Arkiv
UTSTILLINGAR
Arr.type:
Utstilling
Utstilling
Alle
Aktivitet
Arrangement
For familien
Konsert
Kurs
Undervisning
Arrangør:
Kabuso
Kabuso
Alle
Agatunet
Borgstova
Granvin bygdetun
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger folkemuseum
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Skredhaugen
Storeteigen
Voss folkemuseum
tys28nov00:00Hardanger Skypace av James TurrellLysverket ved Hardangerfjorden00:00

Om arr.
2 gongar i døgeret, 365 dagar i året: Lysverket Hardanger Skyspace av den amerikanske kunstnaren James Turrell er tilgjengeleg for lysvisningar to gongar i døgeret: Kring soloppgang eller solnedgang - du vel
Om arr.
2 gongar i døgeret, 365 dagar i året:
Lysverket Hardanger Skyspace av den amerikanske kunstnaren James Turrell er tilgjengeleg for lysvisningar to gongar i døgeret:
Kring soloppgang eller solnedgang – du vel etter eige ynskje.
Slik gjer du det:
- Kjøp billettar på nett – her ligg også dei aktuell tidspunkta
- Møt opp i resepsjonen på Hardangerfjord hotell like før oppgitt tidspunkt. Der vil du få utlevert nøkkel og eit infoskriv om lysverket. Adresse: Hardangerfjordvegen 613, Øystese
- Du låser sjølv opp lysverket like ved (50 meter frå resepsjonen). Set/legg deg til rette og nyt. Adresse: Hardangerfjordvegen 619, Øystese
Praktisk info:
- Kle deg som for å vera ute
- Du får låna pledd og sitjeunderlag. Ha gjerne med nakkepute om ynskjeleg.
- Etter visning: Døra har smekklås – du lukkar deg ut sjølv og leverer nøkkelen til hotellet.
- Det er elles mogeleg å vitja Hardanger Skyspace i Kabuso si opningstid (utan lysvisning) med gyldig utstillingsbillett.
Tid
(Tysdag) 00:00
Billettar på nett
>>> Kjøp
Om arr.
Hausten 2023 kan du oppleva ein installasjon av Amber Ablett i foajeen i Kabuso. Installasjonen er sett saman av foto og tankekart, utdrag frå samtalar, bibliotek med bøker og essays, samt
Om arr.
Hausten 2023 kan du oppleva ein installasjon av Amber Ablett i foajeen i Kabuso.
Installasjonen er sett saman av foto og tankekart, utdrag frå samtalar, bibliotek med bøker og essays, samt eit miljø for ro og avslapping.
Opplev utstillinga i perioden 7. oktober- 26. november 2023
Om prosjektet Hvileåret: Hvile, vekst og aktivisme
Prosjektet er eit fleirårig, deltakande og kunstnarisk forskingsprosjekt leia av kunstnaren Amber Ablett. Prosjektet vart bestilt av Kunsthuset Kabuso og utvikla for Storeteigen bygdetun som ein stad for samling, felleskap, undersøking og kvile. Som forskingsprosjekt har Hvileåret sett søkelys på kvile innafor aktivisme, frigjering og sosialt arbeid og lagt til rette for workshops, lengre opphald for fagpersonar og kollektiv tenking.
Kvile vert ei handling av motstand i eit samfunn som kontant ignorerer, avviser, bagatelliserar og undertrykker erfaringar menneske har. For dei som kjempar for sin eksistens, er opplevinga av å bli overvelda og utmatta gjerne noko som gjer berekraftig handling umogleg.
Medforskarar i prosjektet:
Ro Averin (ho/henne), Equity and Social Justice Educator, konsulent og skribent
Eva Rowson (ho/henne), kunstnar, kurator og dagleg leiar i Bergen Kjøtt
Isak Bradley (han/han), kunstnar og styreleiar i Pasientorganisasjonene for kjønnsinkongruens
Vikram Kolmanskog (han/han), skribent, formidlar og professor i gestaltpsykoterapi
Tid
Okt. 7 (Laurdag) 00:00 - Nov. 26 (Sundag) 00:00
Arrangør
Kabuso Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

Om arr.
Kunstnar Janicke Schønning arbeider ute, under open himmel, gjennom alle årstider. Ho har i meir enn ti år
Om arr.
Kunstnar Janicke Schønning arbeider ute, under open himmel, gjennom alle årstider. Ho har i meir enn ti år utforska korleis vær og natur verker på og saman med tusj og vassfarger på papir og lerret, frå sitt utandørs atelier i Nordmarka utanfor Oslo. Naturkreftene samhandlar med dei ulike materiala, blekk, pigment, og gouache på papir og lerret.
Teikningane og maleria blir til i dialog med elementa, ein prosess der ho berre delvis har kontroll. Sniglar har vandra over arka, regnvatn har dansa med tusjen, lauv har visna over teikningane og sopp har sett avtrykk på lerreta. Lerret og papir har trokke til seg vinterslaps og skiftande halvmørke over fjorden, soge inn skarpt vårlys mellom eldgamle eiketre og vatn ausande ned mellom vindkasta.
I arbeidet med utstillinga har Schønning vitja Hardanger fleire gonger, og overgangen frå den tette granskogen i Nordmarka til bratte bakkar og blåskimrande fjord, har verka inn – både på motiv og fargepalett. Til utstillinga i Kabuso har ho arbeidd med vatn og korleis væska set spor.
Opplev utstillinga i perioden 1. juli til 17. september
Tid
Juli 1 (Laurdag) 00:00 - Sept 17 (Sundag) 00:00
Arrangør
Kabuso Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
Billettar på nett
>>> KJØP
Om arr.
I perioden 13. mai til 11. juni kan du sjekka ut Vestlandsutstillingen 2023 hos oss i Øystese. Vestlandsutstillingen er ei årleg utstilling med verk av kunstnarar som har tilknytting til Vestlandet.
Om arr.
I perioden 13. mai til 11. juni kan du sjekka ut Vestlandsutstillingen 2023 hos oss i Øystese.
Vestlandsutstillingen er ei årleg utstilling med verk av kunstnarar som har tilknytting til Vestlandet. Utstillinga skal vise fram samtidskunst av høg kvalitet som speglar den vestlandske kunstscena slik den føregår i lokale, nasjonale og internasjonale kontekstar ut mot resten av landet.
Årets utstilling:
Deltakande kunstnararar:
Victor Guzman, Robert Carter, Karl Ingar Røys,
Daniela Bergschneider, Grethe Unstad, Kristine Sandøy,
Masoud Alireza, Klara Sofie Ludvigsen, Christopher Jonassen,
Bent Erik Myrvoll, Vilde Salhus Røed, Eleonore Griveau,
Marit Helen Akslen, Magnhild Opdøl
Kurator: Heidi Rødstøl
Historie
Vestlandsutstillingen er den eldste landsdelsutstillinga, og vart for fyrste gong vist på Bergen Kunstforening i 1922. Det har sidan byrjinga vore ei juryert gruppeutstilling med fri innsending.
I byrjinga bestod juryen av 5 kunstnarar som var valt av biletkunstnar-organisasjonane, men har sidan 1998 bestått av 1–3 inviterte kuratorar. Formålet med utstillinga er å arrangere ei årleg utstilling med verk av kunstnarar som har tilknytting til Vestlandet. Utstillinga skal vise fram samtidskunst av høg kvalitet som speglar den vestlandske kunstscena slik den føregår i lokale, nasjonale og internasjonale kontekstar ut mot resten av landet.
Vestlandsutstillingen er ei foreining som er eigd av sine medlemer frå kunstnarorganisasjonane:
Bildende Kunstneres Forening Hordaland, Bildende Kunstneres Forening Møre og Romsdal, Bildende Kunstneres Forening Sogn og Fjordane, og Bildende Kunstneres Forening Rogaland. Også Kunsthuset Kabuso, Stiftelsen Kulturkvartalet, Kunsthall Stavanger, Haugesund Kunstforening, Kunstgarasjen og Sunnfjord Kunstlag.
Turneen vert støtta av fylkeskommunane Møre og Romsdal, Rogaland og Vestland
>>> Les utstilingstekst på Vestlandsutstillingen si nettside
>>> Sjå nettstaden til Vestlandsutstillingen
Tid
Mai 13 (Laurdag) 00:00 - Juni 11 (Sundag) 00:00

