette oss om identitet, historie, vitskap og forholdet vårt til natur?
Dei siste to åra har kunstnarane reist rundt i Hardanger. Dei har sett gjennom samlingane etter bilethoggar Ingebrigt Vik og botanikar Johan Havaas, lest seg opp på rapportar og litteratur og tolmodig granska vokstrar og landskap, vitskap og folkloristikk. Det ikoniske og politiske ved landskapet i Hardanger var tidleg tilstade i nasjonsbygginga, og ideen om kven vi er og korleis me forvaltar arva, er ikkje ferdig snakka. Heller ikkje her. Kva ser me der me ferdas og kva for forteljingar skapar me ut av det me ser?
Tittelen på utstillinga er henta frå Renæssance, ei novelle Hans E. Kinck publiserte i 1899.
Kurator: Sissel Lillebostad
Prosjektet er støtta av:
Kulturrådet
Fond for lyd og bilde
Billedkunstnernes Vederlagsfond
Regionale prosjektmidler for visuell kunst
Norsk fotografisk fond
Foto, over: Helene Sommer, Postkort fra Hardanger #3, 2021, collage
>>> OPPLEV UTSTILLINGA DIGITALT HER
_____________________________
Om kunstnarane:
Ingrid Book & Carina Hedén bur i Oslo og har samarbeidd sidan 1987. Dei har rørt seg innan områder som: stad og ikkje-stad, krympande byar, kulturlandskap og produserte landskap, tap av minne, munnlege tradisjonar, og tap av genetisk arv – i foto, video, skulptur og installasjonar.
Eit utval utstillingar:
Midlertidige Utopier, Museet for Samtidskunst 2003, The Field, Bienale de São Paulo 2004, Geschichten für leere Schaufenster, Salzburger Kunstverein 2007, Militære landskap, Festspillutstillingen 2008, Modernautställningen, Moderna Museet 2010, Nikolais Natt, Henie Onstad Kunstsenter 2016. Perspectives on Ecology and Modernity, Botanisches Museum Berlin 2019.
Per Christian Brown arbeider med analogt fotografi, film, video og installasjonar, der han kretsar kring spørsmål knytt til identitet, natur, biologi, synestesi, sosiale og politiske aspekt i samtida. Dei siste åra har han jobba med foto-videoprosjekt knytt opp mot våre førestillingar om dei fire elementa, og dei underliggande poetiske attributta me tileignar kvar av elementa.
Eit utval utstillingar:
«Fra Balkongen», Stavanger Kunstmuseum, Stavanger (2020), kunstmessen «Wiedererwachen» på Station Berlin (2020), «Den Siste Festen» QB gallery, Oslo (2020), «Chimera», Kunstraum Bethanien, Berlin (2019), Verka hans er innkjøpt av statlege og private samlingar og han har utført fleire større offentlege kunstoppdrag. Han er utdanna ved Kunsthøyskolen i Oslo og Bergen og bur og arbeidar i Stavanger, Oslo og Berlin.
Hege Nyborg arbeider med måleri, teikning og tekst, ofte i seriar og installasjonar kor analyser av naturfenomen og økosystem, landskapet si hukommelse og psykogeografi inngår. Hennar siste prosjekt består av tekstteikningar som registrerer sjeldne og trua plantearter frå forskjellige område, basert på psykobiotopiske vandringar og klimatiske, topografiske og historiske hendingar. Nyborg er utdanna ved Amherst College, BA Political Science (Hons.), Statens Håndverks- og kunstindustriskole, Akademie der bildenden Künste, Wien og Statens Kunstakademi, Oslo.
Eit utval utstillingar:
Henie Onstad Kunstsenter, Sørlandets Kunstmuseum, Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design, Kunsthalle Helsinki og National Museum of Women in the Arts i Washington D.C.
Helene Sommer jobbar med video, installasjon, tekst og collage der eksperimentering og samanstilling av eit rikt, men selektivt utval av funnet kjeldemateriale i kombinasjon med eigenprodusert stoff, reiser spørsmål kring historiefortellinga si mekanismar. Ved å utforske dei mange nivåa av fortolking og klassifisering undersøkjer ho relasjonen mellom offisiell historie og subjektiv hukommelse innan område som historie og naturvitskap.
Ho har vist sine arbeid på mellom anna Kunstnernes Hus, Oslo Kunstforening, Stenersenmuseet, Vigelandsmuseet, Tromsø Kunstforening og Kunstnerforbundet. Sommer bur og arbeider i Oslo og har si utdanning frå Statens Kunstakademi i Oslo.
Thorbjørn Sørensen er kjent som ein kunstnar som vender seg til maleriet frå ulike ståstadar. Fotorealistiske landskap og portrett, stripebilete utført med airbrush og akvarellar av jordhaugar, kvistar og døde fuglar er nokre av motiva han har arbeidd med.
Han er representert i ei rekke samlingar som Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design, Astrup Fearnley Museet, Utenriksdepartemetet, Norsk kulturråd, Statoil og Nordea Kunstsamling.

