– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Ingebrigt Vik museum

tVegg i vegg med Kabuso ligg museet som rommar bilethoggar Ingebrigt Vik (1867-1927) sine arbeid.

Kunstnaren testamenterte samlinga til heimbygda Øystese, og museet vart det første reine skulpturmuseet på den norske landsbygda då det opna dørene i 1934. Museet i den særmerkte åttekanta bygningen inneheld verk av Vik i bronse, gips, leire og marmor – frå skisser til signerte verk.

Vik er kjend for si stillferdige og presise skildring av menneskekroppen, med undertonar av melankoli. I første del av 1900-talet var han ein av dei fremste bilethoggarane i landet, og skulpturane vart premiert då dei vart stilte ut i Paris, kor han budde gjennom fleire år.

Skulpturane til Vik finst i fleire større kunstsamlingar, som Nasjonalmuseet og Kode Bergen. Portrettstatua Edvard Grieg (1917) står i Byparken i Bergen, medan Ynglingen (1913) er å finna i Teaterparken i same by.

Opplev skulpturane tett på i Ingebrigt Vik museum!
Vend deg til resepsjonen i Kabuso om døra er stengt.
Du og sjå filmen Han skapte liv (26 min.)

 

>>> BROSJYRE INGEBRIGT VIK MUSEUM (PDF til visning/nedlasting)

 

>>>