Om arr.
Årets første hovudutstilling i Kabuso syner verk av Rita Marhaug & Terese Longva. Dei har gjennom ei årrekkje vore opptekne av energi og ressurshandsaminga i kulturen vår og søkt
Om arr.
Årets første hovudutstilling i Kabuso syner verk av Rita Marhaug & Terese Longva. Dei har gjennom ei årrekkje vore opptekne av energi og ressurshandsaminga i kulturen vår og søkt å gje dette poetiske, visuelle uttrykk.
I utstillinga Røynd og kjensle på Kabuso viser dei fram engasjementet sitt og nokre av dei mange paradoksa den einskilde medborgar møter i kvardagen og den uendelege rekkja av verdival som følgjer. Begge kunstnarane nyttar kroppen som uttrykk for ambivalens og dissonans i skildringane sine av makt og avmakt.
Utstillinga er sett saman av video, fotografi, performance og installasjonar.
Støtta av Kunstsentrene i Norge – Regionale prosjektmidlar
Jugendsenteret & KUBE er medprodusent av verket Havland uten kyst
Tid
Januar 28 (Laurdag) 00:00 - April 23 (Sundag) 00:00
Arrangør
Kabuso Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
lau28jan(jan 28)00:00sun23apr(apr 23)00:00Anne-Lise StensethUtstilling00:00 - (april 23) 00:00

Om arr.
Anne-Lise Stenseth viser prosjektet Av Helene (2017 – 2023) i årets første foajéutstilling i Kabuso. Utstillinga viser filmatiske arbeid og publikasjonar som tar utgangspunkt i levetid, livsverk, omstende og opplysningar om
Om arr.
Anne-Lise Stenseth viser prosjektet Av Helene (2017 – 2023) i årets første foajéutstilling i Kabuso.
Utstillinga viser filmatiske arbeid og publikasjonar som tar utgangspunkt i levetid, livsverk, omstende og opplysningar om den austerrikske filosofen og forfattarinna Helene von Druskowitz (1856 -1918).
Utstillinga opnar 28. januar og kan opplevast t.o.m. 23. april.
Støtta av Billedkunstnernes vederlagsfond, Kulturrådet og Kunstsentrene i Norge – Regionale prosjektmidler
Tid
Januar 28 (Laurdag) 00:00 - April 23 (Sundag) 00:00

Om arr.
Elevar i visuelle kunstfag ved Kvam kulturskule stiller ut arbeid frå hausten. Utstillinga vert offisielt opna 10. desember kl. 11.30. Denne hausten har elevane jobba mykje med ulike former for avtrykk,
Om arr.
Elevar i visuelle kunstfag ved Kvam kulturskule stiller ut arbeid frå hausten. Utstillinga vert offisielt opna 10. desember kl. 11.30.
Denne hausten har elevane jobba mykje med ulike former for avtrykk, både avtrykk av eigne motiv, men óg avtrykk av til dømes blad eller bobleplast. Dei set spor etter seg i bileta. I tillegg til trykk inneheld utstillinga keramikk og måleri. I foajeen i Kabuso til og med 18. desember.
Tid
10 (Laurdag) 11:30 - 18 (Sundag) 16:00
Arrangør
Kabuso Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
lau01okt00:00fre30des(des 30)00:00Fjordmelk JordtåkeUtstilling(okt. 1) 00:00 - (desember 30) 00:00

Om arr.
Utstillinga Fjordmelk Jordtåke er eit samarbeid mellom Stine Gonsholt og Åse Løvgren og gruppa Skifte.Land, som er sett saman av Malin Lobell, Frøydis Lindén og Sidsel Bonde. Kunstnarane har
Om arr.
Utstillinga Fjordmelk Jordtåke er eit samarbeid mellom Stine Gonsholt og Åse Løvgren og gruppa Skifte.Land, som er sett saman av Malin Lobell, Frøydis Lindén og Sidsel Bonde. Kunstnarane har over tid undersøkt landskapet kring Øystese og Hardangerfjorden med ulike målestokkar. Dei har observert, segla, omarbeidd data og reflektert. Dei har òg invitert andre til å bidra. Verka som vert vist speglar desse ulike prosessane.
Arbeidet Bakkeobservasjoner av Stine Gonsholt er omarbeidde kart som viser dei hydrologiske forholda i landskapet. Åse Løvgren har arbeidd med 3D-modellar av mose og lav frå Øystesevassdraget. I tillegg viser Løvgren og Gonsholt ein tre-kanals videoinstallasjon: The Universal Machine som mellom anna fortel om vervarselet si rolle under utviklinga av datamaskina
Støtta av Norsk kulturråd, Bergen kommune, BEK – Bergen senter for elektronisk kunst og Bildende kunstneres hjelpefond.
Som del av utstillinga inviterte Skifte.Land i september til eit seglande symposium, (F)jorden. Hardangerjakta Mathilde vart lasta med kunstnarar, forskarar, fagfolk og frukt for reisa frå bygdene i indre Hardanger til Bergen by. Deltakarane på (F)jorden viser i utstillinga verk dei har utvikla undervegs, og som reflekterer dei sentrale spørsmåla i symposiet – mat, historie, kunst og spørsmål kring korleis eit framtidig grønt og blått skifte kan gjerast mogleg. Jakta Mathilde er tungt tilstade som teikning i 1:1. Andre spor frå symposiet finn me som film og objekt. Utstillinga får òg eit påfyll av kunstverk undervegs, og med det kjem nye inntrykk til og sett utstillinga i rørsle.
(F)jorden-deltakarar:
Sabine Popp, Anna Liljedal, Ingela Ihrmann, Bobrikova & de Carmen, Peter Dean, Jonas Bentzer, Sara Nielsen Bonde, Marie Skeie, Hannes Norr, Inger Valeur, Håkan Wallander, Hanne Frosta og gruppa (p)Art of the Biomass med Janna Holmstedt, Karin Wegsjö og Malin Lobell.
Støtta av Vestland fylkeskommune, Billedkunstnernes vederlagsfond, Regionale midler frå kunstsentrene i Norge og Nordisk kulturfond.
Tid
Okt. 1 (Laurdag) 00:00 - Desember 30 (Fredag) 00:00
Arr. på Facebook
>>> Sjekk utlau01okt00:00sun04des(des 4)00:00Folk & DyrInstallasjon(okt. 1) 00:00 - (desember 4) 00:00