Thorbjørn Sørensen, Furu 2021, akvarell

Ingrid Book & Carina Hedén, Verk (mann) #10(13), 2020 archival pigment print

Per Christian Brown, Der Wurzelmensch 5, 2021, sølvgelatin trykk

Hege Nyborg, Our brief eternity. 2021. Fargeblyant på papir og digitaltrykk
Tid
Feb. 27 (Laurdag) 00:00 - April 25 (Sundag) 00:00
fre09apr19:00fre21:30AVLYST: Drink & Draw19:00 - 21:30

Om arr.
Arrangementet er diverre avlyst grunna smittevernrestriksjonar. Sjå tilsvarande arrangement 7. mai _______________________ Bli med på ei triveleg teikneøkt fredag 9. april kl 19-21.30! Vertskap og instruktør: Marijke Strømmen Uformelt lag og noko
Om arr.
Arrangementet er diverre avlyst grunna smittevernrestriksjonar. Sjå tilsvarande arrangement 7. mai
_______________________
Bli med på ei triveleg teikneøkt fredag 9. april kl 19-21.30!
Vertskap og instruktør: Marijke Strømmen
Uformelt lag og noko godt i glaset. Passar amatører like mykje som profesjonelle.
Bill kr 150,- inkl. teiknemateriell og valfri drikke frå kaféen/baren:
Vår eigen Storeteigenmost, mineralvatn, vin, øl, kaffi, te etc.
Tid
(Fredag) 19:00 - 21:30
fre09apr21:00AVLYST: Signe Førre kvartett - Etnojazz21:00

Om arr.
Arrangementet er diverre avlyst grunna smittevernrestriksjonar. Sjå øvrig program for alternative arrangement __________________________ Signe Førre - kontrabass, vokal Torbjørn
Om arr.
Torbjørn Økland – trompet, bouzouki, gitarar
Jo Asgeir Lie – trekkspel
Kåre Opheim – trommer, perkusjon
Signe Førre debuterte som bandleiar allereie som 19 åring under Vossa Jazz 2014 samman med Elisabeth Lid Trøen på saksofon, Eivind Austad på piano og Håkon Mjåset Johansen på trommer. Ho har også spelt konsertar med fleire kjende namn som Andy Sheppard, Marius Neset, Laura Jurd, Zoe Rahman, Dag Arnesen m.fl. Signe Førre har i tillegg sin eigen jazztrio med Erlend Slettevoll på piano og Håkon Mjåset Johansen på trommer. Som komponist har Signe Førre skrive mykje variert musikk og hennar fyrste song nytta Andy Sheppard på turné med World Expression Band.
Jo Asgeir Lie er rektor ved Ole Bull akademiet. Han er fast medlem av gruppa Kvarts, som har gjeve ut fleire album der to av dei har vunnet Spellemannsprisar. For tida samarbeidar Kvarts med Jonas Fjell. Lie har ellers samarbeida med ei lang rekkje musikarar og ensembler som blant anna Ole Paus, Henning Kvitnes, Ragnhild Hemsing, KORK, Trondheim Solistene, Stein Torleif Bjella m.fl. Han har sjølv skrive musikk for ei rekkje ensembler og prosjekt og har i tillegg ein duo saman med Carl Petter Opsahl.
Tid
(Fredag) 21:00
lau10apr12:00AVLYST: Bornas KabusoFilm: Alice i eventyrland12:00

