– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

.

Biografi

Ingebrigt Vik (1867-1927) vert rekna som ein av Noregs fremste bilethoggarar. Han vaks opp i Øystese og byrja med treskjering i møbelverkstaden til faren. Vik utdanna seg først som handverkar, seinare som kunstnar i Bergen, København og Paris. Saman med ein partnar dreiv han Norsk Takrosetfabrik i Bergen, som raskt vart ein suksess. Då tidene skifta og byggebransjen stilna, selde han sin del og vart kunstnar på heiltid.

Vik fekk raskt merksemd og fleire stipend som gjorde det mogeleg å reisa ut og busetja seg i Paris. Der nytta han musea, særleg Louvre, til sjølvstudiar. Av dei tidlege verka er Arbeideren, det første han fekk støypt i bronse. Frå atelieret sitt i Paris skapte han skulpturar etter modell – med stort nærvær og sensitivitet. Klassisk skulptur og samtidige bilethoggarar som naturalisten August Rodin, prega utviklinga hans som kunstnar. Frå tida i Paris stammar fleire fine studiar av kvinner, mellom anna Gammel kone som vart kjøpt inn av Nasjonalmuseet. Skildringa av ein ung mann, Ynglingen (1913) vert rekna som eit hovudverk innan norsk skulptur.

Vik hevda seg i fleire store nasjonale konkurransar og fekk heiderleg omtale, og fleire innkjøp og medaljar internasjonalt, mellom anna for Ung mor (gull, München 1910). Vik var og ein av stiftarane av Kunstnerforbundet i Oslo.

Ingebrigt Vik museum stod ferdig i 1934 og vart reist for å husa skulpturane Vik testamenterte til heimbygda. Blant Vik sine offentlege verk finn ein statuen av komponisten Edvard Grieg (1917) og Ynglingen i Bergen – og skulpturar av Vik er representerte ved fleire samlingar og kunstinstitusjonar, m.a.  i det nye Nasjonalmuseet i Oslo.

Skrive av Vik:

«Som sedvanlig er det livets vår og livets høst jeg befatter meg med, dog nærmest våren. Det er jo at skildre menneskets karakter og vesen der interesserer mig, intet annet.»

«Jeg er ikke anlagt for symbolisme og alt sånt skitt. Jeg holder meg til naturen min, det gjelder jo å finne sin plass.»