Om arr.
Frå 1. oktober viser Kabuso ein installasjon med lyttestasjon i foajéen. Denne er knytt til podcasten Folk & Dyr ved Yngvild Færøy og Søssa Jørgensen. Våren 2022 reiste dei rundt
Om arr.
Frå 1. oktober viser Kabuso ein installasjon med lyttestasjon i foajéen. Denne er knytt til podcasten Folk & Dyr ved Yngvild Færøy og Søssa Jørgensen.
Våren 2022 reiste dei rundt i øykommunen Solund, lengst vest i Vestland, og stilte desse spørsmåla:
Kva kan dyr fortelje oss om verda – og om oss sjølv? Korleis er dyr ein del av livsgrunnlaget så langt frå fastlands-Noreg?
Folk & Dyr er eit kunstprosjekt i live-radio- og podkastformat av Yngvild Færøy og Søssa Jørgensen. Det starta i Skiptvet i Østfold i 2017. Sidan har dei besøkt Sørenga og Salten, Bergen og Harstad. Saman med folk med lidenskap for dyr, utforskar dei spørsmåla om kva samspelet med dyr fortel oss:
Kva slags dyr vel me å ha tett innpå oss? Korleis vert dyra påverka av aktivitetane våre?
Om kunstnarane
Yngvild Færøy og Søssa Jørgensen er kunstnarar med bakgrunn frå mellom anna radiOrakel og lydkunstkollektivet BallongMagasinet. Tidligare produksjonar inkluderar samarbeid med NRK, Høstutstillingen, Galleri F 15, Konsthall C i Stockholm og Festspillutstillingen i Harstad.
I dei ulike episodane vert me betre kjend med folke- og dyrelivet på øyane.
Live Radio i Kabuso: Bli med som tilhøyrar under Folk&Dyr live radio i Kabuso – sundag 23. oktober kl 15.
Tid
Okt. 1 (Laurdag) 00:00 - Desember 4 (Sundag) 00:00
fre12aug(aug 12)00:00HvileåretAmber Ablett(aug. 12) 00:00

Om arr.
Høyrt om Hvileåret - hvile, vekst og aktivisme? Dette er eit 18-månadars prosjekt knytt til Storeteigen bygdetun. Bak prosjektet står kunstnaren Amber Ablett og gjennom prosjekt-perioden vil du få høve
Om arr.
Høyrt om Hvileåret – hvile, vekst og aktivisme?
Dette er eit 18-månadars prosjekt knytt til Storeteigen bygdetun. Bak prosjektet står kunstnaren Amber Ablett og gjennom prosjekt-perioden vil du få høve til å oppleva lydverk, delta på workshop og høyra samtalar med inviterte gjester.
Prosjektet vil utforska kva me kan læra om kvila si rolle som verktøy for vekst ved å sjå til tradisjonelle jordbruksteknikkar.
Prosjektet samlar aktivistar, allierte og den breiare offentlegheita for å tenka saman om kvile som ein aktiv tilstand.
Hvileåret er kuratert av Kunsthuset Kabuso og støtta av Norsk kulturråd
>>> Arrangement og utstillingar finn du her
Tid
Aug. 12 (Fredag) 00:00

Om arr.
Den etiopiske kunstnaren Tamrat Gezahegne viser ein installasjon i foajéen i Kabuso frå 25. juni til og med 25. september. >>> Sjå nettsida til Gezahegne
Om arr.
Den etiopiske kunstnaren Tamrat Gezahegne viser ein installasjon i foajéen i Kabuso frå 25. juni til og med 25. september.
Tid
Juni 25 (Laurdag) 00:00 - Sept 25 (Sundag) 00:00

Om arr.
Årets sommarutstilling i Kabuso er ved Tom Kosmo og vert vist i til og med sundag 18. september. Kosmo byr på ei stadstilpassa utstilling for Kabuso - med veggmaleri, teikningar og
Om arr.
Årets sommarutstilling i Kabuso er ved Tom Kosmo og vert vist i til og med sundag 18. september.
Kosmo byr på ei stadstilpassa utstilling for Kabuso – med veggmaleri, teikningar og skupturar.
Den kunstnarlege verda hans balanserar mellom presis realisme og overskridande fantasi, lokalisert i rom der malte landskap opptrer som scenografisk bakteppe både for betraktaren og dei øvrige verka.
Tom Kosmo har ei lang rekkje utstillingar bak seg ved mellom anna KODE , Nordnorsk kunstmuseum, Haugesund kunstforening og Norske grafikere
>>> Sjå nettstaden til kunstnaren
Tid
Juni 25 (Laurdag) 00:00 - Sept 18 (Sundag) 00:00
Billettar på nett
>>> KJøplau11jun00:00Nyopning: Ingebrigt Vik museumSkulptur00:00

Om arr.
Velkomen til opning av ny utstilling i Ingebrigt Vik museum laurdag 11. juni kl 14 (merk endra dato)! Opplev ei ny basisutstilling kor Ingebrigt Vik sin skapande praksis vert sett i
Om arr.
Velkomen til opning av ny utstilling i Ingebrigt Vik museum laurdag 11. juni kl 14 (merk endra dato)!
Opplev ei ny basisutstilling kor Ingebrigt Vik sin skapande praksis vert sett i samanheng med tida han virka i.
Utstillinga skal visa fleire verk og nye sider ved kunstnaren.
Opning v/Stian Davies, leiar hovudutval for kultur, idrett og integrering i Vestland fylkeskommune.
Musikalsk innslag ved Frode Skag Storheim
Gratis inngang i opningshelga
Tid
(Laurdag) 00:00