Om arr.
Arrangementet er diverre avlyst grunna smittevernrestriksjonar. Sjå gjerne øvrig program - med m.a. planlagt Bornas Kabuso 22. mai: Kreativ verkstad inspirert av Vestlandsutstillingen. ____________________________ Ta familien med på ein
Om arr.
Arrangementet er diverre avlyst grunna smittevernrestriksjonar.
Sjå gjerne øvrig program – med m.a. planlagt Bornas Kabuso 22. mai: Kreativ verkstad inspirert av Vestlandsutstillingen.
____________________________
Ta familien med på ein filmklassikar – i Kabuso laurdag 10. april kl 12!
Ein kanin spring hastande forbi ei halvslumrande Alice og peikar på klokka. Nysgjerrig spring Alice etter og havnar nedi eit kaninhol.
No er det ingen veg tilbake: Ho er i Eventyrland, kor alt kan skje. Ei fantasifull historie med overraskande vendingar og vanvitige påfunn.
Aldersgrense 6 år (tillaten for alle med følgje). Passar for born mellom 5 og 99 år.
Inga påmelding.
Medlemsskap i klubben kostar 70 kroner per barn og gir gratis inngang til alle dei 5 arrangementa våren 2021.
Tid
(Laurdag) 12:00
lau17apr13:00KakaokonsertUnge talent13:00

Om arr.
Lat deg sjarmera av unge talent frå Kvam kulturskule - laurdag 17. april kl 13! To gongar i løpet av våren 2021 byr kulturskulen inn til konsert i Kabuso - for
Om arr.
Lat deg sjarmera av unge talent frå Kvam kulturskule – laurdag 17. april kl 13!
To gongar i løpet av våren 2021 byr kulturskulen inn til konsert i Kabuso – for å la deg og dine oppleva kva dei held på med.
Då kan du lena deg tilbake og høyra alt frå den vakraste song til den råaste gitarsoloen.
Du vil garantert bli både imponert, rørt og sjarmert – kakaokonsertane byr alltid på gode overraskingar!
Før og etter konserten kan du gjerne nyta kafélivet på huset – sjølvsagt med m.a. varm kakao og tilbehør på menyen.
Billettar, i resepsjon: 50,- (born/vaksen)
NB! KabusoVen gjeld ikkje på kakaokonsertar då desse er ferdig rabatterte
Arr: Kvam kulturskule og Kabuso

Ung hardingfelespelar under Kakaokonsert
Tid
(Laurdag) 13:00
Arr. på Facebook
>>> Sjekk ut hending på FB!tors22apr19:00tors21:30Kunstbar med Seglem trioUformell møteplass19:00 - 21:30

Om arr.
Det er klart for ein ny Kunstbar i Kabuso - torsdag 22. april kl 19! Denne kvelden får me besøk av musikarane i Karl Seglem trio - som også held konsert
Om arr.
Det er klart for ein ny Kunstbar i Kabuso – torsdag 22. april kl 19!
Denne kvelden får me besøk av musikarane i Karl Seglem trio – som også held konsert på huset kl 20.30.
Medverkande: Karl Seglem, Håkon Høgemo og Kåre Opheim
Tema blir tradisjon, nytenking og sjangerbryting: Korleis utviklar hybridmusikken musikken?
Seglem fortel om sitt virke kor hardingfelemusikken er kjelde og inspirasjon – og om samarbeidet med Håkon Høgemo.
Kunstbar er ein uformell møteplass for deg og meg i Kabuso, kor me tek opp ulike tema knytt til kunst og kultur.
Ofte inkluderer me og kreative aktivitetar.
Bill: Billett for arrangementet inkl. konsert & valfri drikke: kr 400,- . Kun konsert: kr 250,-
Arrangementet vil bli gjennomført i tråd med gjeldande retningslinjer for smittevern.
Tid
(Torsdag) 19:00 - 21:30
Billettar på nett
>>> Kjøptors22apr20:30SEGLEM TRIO20:30

