– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Om oss

Kunsthuset i Hardanger

Kunsthuset Kabuso opna dørene i 2006. Huset er bygd som Hordaland fylke sin tusenårsstad og vart same år ein del av det konsoliderte Hardanger og Voss museum.

Kabuso skal vera ein møteplass for alle – ein stad for dei gode kunstopplevingane.

I Kabuso sitt tilbod finn ein og det permanente kunstverket Hardanger Skyspace og skulptursamlinga Ingebrigt Vik museum frå 1934.

Kabuso er eit aktivt hus med program heile året:
Konsertar, omvisingar og eit eige barneprogram er mellom det du kan oppleva.
Her finst også ein kafé og ein gåvebutikk vår som held ope i Kabuso sine opningstider.
Lokale av ulik storleik og utrusting kan og leigast for private arrangement.

Velkomen til Kunsthuset Kabuso!

_____

Kabuso skal med bakgrunn i fortida spegla samtida og vera ein møteplass for alle. Kabuso skal vera eit senter der kunst- og kulturytringar vert formidla på eit profesjonelt nivå, og der kunsten kan fungera som ein dialog mellom Noreg og verda ute.