Om arr.
I perioden 7. mai til 5. juni kan du vitja ei 100-års jubileumsutstilling i Kabuso - bli med å feira Vestlandsutstillingen! Vestlandsutstillingen syner verk av kunstnarar som er tilknytt Vestlandet. Utstillinga
Om arr.
I perioden 7. mai til 5. juni kan du vitja ei 100-års jubileumsutstilling i Kabuso – bli med å feira Vestlandsutstillingen!
Vestlandsutstillingen syner verk av kunstnarar som er tilknytt Vestlandet. Utstillinga turnerer vestlandsfylka og skal visa fram samtidskunst av høg kvalitet. Og i år vert verka laga serskilt for visningsstaden.
Årets utstilling:
Deltakande kunstnararar:
Cecilia Jonsson / Christoffer Eide / Dominique Hurth / Erin Sexton / Henrik Koppen / Icaro Zorbar / Jasmine Børresen / Kari Hjertholm / Kobie Nel / Joel Danielsson & Louise Öhman / Mathijs van Geest / Serina Erfjord / Stacy Brafield / Susanne Steen Christensen / Tora Endestad Bjørkheim
Stadsspesifikt verk for Kabuso ved Petra Dahlström
Kurator: Espen Johansen
Frå utstilingsteksten:
«Vi har jobba mykje med å diskutere kva ei landsdelsutstilling som Vestlandsutstillingen er, og det faktum at den fyller hundre år i 2022. Kva for symbolikk ligg i eit hundreårsjubileum? Slike runde tal vert ofte tolka som ein invitasjon til å oppsummere det som har vore, og komme med spådomar for det som skal kome. I staden for berre å feire Vestlandsutstillingen som institusjon ønskjer vi å snu blikket innover mot sjølve markeringa (og i grunnen alle slike former for markeringar); for kvifor er det eigentleg så viktig å einast om historia, og kva rolle spelar kunsten i slike samanhengar?
Forumet for det offentlege ordskiftet er ikkje lenger på torg eller i rådhus, ikkje nødvendigvis på TV eller i avisene heller, men i aukande grad på nett gjennom uredigerte, lett manipulerte, sosiale medier. Kva betyr det offentlege rom i dag og kva potensial ligg det i kunsten som kommunikasjonsmetode i vårt medialiserte samfunn?
Ordet monument kjem frå det greske ordet mnemosynon og det latinske ordet monere, som betyr «å minnast», «å rådgje» eller «å advare», som impliserer at monument kan hjelpe oss å forstå fortida og føreseie framtida. Historisk sett har kunst blitt brukt til å visualisere all verdas hendingar og prominente individ og slik sementere visse forteljingar. Med monumentet som utgangspunkt reiser utstillinga spørsmål om førestillingane ein har til kunst i det offentlege som bidragsytar til ein slags kollektiv hukommelse. Kanskje er eitkvart monument dømt til å feile dersom ein har slike urealistiske forventningar til kva det skal oppnå. Ved å gje rom til små og personlege historier, trekkje fram kollektive prosessar, eller fremje handverk og materielle utforskingar, ønskjer vi å reflektere over kva for forteljingar vi omgjev oss med og kva inntrykk vi blir påverka av i det daglege, og kor vidt kunsten kan utgjere eit alternativ. Difor freistar ikkje utstillinga korkje å stadfeste eller tydeleggjere definisjonen av eit monument, men snarare å komplisere, utvide eller oppløyse omgrepet. Fordi kunsten trengs ikkje til å formidle ei sanning, men kanskje kan den så tvil om slike forenklingar og i staden minne oss på at det kan vere fleire.»
Historie
Vestlandsutstillingen er den eldste landsdelsutstillinga, og vart for fyrste gong vist på Bergen Kunstforening i 1922. Det har sidan byrjinga vore ei juryert gruppeutstilling med fri innsending.
I byrjinga bestod juryen av 5 kunstnarar som var valt av biletkunstnar-organisasjonane, men har sidan 1998 bestått av 1–3 inviterte kuratorar. Formålet med utstillinga er å arrangere ei årleg utstilling med verk av kunstnarar som har tilknytting til Vestlandet. Utstillinga skal vise fram samtidskunst av høg kvalitet som speglar den vestlandske kunstscena slik den føregår i lokale, nasjonale og internasjonale kontekstar ut mot resten av landet.
Vestlandsutstillingen er ei foreining som er eigd av sine medlemer frå kunstnarorganisasjonane:
Bildende Kunstneres Forening Hordaland, Bildende Kunstneres Forening Møre og Romsdal, Bildende Kunstneres Forening Sogn og Fjordane, og Bildende Kunstneres Forening Rogaland. Også Kunsthuset Kabuso, Stiftelsen Kulturkvartalet, Kunsthall Stavanger, Haugesund Kunstforening, Kunstgarasjen og Sunnfjord Kunstlag.
Turneen vert støtta av fylkeskommunane Møre og Romsdal, Rogaland og Vestland
Foto Maya Økland
Tid
Mai 7 (Laurdag) 00:00 - Juni 5 (Sundag) 00:00

Om arr.
Den første utstillinga i Kabuso i 2022 opnar 12. februar med nær heile samlinga etter Ingebrigt Vik. Skulpturane vert viste i lag med videoverk av ein kinesisk samtidskunstnar, Li Binyuan. Utstillinga er
Om arr.
Den første utstillinga i Kabuso i 2022 opnar 12. februar med nær heile samlinga etter Ingebrigt Vik.
Skulpturane vert viste i lag med videoverk av ein kinesisk samtidskunstnar, Li Binyuan.
Utstillinga er ei moglegheit til å sjå mange lite kjente, og lite viste, verk av Vik – både skisser, modellar og teikningar, som han testamenterte til Øystese ungdomslag på slutten av 1920-talet.
Den djupe humanismen og følsame skildringa han er kjend for, vert i denne utstillinga sett i lag med ein ung kunstnar som og er oppteken av mennesket sine livsvilkår.
Li Binyuan lagar korte filmar frå aksjonar og hendingar han skapar, og som er skildra med mykje humor og til dels desperat gjennomføringsvilje.
>>> Publikumstekst
Tid
Feb. 12 (Laurdag) 00:00 - April 16 (Laurdag) 00:00

Om arr.
Frå 12. februar kan du oppleva den internasjonale utstillinga Double Vision presentert av International Print Exchange Program (IPEP). IPEP India er eit nonprofit initiativ, kor kunstnarar over heile verda som
Om arr.
Frå 12. februar kan du oppleva den internasjonale utstillinga Double Vision presentert av International Print Exchange Program (IPEP).
IPEP India er eit nonprofit initiativ, kor kunstnarar over heile verda som arbeider med grafikk deler arbeidet sitt med kvarandre. IPEP styrkar nettverket blant grafikarar og skapar medvit om originalgrafikk som ein kunstform blant sjåarane.
Om utstillinga:
I medisinske termar er dobbeltsyn, eller diplopi, ein tilstand kor ein person ser to bilete av eit enkelt objekt.
Resultatet er, uansett årsak, å sjå eit uskarpt eller dobbelt bilete – originalen og spøkelset til originalen. Ei kviskring eller eit skuggefullt spøkelse av den opprinnelege forma som forvrenger oppfatninga til betraktaren, og forvekslar det som eigentleg er der med det som ikkje er der.
I film og litteratur fungerer dobbeltsyn i staden som ein vanleg narrativ teknikk som lar publikum utforske fleire synspunkt frå ein enkel ståstad. Bruken av det dobbelte har gjort det mogeleg å bevege seg fritt mellom røynda i den vanlege verda og fantasmen til den førestilte.
Trykking som prosess er heller ikkje framand for den intensjonelle dualismen. Overføringa av eit biletet frå plate til papir; påføring av eit enkelt bilete gjennom fleire lag; og den tilsikta feilregistreringa av det trykte biletet for å skape eksperimentelle utfall, er alle triks som er ibuande i dei kreative trykka og som nyttast til å skape både visuell og narrativ djupn.
For 2020-utgåva av IPEP, International Print Exchange Program, India, vert Double Vision presentert som både ein konseptuell og teknisk provokasjon som inviterer til leikne svar i jakta på eins indre dyade*.- Sitara Chowfla, kurator IPEP India 2020.
* Dyade betyr to einingar (for eksempel to personar) sett under eitt, som ein heilskap.
Judith Elisabeth de Haan er biletkunstnar som i hovudsak jobbar med grafikk, bur i Kvam og jobbar i kunstnarhuset Messen i Ålvik. Ho deltek med eit trykk i «Double Vision».
>>> Publikumstekst
Tid
Feb. 12 (Laurdag) 00:00 - April 16 (Laurdag) 00:00