Om arr.
KARL SEGLEM saksofon, bukkehorn HÅKON HØGEMO hardingfele KÅRE OPHEIM trommer Saksofonist, bukkehornist, poet, plateselskapgründer med Norcd, og ein utøvar som har laga seg eit unikt prosjekt i tussmørkret mellom folkemusikk og jazz. Karl Seglem
Om arr.
KARL SEGLEM saksofon, bukkehorn
HÅKON HØGEMO hardingfele
KÅRE OPHEIM trommer
Saksofonist, bukkehornist, poet, plateselskapgründer med Norcd, og ein utøvar som har laga seg eit unikt prosjekt i tussmørkret mellom folkemusikk og jazz.
Karl Seglem er ein av våre fremste tenorsaksofonistar og bukkehornblåsarar, og er å rekna som ein institusjon i norsk musikkliv. Han har gjeve ut over 30 plater, og har utvikla eit sterkt personleg uttrykk der melodisk jazzimprovisasjon og norsk folkemusikk møtes i ulike besetningar.
I 2010 vart han tildelt Buddyprisen, i 2012 skreiv han tingingsverket til Vossa Jazz.
No kjem han att med nytt band saman med felespelar Håkon Høgemo – i seg sjølv ein akta utøvar og soloartist, og Kåre Opheim, kjend frå mellom anna Real Ones.
Få med deg ei unik konsertoppleving – i Kabuso torsdag 22. april kl 20.30!
Tid
(Torsdag) 20:30
fre23apr19:00Ensemble EonArgentinsk tango med innslag av norsk musikk19:00

Om arr.
Mara Haugen, fiolin Morten Norheim, saksofonar Martha Berit Belt, piano Det er duka for festaften når den unge kammergruppa frå Bergen hyllar Astor Piazzolla med musikk frå både Argentina og Norge. Råskap, melankoli og
Om arr.
Mara Haugen, fiolin
Morten Norheim, saksofonar
Martha Berit Belt, piano
Det er duka for festaften når den unge kammergruppa frå Bergen hyllar Astor Piazzolla med musikk frå både Argentina og Norge.
Råskap, melankoli og lidenskap – heile kjenslespekteret i tangoen kjem til sin rett i Piazzolla sin musikk.
Piazzolla vart verdskjent då han førte Argentina sin største folketradisjon frå dansegolvet og inn på konsertscenen. Med element frå både jazz og klassisk musikk oppstod noko heilt særeige; Tango Nuevo.
Det er fengande, djupt og ærleg på ein gong.
Ensemble Eon har sett eit spennande utval av både kjende og mindre kjende skattar av det argentinske ikonet på programmet – samt nyare verk av Sverre Indris Joner og Gjermund Larsen spesielt arrangert for ensemblet.
Tid
(Fredag) 19:00
Billettar på nett
>>> Kjøptors06mai19:00NY DATO: Trio AldeSleppekonsert: Himlaleite - Songar av Fløgstad og Fliflet19:00

