– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Ledige stillingar

Kabuso og Ingebrigt Vik museum er ein kunstinstitusjon som har ope heile året med varierande kunstutstillingar, konsertar og publikumsarrangement. Kabuso har i tillegg eigen kafé og butikk.

Frå medio juni 2026, har Kabuso ledig fast 24,3% stilling i kafé/resepsjon. I tillegg vil arbeidet også omfatte publikumsarrangement.

Kabuso ser etter den som har kunnskap og interesse for kunst og musikk, og evner å formidle på norsk og engelsk. Du må beherske grunnleggande digitale verktøy, ha gode samarbeidsevner og like å arbeide med publikum.

Arbeidet er fordelt på vaktplan med fast arbeid kvar tredje helg, frå fredag til sundag, i løpet av året.
For sommarsesong kommer i tillegg tre vekers arbeid tilsvarande full stilling. Samla for året, utgjer dette 24,3% stilling.

Det er ein fordel med erfaring frå tilsvarande arbeid eller verksemd, men ikkje noko krav!

Kabuso tilbyr eit triveleg og godt arbeidsmiljø, løn etter avtale, gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og velferdsordningar.

Kontaktperson: Avdelingsleiar Sissel Lillebostad, sissel@kabuso.no

Send søknad til: personal@hvm.museum.no
Søknadsfrist: 8. mai 2026