Om arr.
I perioden frå 9. oktober til 2. januar 2022 viser Kabuso utstillinga På leit mellom plikt og fridom - Hardanger - & Co Kunstnargruppa -& Co. er sett saman
Om arr.
I perioden frå 9. oktober til 2. januar 2022 viser Kabuso utstillinga På leit mellom plikt og fridom – Hardanger – & Co
Kunstnargruppa -& Co. er sett saman av Jens Hamran, Patrik Entian og Aleksi Wildhagen – og dei tre målarane arbeider hovudsakleg utandørs. I utstillinga På leit mellom plikt og fridom -Hardanger -& Co., viser dei måleriske resultat frå tre reiser til Hardanger, supplert med teikning og fotografi. Dei tre Hardanger-etappane blei gjennomført i 2020-21, først i desember, då det var kaldt og mørkt, seinare i juni då grønska var intens – og til sist i september, då hausten stod for døra.
Kunstnarane har vitja Storeteigen, Fitjadalen, Ålvik, Fyksesund, Børve i Sørfjorden, samt skulpturparken til Ingebrigt Vik museum.
I utstillinga inngår òg eit video og måleri-samansurium frå to måleøkter ved regjeringskvartalet i Oslo, rett og slett for å trekkje makta sine tindar inn på scena.
Utstillinga er støtta av:
Norsk kulturråd
Billedkunstnernes Vederlagsfond
Les meir:
>>> Om -& Co
>>> Jens Hamran
>>>Patrik Entian
>>> Aleksi Wildhagen
Tid
Okt. 9 (Laurdag) 00:00 - Januar 2 (Sundag) 00:00

Om arr.
«Styrlause prosessar» er eit samarbeid mellom Nordisk Kunstnarsenter Dale, (NKD) og Kunsthuset Kabuso. Prosjektet er sett saman av to utstillingar på Kabuso, 2020 og 2021, og eit tre månader
Om arr.
«Styrlause prosessar» er eit samarbeid mellom Nordisk Kunstnarsenter Dale, (NKD) og Kunsthuset Kabuso. Prosjektet er sett saman av to utstillingar på Kabuso, 2020 og 2021, og eit tre månader langt arbeidsopphald på NKD, Dalsåsen, sommaren 2020.
Kunstnarane som deltek er Cecilia Jonsson, Pierre Lionel Matte, Ingri Haraldsen, Leander Djønne og ein forfattar; Tora Sanden Døskeland.
Kurator for utstillingane er Sissel Lillebostad, Kabuso, i samarbeid med Arild H. Eriksen, NKD.
Om kunstnarane:
Leander Djønne (1981) har ein produksjon som omfattar skulptur, film og dikt, med utstillingar på UKS Oslo, Landings, EL Parche Bogota, Astrup Fearnley Museum og Hannover Kunstverein. Djønne er utdanna ved Kunstakademia i Oslo, Bergen og Malmö, samt Staedelschüle Frankfurt am Main.
Tora Sanden Døskeland (1992) er utdanna ved Universitetet i København og Skrivekunstakademiet i Bergen. Diktsamlinga Behold meg kom ut på Oktober forlag 2018.
Ingri Haraldsen (1984) er utdanna ved Høgskolen i Oslo og det Baskiske Universitet, Bilbao, Spania. Ho har stilt ut på QB Gallery Kunstnerforbundet, Tekningmuseet i Laholm Kronica Museum og The Armory Show, NY.
Cecilia Jonsson (1980) er utdanna ved Bergen Kunst og designhøgskole og det nordiske lydkunst programmet. Hennar kunstnarlege arbeid visast internasjonalt og har motteke ein rekke prisar, blant anna COAL Art and Environmental Prize og Prix Ars Electronica.
Pierre Lionel Matte (1961) har bak seg studieopphald i Polen, Chile og Bolivia i tillegg til Kunstakademiet i Trondheim. Han arbeider idébasert innan dei fleste medier. Dei siste åra har Matte stilt ut på Kunstnerforbundet, Oslo, IKM/OM Oslo, European Rorschach test part II, Kunstbanken og Tegnetriennalen i Oslo.
Foto: Katrine van Tulder og Aukse Drungiliene
Tid
Juni 19 (Laurdag) 00:00 - Sept 26 (Sundag) 00:00
lau08mai(mai 8)00:00sun06jun(jun 6)00:00Vestlandsutstillingen 2021(mai 8) 00:00 - (juni 6) 00:00

Om arr.
I perioden 8. mai til 6. juni - når Hardanger er på sitt vakraste - kan du gjerne legga turen til Øystese. Her kan du oppleva meir av alt det gode
Om arr.
I perioden 8. mai til 6. juni – når Hardanger er på sitt vakraste – kan du gjerne legga turen til Øystese.
Her kan du oppleva meir av alt det gode regionen har å by på, i form av den årlege Vestlandsutstillingen i Kunsthuset Kabuso.
Vestlandsutstillingen syner verk av kunstnarar som er tilknytt Vestlandet. Utstillinga turnerer vestlandsfylka og skal visa fram samtidskunst av høg kvalitet.
Årets utstilling
Utstillinga viser 31 verk av 16 kunstnarar som på ulike vis er tilknytt Vestlandet. Alle verka er unike og rommar si eiga historie, men gjennom å bli plasserte i ei utstilling saman med andre verk blir meiningar forsterka eller endra. Dette spelar kurator Heidi Bjørgan (f.1970) medvite på i utforminga av utstillinga.
Bjørgan jobbar med å iscenesette kunstverka i høve til kvarandre for å skape ei underfundig stemning der venleik og uhygge går hand i hand, og ho trekkjer parallellar mellom filmregissøren David Keith Lynch (f.1946) sitt visuelle filmspråk og sine eigne prosjekt som kurator.
Publikum vil møte ei utstilling der både død og elende kan lure under perfekte overflater, samstundes som noko vakkert kan gøyme seg i det som ser forderva og øydelagt ut. Bjørgan inviterer kvar einskild utstillingsgjest til å vere ein aktiv medskapar i dei historier som Vestlandsutstillingen 2021 kan fortelje.
Deltakande kunstnararar:
Kristina Aas / Karina Presttun, Kristin Austreid, Æsa Bjørk, Helene Førde, Mona Orstad Hansen, Tina Jonsbu, Tom Kosmo, Gabriel Johann Kvendseth, Cato Løland, Irene Nordli, Tovelise Røkke-Olsen, John K. Raustein, Siri Ekker Svendsen, Kristin Tårnesvik, Brynhild Grødeland Winther
Om kurator:
Heidi Bjørgan (f.1970) har MA i keramisk kunst, samt Skapende kuratorpraksis frå Kunsthøgskolen i Bergen. Ho har bidrege til ei fornying av diskursen knytt til kunsthandverk i norsk samanheng, både gjennom sitt arbeid som kunstnar, og gjennom si verksemd som kurator. Ho var med på å starte galleri/prosjektrommet Temp i Skottegaten i Bergen (2000-2002). Bjørgan har blant anna vore kurator for utstillingar ved Rogaland Kunstsenter, Galleri F15, Hordaland kunstsenter og Galleri Format. For KODE har ho kuratert den internasjonale utstillinga Thing Tang Trash og Signert Inger Waage. Heidi Bjørgan var også medkurator for den store mønstringa av Norsk og kinesisk kunsthandverk Beyond g(l)aze som vart vist både på Suzhou Jinji Lake Art Museum i Kina og på KODE. Ho var også medkurator for utstillinga KREFTER – Dyrdal Kvasbø Tingleff på KODE (2019).
Historie
Vestlandsutstillingen er den eldste landsdelsutstillinga, og vart for fyrste gong vist på Bergen Kunstforening i 1922. Det har sidan byrjinga vore ei juryert gruppeutstilling med fri innsending.
I byrjinga bestod juryen av 5 kunstnarar som var valt av biletkunstnar-organisasjonane, men har sidan 1998 bestått av 1–3 inviterte kuratorar. Formålet med utstillinga er å arrangere ei årleg utstilling med verk av kunstnarar som har tilknytting til Vestlandet. Utstillinga skal vise fram samtidskunst av høg kvalitet som speglar den vestlandske kunstscena slik den føregår i lokale, nasjonale og internasjonale kontekstar ut mot resten av landet.
Vestlandsutstillingen er ei foreining som er eigd av sine medlemmer frå kunstnarorganisasjonane Bildende Kunstneres Forening Hordaland, Bildende Kunstneres Forening Møre og Romsdal, Bildende Kunstneres Forening Sogn og Fjordane, og Bildende Kunstneres Forening Rogaland, samt Kunsthuset Kabuso, Stiftelsen Kulturkvartalet, Kunsthall Stavanger, Haugesund Kunstforening, Kunstgarasjen og Sunnfjord Kunstlag.
Turneen vert støtta av fylkeskommunane Møre og Romsdal, Rogaland og Vestland
>> Sjå nettstaden til Vestlandsutstillingen
Foto: Maya Økland
Tid
Mai 8 (Laurdag) 00:00 - Juni 6 (Sundag) 00:00