Om arr.
Ny mogelegheit til å oppleva tre av våre fremste folkemusikarar i Kabuso; bli med på konsert torsdag 6. mai! Den planlagde konserten i februar måtte diverre avlysast grunna smitteverntiltak. Kjøpte billettar
Om arr.
Ny mogelegheit til å oppleva tre av våre fremste folkemusikarar i Kabuso; bli med på konsert torsdag 6. mai!
Den planlagde konserten i februar måtte diverre avlysast grunna smitteverntiltak. Kjøpte billettar vil bli refunderte (sjå SMS/e-post frå Ticketco).
>>> Billettar til konserten 6. mai finn du her
________________________________
Torsdag 6. mai klokka 19 inviterar Kabuso til konsert med tre av dei mest fargesterke folkemusikarane våre.
Trio Alde er:
Gabriel Fliflet – trekkspel, piano, song
Berit Opheim – song
Jorun Marie Kvernberg – feler, song m.m.
No dreg trioen på sleppeturné med si første plate:
Himlaleite – songar av Fløgstad og Fliflet. Her gjev dei oss songar med tekst av Kjartan Fløgstad og musikk av Gabriel Fliflet;
eventyrlege historier, naturlyrikk og voggesongar – eit breitt spenn frå stille nynning og blåtonar til driv og dansetakt.
Songar som går sine eigne stiar. Lengting, liv og song!
I tillegg til songane av Fløgstad og Fliflet, ausar Trio Alde òg av si store musikalske skattkiste, med både tradisjonsrike og nye tonar.
Ordet alde har forresten to tydingar: stor havbåre, dønning og hagefrukt. Ordet rommar altså både hav og hage – og peikar mot Vestlandet, der dei tre musikarane er heime.
Om musikarane:
Berit Opheim frå Voss er vokalist i særklasse. Ho er folkesongar og tradisjonsberar, men ho har òg briljert som Nattas dronning i Mozarts Tryllefløyta og trollbunde Carnegie Hall med tidlegmusikk i Trio Mediaeval. Berit har vunne eit berg med prisar og samarbeidd med ei rekke framståande musikarar innan både folkemusikk, jazz, barokk, samtids- og klassisk musikk.
Jorun Marie Kvernberg kjem frå Fræna i Romsdal, og er ein felespelar med glød — både på vanleg fele og på hardingfele. Spelar harpeleik (zither) og syng gjer ho òg!
Jorun Marie har vore ei drivkraft i folkemusikkgruppene Majorstuen, Tindra og Kviven duo. Ho er ein produktiv komponist i vise- og folkemusikkstil, og har vunne mange prisar. Busett i Volda.
Gabriel Fliflet er bergensar, og ein musikar og musikkmakar som boltrar seg i mange folkelege musikktradisjonar. Mange kjenner han som trekkspelar og noko ustyrleg vokalist i duoen Fliflet/Hamre. Gabriel har samarbeidd med Berit sidan slutten av 1980-talet, og med Jorun Marie sidan 2012.
Om forfattaren Fløgstad og komponisten Fliflet:
Kjartan Fløgstad er ein av dei store forfattarane i landet vårt. Han er glad i musikk, og har i heile sitt forfattarliv dikta songtekstar, som har dukka opp både i og utanfor romanane hans. Spennet er vidt, frå vare voggeviser til frodige historier, frå naturlyrikk til songar om kjærleik på skrinn grunn.
Musikar og musikkmakar Gabriel Fliflet har laga musikk til mange av Fløgstads songtekstar. Fliflets melodiar er melodiøse, men går gjerne litt uventa vegar. I fleire av dei kan du høyra at komponisten ikkje berre trivst på konsertscena, men òg er glad i å spela til dans: Vals og reinlendar, tango og ulike balkandansar!
Fliflet har komponert verk til m.a. Festspillene i Bergen og Vossajazz, og tidlegare tonesett forfattarar som Jon Fosse, Ragnar Hovland og Robert Burns
Foto og video: Thor Haukenes
Tid
(Torsdag) 19:00
Arrangør
Kabuso Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
Billettar på nett
>>> KjøpArr. på Facebook
>>> Sjekk utfre07mai19:00fre21:30Drink & Draw19:00 - 21:30

Om arr.
Bli med på ei triveleg teikneøkt fredag 7. mai kl 19-21.30! Vertskap/instruktør: Kunstnar Wim van den Toorn Uformelt lag og noko godt i glaset. Passar amatørar like mykje som profesjonelle. Bill kr 150,-
Om arr.
Bli med på ei triveleg teikneøkt fredag 7. mai kl 19-21.30!
Vertskap/instruktør: Kunstnar Wim van den Toorn
Uformelt lag og noko godt i glaset. Passar amatørar like mykje som profesjonelle.
Bill kr 150,- inkl. teiknemateriell og valfri drikke frå kaféen/baren:
Vår eigen Storeteigenmost, mineralvatn, vin, øl, kaffi, te etc.
Tid
(Fredag) 19:00 - 21:30
lau08maisun06junVestlandsutstillingen 2021(mai 8) 00:00 - (juni 6) 00:00

Om arr.
I perioden 8. mai til 6. juni - når Hardanger er på sitt vakraste - kan du gjerne legga turen til Øystese. Her kan du oppleva meir av alt det gode
Om arr.
I perioden 8. mai til 6. juni – når Hardanger er på sitt vakraste – kan du gjerne legga turen til Øystese.
Her kan du oppleva meir av alt det gode regionen har å by på, i form av den årlege Vestlandsutstillingen i Kunsthuset Kabuso.
Vestlandsutstillingen syner verk av kunstnarar som er tilknytt Vestlandet. Utstillinga turnerer vestlandsfylka og skal visa fram samtidskunst av høg kvalitet.
Årets utstilling
Ei rekkje kunstnararar med tilknyting til Vestlandet presenterer ulike uttrykk:
Kristina Aas / Karina Presttun, Kristin Austreid, Æsa Bjørk, Helene Førde, Mona Orstad Hansen, Tina Jonsbu, Tom Kosmo, Gabriel Johann Kvendseth, Cato Løland, Irene Nordli, Tovelise Røkke-Olsen, John K. Raustein, Siri Ekker Svendsen, Kristin Tårnesvik, Brynhild Grødeland Winther
Kuratert av Heidi Bjørgan
Historie
Vestlandsutstillingen er den eldste landsdelsutstillinga, og vart for fyrste gong vist på Bergen Kunstforening i 1922. Det har sidan byrjinga vore ei juryert gruppeutstilling med fri innsending.
I byrjinga bestod juryen av 5 kunstnarar som var valt av biletkunstnar-organisasjonane, men har sidan 1998 bestått av 1–3 inviterte kuratorar. Formålet med utstillinga er å arrangere ei årleg utstilling med verk av kunstnarar som har tilknytting til Vestlandet. Utstillinga skal vise fram samtidskunst av høg kvalitet som speglar den vestlandske kunstscena slik den føregår i lokale, nasjonale og internasjonale kontekstar ut mot resten av landet.
Vestlandsutstillingen er ei foreining som er eigd av sine medlemmer frå kunstnarorganisasjonane Bildende Kunstneres Forening Hordaland, Bildende Kunstneres Forening Møre og Romsdal, Bildende Kunstneres Forening Sogn og Fjordane, og Bildende Kunstneres Forening Rogaland, samt Kunsthuset Kabuso, Stiftelsen Kulturkvartalet, Kunsthall Stavanger, Haugesund Kunstforening, Kunstgarasjen og Sunnfjord Kunstlag.
Turneen vert støtta av fylkeskommunane Møre og Romsdal, Rogaland og Vestland
Tid
Mai 8 (Laurdag) 00:00 - Juni 6 (Sundag) 00:00
tys11mai19:00NY DATO: GAMALTNYMALT- rått og ekte, på fem-strengs hardingfeler19:00