Om arr.
Medverkande kunstnarar: Ingrid Book & Carina Hedén / Per Christian Brown / Thorbjørn Sørensen / Hege Nyborg / Helene Sommer Utstillinga gjev ulike innfallsvinklar - i form av måleri, teikning,
Om arr.
Medverkande kunstnarar:
Ingrid Book & Carina Hedén / Per Christian Brown / Thorbjørn Sørensen / Hege Nyborg / Helene Sommer
Utstillinga gjev ulike innfallsvinklar – i form av måleri, teikning, fotografi, video og installasjon – på spørsmålet: Kva er Hardanger i dag og kva fortel eit landskap som dette oss om identitet, historie, vitskap og forholdet vårt til natur?
Dei siste to åra har kunstnarane reist rundt i Hardanger. Dei har sett gjennom samlingane etter bilethoggar Ingebrigt Vik og botanikar Johan Havaas, lest seg opp på rapportar og litteratur og tolmodig granska vokstrar og landskap, vitskap og folkloristikk. Det ikoniske og politiske ved landskapet i Hardanger var tidleg tilstade i nasjonsbygginga, og ideen om kven vi er og korleis me forvaltar arva, er ikkje ferdig snakka. Heller ikkje her. Kva ser me der me ferdas og kva for forteljingar skapar me ut av det me ser?
Tittelen på utstillinga er henta frå Renæssance, ei novelle Hans E. Kinck publiserte i 1899.
Kurator: Sissel Lillebostad
Prosjektet er støtta av:
Kulturrådet
Fond for lyd og bilde
Billedkunstnernes Vederlagsfond
Regionale prosjektmidler for visuell kunst
Norsk fotografisk fond
Foto, over: Helene Sommer, Postkort fra Hardanger #3, 2021, collage
>>> OPPLEV UTSTILLINGA DIGITALT HER
_____________________________
Om kunstnarane:
Ingrid Book & Carina Hedén bur i Oslo og har samarbeidd sidan 1987. Dei har rørt seg innan områder som: stad og ikkje-stad, krympande byar, kulturlandskap og produserte landskap, tap av minne, munnlege tradisjonar, og tap av genetisk arv – i foto, video, skulptur og installasjonar.
Eit utval utstillingar:
Midlertidige Utopier, Museet for Samtidskunst 2003, The Field, Bienale de São Paulo 2004, Geschichten für leere Schaufenster, Salzburger Kunstverein 2007, Militære landskap, Festspillutstillingen 2008, Modernautställningen, Moderna Museet 2010, Nikolais Natt, Henie Onstad Kunstsenter 2016. Perspectives on Ecology and Modernity, Botanisches Museum Berlin 2019.
Per Christian Brown arbeider med analogt fotografi, film, video og installasjonar, der han kretsar kring spørsmål knytt til identitet, natur, biologi, synestesi, sosiale og politiske aspekt i samtida. Dei siste åra har han jobba med foto-videoprosjekt knytt opp mot våre førestillingar om dei fire elementa, og dei underliggande poetiske attributta me tileignar kvar av elementa.
Eit utval utstillingar:
«Fra Balkongen», Stavanger Kunstmuseum, Stavanger (2020), kunstmessen «Wiedererwachen» på Station Berlin (2020), «Den Siste Festen» QB gallery, Oslo (2020), «Chimera», Kunstraum Bethanien, Berlin (2019), Verka hans er innkjøpt av statlege og private samlingar og han har utført fleire større offentlege kunstoppdrag. Han er utdanna ved Kunsthøyskolen i Oslo og Bergen og bur og arbeidar i Stavanger, Oslo og Berlin.
Hege Nyborg arbeider med måleri, teikning og tekst, ofte i seriar og installasjonar kor analyser av naturfenomen og økosystem, landskapet si hukommelse og psykogeografi inngår. Hennar siste prosjekt består av tekstteikningar som registrerer sjeldne og trua plantearter frå forskjellige område, basert på psykobiotopiske vandringar og klimatiske, topografiske og historiske hendingar. Nyborg er utdanna ved Amherst College, BA Political Science (Hons.), Statens Håndverks- og kunstindustriskole, Akademie der bildenden Künste, Wien og Statens Kunstakademi, Oslo.
Eit utval utstillingar:
Henie Onstad Kunstsenter, Sørlandets Kunstmuseum, Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design, Kunsthalle Helsinki og National Museum of Women in the Arts i Washington D.C.
Helene Sommer jobbar med video, installasjon, tekst og collage der eksperimentering og samanstilling av eit rikt, men selektivt utval av funnet kjeldemateriale i kombinasjon med eigenprodusert stoff, reiser spørsmål kring historiefortellinga si mekanismar. Ved å utforske dei mange nivåa av fortolking og klassifisering undersøkjer ho relasjonen mellom offisiell historie og subjektiv hukommelse innan område som historie og naturvitskap.
Ho har vist sine arbeid på mellom anna Kunstnernes Hus, Oslo Kunstforening, Stenersenmuseet, Vigelandsmuseet, Tromsø Kunstforening og Kunstnerforbundet. Sommer bur og arbeider i Oslo og har si utdanning frå Statens Kunstakademi i Oslo.
Thorbjørn Sørensen er kjent som ein kunstnar som vender seg til maleriet frå ulike ståstadar. Fotorealistiske landskap og portrett, stripebilete utført med airbrush og akvarellar av jordhaugar, kvistar og døde fuglar er nokre av motiva han har arbeidd med.
Han er representert i ei rekke samlingar som Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design, Astrup Fearnley Museet, Utenriksdepartemetet, Norsk kulturråd, Statoil og Nordea Kunstsamling.