Om arr.
Grunna smittevernrestriksjonar har konserten med Moldestad/Høgemo/Mjølsnes fått ny dato: Konserten er no planlagt for tysdag 11. mai kl 19. Om billettar: - Kjøpte billettar for 10. april gjeld på den nye datoen - Ynskjer
Om arr.
Grunna smittevernrestriksjonar har konserten med Moldestad/Høgemo/Mjølsnes fått ny dato:
Konserten er no planlagt for tysdag 11. mai kl 19.
Om billettar:
– Kjøpte billettar for 10. april gjeld på den nye datoen
– Ynskjer du refusjon for kjøpte billettar ta kontakt på post@kabuso.no
– Sjå Kabuso på ticketco.no for billettar til 11. mai
******
Landets råaste hardingfeletrio gjenoppstår – og du kan oppleva dei i Kabuso laurdag 11. mai kl 19!
Trioen som hadde sin oppvekst på folkemusikkinnsamlar Arne Bjørndal sitt arkiv i Bergen, og som fora seg på whiskymarinert pipetobakk og napoleonskake i pausane, er tilbake med nye tonar. Like intense, mørke og rå som den gong dei fekk Spellemannsprisen for si første (og til no, einaste) plate.
Dei er alle veletablerte musikarar:
Håkon Høgemo er ein av våre fremste hardingfeleutøvarar. Kjend for mange frå gruppa Utla med Karl Seglem og elles som soloutøvar og viktig læremeister for mange.
Sigrid Moldestad er kjend for både sine soloplater, sitt band og frå teaterscena, medan Einar Mjølsnes er tidlegare fylkesmusikar i Hordaland og har spelt på tallause plater og prosjekt i si karriere.
Saman danna dei ein trio med 5-strengs hardingfeler, inspirert av den gamle hardingfeletrioen Sigbjørn Bernhoft Osa, Eivind Groven og Alfred Maurstad som starta sitt samspel tidleg på 1930-talet.
Tid
(Tysdag) 19:00
Arrangør
Kabuso Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
Billettar på nett
>>> KjøpArr. på Facebook
>>> Sjekk utlau22mai12:00Bornas KabusoKreativ verkstad12:00

Om arr.
Laurdag 23. januar byr Kabuso på kreativ verkstad inspirert av verk frå den aktuelle utstillinga på huset: Vestlandsutstillingen 2021
Om arr.
Tid
(Laurdag) 12:00

Om arr.
Del to av utstillinga med kunstnarane Leander Djønne, Cecilia Jonsson, Pierre Lionel Matte og Ingri Haraldsen. Tekst: Tora Sanden Døskeland I samarbeid med Nordisk Kunstnarsenter Dale
Om arr.
Del to av utstillinga med kunstnarane Leander Djønne, Cecilia Jonsson, Pierre Lionel Matte og Ingri Haraldsen.
Tekst: Tora Sanden Døskeland
I samarbeid med Nordisk Kunstnarsenter Dale
Tid
Juni 19 (Laurdag) 00:00 - Sept 26 (Sundag) 00:00
Arrangør
Kabuso Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
lau02okt(okt 2)00:00sun03(okt 3)00:00AktteikningKurs00:00 (2) - 00:00 (3)

Om arr.
Helgekurs i aktteikning på Kabuso i Hardanger hausten 2021! I dette kurset får du høve til å teikna etter aktmodell. Å teikna etter levande modell er ei fantastisk, lærerik og utfordrande
Om arr.
Helgekurs i aktteikning på Kabuso i Hardanger hausten 2021!
I dette kurset får du høve til å teikna etter aktmodell. Å teikna etter levande modell er ei fantastisk, lærerik og utfordrande oppleving, som har vore ein sentral del av kunstutdanninga gjennom tidene. Målet er å undersøka kroppens haldningar og rørsler. Kurset er lagt opp som ein kombinasjon av teori og korte og lengre teikneøkter. Du får vegleiing og korrektur tilpassa ditt nivå.
Målgruppe: Alle. Nybyrjarar og erfarne teiknarar.
Instruktør: Marijke Strømmen.
Pris: 2800,-/3825,-*
*inkludert overnatting i enkeltrom med frukost på Hardangerfjord hotel
Lunsj, drikke og snacks er inkludert i prisen begge dagar.
Ta med papir og teiknesaker. Kan tingast ved påmelding for 350,-
Påmelding: karen@kabuso.no innan 17. september
>>> Sjå kursprogram for Hardanger og Voss museum pr. januar 2021
Tid
2 (Laurdag) 00:00 - 3 (Sundag) 00:00
Arrangør
Kabuso Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
Arr. på Facebook
>>> Sjekk utlau16okt(okt 16)00:00sun17(okt 17)00:00Friluft+teikningKurs00:00 - 00:00 (17)