Thorbjørn Sørensen, Furu 2021, akvarell

Ingrid Book & Carina Hedén, Verk (mann) #10(13), 2020 archival pigment print

Per Christian Brown, Der Wurzelmensch 5, 2021, sølvgelatin trykk

Hege Nyborg, Our brief eternity. 2021. Fargeblyant på papir og digitaltrykk
Tid
Feb. 27 (Laurdag) 00:00 - April 25 (Sundag) 00:00

Om arr.
Torsdag 29. oktober kl 18 opnar ei fojéutstilling med verk av Kwestan Jamal Bawan i Kabuso. Utstillinga har fått tilttelen Tegn, Terreng, Tegning og syner arbeid i stort format.
Om arr.
Torsdag 29. oktober kl 18 opnar ei fojéutstilling med verk av Kwestan Jamal Bawan i Kabuso.
Utstillinga har fått tilttelen Tegn, Terreng, Tegning og syner arbeid i stort format.
>>> Les meir om kunstnarskapen til Bawan

Kwestan Jamal Bawan – utstnitt av verk Foto Kabuso
Foto Aukse Drungiliene
Tid
Okt. 29 (Torsdag) 18:00 - Januar 17 (Sundag) 16:00
Arrangør
Kabuso Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

Om arr.
Nasjonalmuseet med skråblikk på eiga samling; syner uventa fellestrekk mellom kunst, design og arkitektur. Nasjonalmuseet si samling inneheld vidt ulike disiplinar som skulptur, arkitekturskisser, møblar, video, kunsthandverk, foto, grafisk formgjeving, maleri, tekstil
Om arr.
Nasjonalmuseet med skråblikk på eiga samling;
syner uventa fellestrekk mellom kunst, design og arkitektur.
Nasjonalmuseet si samling inneheld vidt ulike disiplinar som skulptur, arkitekturskisser, møblar, video, kunsthandverk, foto, grafisk formgjeving, maleri, tekstil og industridesign.
Men kva skjer når ein set slike ulike kunstnarlege uttrykk og media opp mot kvarandre i ei og same utstilling?
Visuelle nabolag utfordrar publikum til å utforska uventa møtepunkt mellom kunst, design og arkitektur som fordrar til nye kunsthistorier. Gjennom ufrivillige likskapstrekk mellom ulike media eller tematiske kontrastar søkjer utstillinga å visa korleis kunsten frå ulike epokar kan spegla museet si historie og samfunnet me lever i i dag.
Kunstnarar som er representerte i utstillinga er m.a.:
- Andy Warhol
- Peter Opsvik
- Hans Gude
- Stiletto
- Kåre Kivijärvi
- Helen & Hard
- Per Kleiva
Les meir her:
Foto, øverst: Andy Warhol – Portrett av Kronprinsesse Sonja (1982)

Stiletto (Frank Schreiner) – Consumers rest – 1990

Tema kunst og konsum. Foto: Nasjonalmuseet

Finn du fellestrekka? Foto: Nasjonalmuseet

Per Kleiva – Blad fra imperialismens dagbok 2. Foto: Nasjonalmuseet
Foto Aukse Drungiliene
Tid
Okt. 29 (Torsdag) 00:00 - Januar 17 (Sundag) 00:00
Arrangør
Kabuso Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
ons14okt(okt 14)00:00sun25(okt 25)00:00VerkstadAktivitet 14.-25 . oktober00:00 - 00:00 (25)

Om arr.
Utforsking av ulike kreative uttrykk, i utstillingssalen i Kabuso, 14.– 25.oktober. Bli med å bygga eigne modellar av mellom anna Ingebrigt Vik museum med lim, maling m.m. Sjå prosjekt av 80 ungdomar
Om arr.
Utforsking av ulike kreative uttrykk, i utstillingssalen i Kabuso, 14.– 25.oktober.
Bli med å bygga eigne modellar av mellom anna Ingebrigt Vik museum med lim, maling m.m.
Sjå prosjekt av 80 ungdomar frå Kvam under leiing av kunstnar Katrine Meisfjord.
Meisfjord har sidan 2019 arbeidd saman med ungdomar i Kvam for å utveksla idear og utforma modellar for ein møteplass slik dei vil ha han.
Meir enn 80 ungdomar har delteke i prosjektet. Modellane til ungdomane vert viste på Kunsthuset Kabuso i oktober, saman med bilete frå prosessen.
Program for perioden:
- Ope ons-fre kl 11-15, laur+sun kl 11-16
- Laurdag 17.10 og sundag 18.10 kl.11 – 16:
Internasjonal verkstad med kunstnarane Kwestan Jamal Bawan og Katrine Meisfjord. Me inviterer til felles arbeid med modellane, på språka arabisk, kurdisk, engelsk, spansk og norsk.
Meld di interesse til Kabuso: post@kabuso.no – eller til meisfjord.katrine@gmail.com - Tysdag 20.10 kl. 16 – 20:
Prosjektet vert presentert for publikum og inviterte gjestar. Ungdomar frå Kvam, kunstnarar, arkitektar og ungdomsarbeidarar formidlar.Gratis inngang
Tid
14 (Onsdag) 00:00 - 25 (Sundag) 00:00
lau05sep(sep 5)00:00sun04okt(okt 4)00:00Vestlands- utstillingen 2020(sept 5) 00:00 - (okt. 4) 00:00

Om arr.
I perioden 5. september til 4. oktober kan du oppleva verk av eit utval kunstnarar med tilknyting til Vestlandet - då kjem nemleg Vestlandsutstillingen 2020 til Kabuso. Til Vestlandsutstillingen 2020 har kurator Elise
Om arr.
I perioden 5. september til 4. oktober kan du oppleva verk av eit utval kunstnarar med tilknyting til Vestlandet – då kjem nemleg Vestlandsutstillingen 2020 til Kabuso.
Til Vestlandsutstillingen 2020 har kurator Elise By Olsen teke utgangspunkt i førestillingar om det ‘typisk’ norske i møte med det ‘typisk’ internasjonale innan samtidskunst. Det vestlandske landskap er levande nasjonalromantikk som til eikvar tid er synleg for området sine kunstnarar og dermed uunngåeleg. By Olsen interesserer seg for korleis landskapet formar kunsten den dag i dag. Samstundes lever me i ei tid der det er enkelt å delta i kunstnarlege diskursar utanfor sin lokale eksistens. I kjølvatnet av ein digital revolusjon, som nettopp er fri for mentale og fysiske avgrensingar gjennom tid og rom, spør kuratoren seg om det går an å tenkje nasjonalromantikk på nytt? Til svar har ho valt ut kunstnarar som går i nær dialog med sine omgjevnader – gjennom organiske prosessar, tidkrevjande metodar og handfaste materialar. I Vestlandsutstillingen 2020 vert forventningar om kuratorisk heilskap og geografisk tilhøyrsle forkasta til fordel for spontane, og overraskande analoge, spenningar mellom materialar, verk og publikum.
Deltakande kunstnarar – klikk på namn for meir info:
Ananda Serné
Catalina Aguilera
Eli Maria Lundgaard
Hans-Marius Pilskog Giske
Inga S. Søreide
Jan Kåre Ruud
Matias Kiil
Marit Silsand
Sofia Heinonen
Sofia Eliasson
Steinar Haga Kristensen
Thor Tao
Tore Winsents
Urd Pedersen
Vilde Salhus Røed
Kurator: Elise By Olsen
>>> Sjå nettstaden til Vestlandsutstillingen
Foto Maya Økland
Tid
Sept 5 (Laurdag) 00:00 - Okt. 4 (Sundag) 00:00
Arr. på Facebook
>>> Utstillingsopninglau20jun(jun 20)00:00sun23aug(aug 23)00:00Styrlause prosessar(juni 20) 00:00 - (aug. 23) 00:00