Om arr.
I oktober er Hardanger på noko av sitt vakraste. Bli med kunstnar Wim van den Toorn ut i naturen med teikneblyant og blokk! På dette kurset skal ein jobba med teikning
Om arr.
I oktober er Hardanger på noko av sitt vakraste. Bli med kunstnar Wim van den Toorn ut i naturen med teikneblyant og blokk!
På dette kurset skal ein jobba med teikning i friluft. Å arbeida med friluftsteikning har lang tradisjon i kunsthistoria som til dømes i impresjonismen og nasjonalromantikken. Eksperimentering, undring og sansing står sentralt i arbeidsmetodane me skal utforska. Kurset vil vera ein kombinasjon av kreativ praksis ute i naturen, dialog og forelesingar om temaa kunst og natur.
Målgruppe: Alle. Nybyrjarar og erfarne teiknarar.
Instruktør: Wim van den Toorn.
Pris: 3500,-/4525,-*
*inkludert overnatting i enkeltrom med frukost på Hardangerfjord hotel
Lunsj, drikke,snacks og middag laurdag er inkludert i prisen.
Ta med papir og teiknesaker. Kan tingast ved påmelding for 350,-
Påmelding og spørsmål: karen@kabuso.no
Påmeldingsfrist 1. oktober
Tid
16 (Laurdag) 00:00 - 17 (Sundag) 00:00
Arrangør
Kabuso Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
Arr. på Facebook
>>> Sjekk utfre12nov19:00Voice & Strings & Timpani19:00

Om arr.
Kabuso er glade for å kunne presentere denne tidlegare korona-avlyste konserten; fredag 12. november kl 19! MARI KVIEN BRUNVOLL vokal, elektronikk EVA PFITZENMAIER vokal, keys, fløyte STEIN URHEIM gitar, effekter, langeleik STEPHAN MEIDELL gitar,
Om arr.
Kabuso er glade for å kunne presentere denne tidlegare korona-avlyste konserten; fredag 12. november kl 19!
MARI KVIEN BRUNVOLL vokal, elektronikk
EVA PFITZENMAIER vokal, keys, fløyte
STEIN URHEIM gitar, effekter, langeleik
STEPHAN MEIDELL gitar, elektronikk
KIM ÅGE FURUHAUG trommer, perkusjon
ØYVIND HEGG-LUNDE trommer, perkusjon
Voice & Strings & Timpani var opprinneleg eit bestillingsverk til Nattjazz, som endeleg har vorte foreviga i studio.
Musikken befinner seg på ein dogmefri stad kor synthar, franske gloser og draumedryssande gitarar dansar taktfast i ring på samtidsmusikkfest.
I november 2020 kom albumet “Voice & Strings & Timpani” på det velrenommerte selskapet Hubro til særs gode kritkkar.
All musikk er komponert av Stephan Meidell og Øyvind Hegg-Lunde, begge kjende frå blant anna Erlend Apneseth Trio og Building Instrument.
Dei har i ei årrekkje jobba saman i duokonstellasjonen Strings & Timpani, og denne gongen utvidar dei formatet med nokre av sine favorittmusikantar frå den eigenarta improvisasjonsscenen i Bergen.
Sjekk ut VST på YouTube:
Tid
(Fredag) 19:00