Om arr.
Deltakande kunstnarar er: Leander Djønne Cecilia Jonsson Pierre Lionel Matte Ingri Haraldsen Forfattar Tora Sanden Døskeland bidreg med tekst. Det som ikkje let seg kontrollera eller som utviklar seg i uføreseielege
Om arr.
Deltakande kunstnarar er:
Leander Djønne
Cecilia Jonsson
Pierre Lionel Matte
Ingri Haraldsen
Forfattar Tora Sanden Døskeland bidreg med tekst.
Det som ikkje let seg kontrollera eller som utviklar seg i uføreseielege retningar, har eit stort skapande potensial samstundes som det kan vekkje djup uro, ei kjensle av å røre seg på ei papirtynn hinne over usikker grunn. Kunstnarane som deltek i sommarens utstilling relaterer seg til korleis me brukar og rører oss i naturen.
Styrlause prosessar er eit samarbeid mellom Nordisk Kunstnarsenter Dale, (NKD) og Kunsthuset Kabuso.
Prosjektet er sett saman av to utstillingar på Kabuso i periodane 20.6 – 23.8.2020 og 11.6-12.9.2021, og eit tre månadar langt residens-opphald på NKD, Dalsåsen, sommaren 2020.
>>> Folder Styrlause Prosessar
Ingri Haraldsen

Pierre Matte

Cecilia Jonson
Foto Pål Hoff
Tid
Juni 20 (Laurdag) 00:00 - Aug. 23 (Sundag) 00:00

Om arr.
Spekulasjonar rundt lyd og landskap Merk at utstillinga har fått utvida visningsperiode og kan opplevast t.o.m. sunda g 31. mai. Maia Urstad og Lars Ove Toft viser
Om arr.
Spekulasjonar rundt lyd og landskap
Merk at utstillinga har fått utvida visningsperiode og kan opplevast t.o.m. sunda g 31. mai.
Maia Urstad og Lars Ove Toft viser eit samspel av lyd og video inspirert av nære rørsler og langsame endringar som skjer utan at vi eigentleg er klar over det.
Breen over fjorden som endrar farge og krympar, sakte. Lyden av signal vi sender og mottar som endrar seg undervegs. Raden av små hendingar vi koplar saman til vår eiga røynd.
Lars Ove Toft (f. 1961) er dagleg leiar for BEK – Bergen senter for elektronisk kunst. I sitt kunstnarlege virke arbeider han med videoinstallasjonar, lyd- og lysdesign og bygger interaktive instrument. Hovudvekta av arbeidet skjer i samarbeid med andre kunstnarar og musikarar, sist med performance og installasjon ved PROA i Buenos Aires og Penghao Theater i Beijing. Lars Ove Toft bur og arbeider i Bergen, Norge.
Maia Urstad (f. 1954) har base i Bergen og arbeider i krysningsfeltet lydleg – visuell kunst, hovudsakeleg med lydinstallasjonar og performative lydverk. Ho har stilt ut i heile verda, seinast ved «14. biennale for mediekunst» i Santiago de Chile 2019 og «Hardanger musikkfest» i Lofthus 2019. I 2017 vart ho utnemnt som byens lydkunstnar i Bonn, Tyskland og vart tildelt Rune Brynestads minnestipend i 2019. Urstad er utdanna ved Kunsthøgskolen i Bergen og har også bakgrunn frå musikkmiljøet. Les meir på www.maia.no
Takk til:
Roar Sletteland (elektronikk), Søren Andreasen (programmering), Snorre Risheim og Andrea U. Toft (montering), Eva Rowson, Peter Meanwell, Alex Ghalioungui og alle på BEK.
Utstillinga er støtta av:
Norsk kulturråd, Bergen kommune, BEK – Bergen senter for elektronisk kunst, Bonnhoeren.
Foto Pål Hoff og Kabuso
Tid
Feb. 8 (Laurdag) 00:00 - Mai 31 (Sundag) 00:00
lau08feb(feb 8)00:00sun31mai(mai 31)00:00Audun StoraasTre i Hardanger(feb. 8) 00:00 - (mai 31) 00:00

Om arr.
Audun Storaas viser teikning og trykk – tresnitt og etsing – i foajéen. Storaas har arbeidd med kunst ved sida av ei livslang gjerning som lege, mellom anna med oppdrag
Om arr.
Audun Storaas viser teikning og trykk – tresnitt og etsing – i foajéen. Storaas har arbeidd med kunst ved sida av ei livslang gjerning som lege, mellom anna med oppdrag for kyrkja i Norheimsund.
Verka i denne utstillinga er alle av gamle eiketre i Hardanger, observert frå 1990-talet fram til 2019.
Utstillinga har fått forlenga visningsperiode og kan opplevast t.o.m. sundag 31. mai.
Tid
Feb. 8 (Laurdag) 00:00 - Mai 31 (Sundag) 00:00
Arr. på Facebook
>>> Bli med på utstillingsopning!
Om arr.
Kine Lillestrøm og Trond Hugo Haugen syner ei stadsspesifikk utstilling i og på Kabuso og Ingebrigt Vik museum hausten 2019. Kunstverka har vorte utforma og bygde på staden, både i utstillingssalen
Om arr.
Kine Lillestrøm og Trond Hugo Haugen syner ei stadsspesifikk utstilling i og på Kabuso og Ingebrigt Vik museum hausten 2019.
Kunstverka har vorte utforma og bygde på staden, både i utstillingssalen og på dei mange glasflatene.
Refleksjonar kring arbeid og kunnskap spelar ei stor rolle for utstillinga, mellom anna med gjenbruk av material frå bygginga av Hardangerbadet.
Kurator Sissel Lillebostad om utstillinga:
Det starta med ein samtale. Eller, nei, det starta før me møttes. Det starta med bygninga og mandatet Kabuso eingong fekk – å sjå nasjonalromantikken gjennom samtidas brilleglas. Mandatet er nedfelt i sjølve bygningskroppen – store glas vende mot fjorden, taket forma som eit lite ekko av fjellrekka, reine material.
Sikta frå Øystese er svimlande vakker når lyset fell over Folgefonna og gnistrar kvitt mot blått. Den er òg fascinerande når skodda sig tungt inn mellom fjellsidene, regnet driv sidelengs langs fjorden og lyset sildrar i tynne snorer mellom oppsamla vatn.
>>> Les tekst av Bjørn Hatterud – Å sjå deg i auga.
Utdrag: Eg trur at noko av det skumlaste ein kunstnar kan gjere er det som Trond Hugo Haugen og Kine Lillestrøm har gjort i Øystese med utstillinga «Å sjå deg i auga». Dei kom som framande, til ein liten tettstad. Etter eit grundig forarbeid flytta dei til plassen for ei tid, for å arbeida kunstnarleg, som respons på plassen.
Om kunstnararne:
- Kine Lillestrøm (f. 1977) er malar, med ei filosofisk tilnærming til stedets utforming, bestemmelser og historikk. Hun arbeider med rom, men ikke begrenset til rommets egne grenser. Lillestrøm er utdannet ved Kunstakademiet i Oslo. Lillestrøm har hatt flere utstillinger med både egne verk og samarbeidsprosjekter, samt toåring atelierstipend i Oslo rådhus, og åpner utstilling ved LNM (Landsforeningen norske malere) i Oslo 31. oktober 2019.
- Trond Hugo Haugen (f. 1975) har en mer direkte, uttalt og verbal praksis. I verkene reflekterer han rundt politikk og historie sett fra enkeltindividets posisjon, samt kunstnerens plass i samfunnet. Haugen har hatt flere utstillinger nasjonalt og internasjonalt, av hans større verk er Et riksportrett (etter Eidsvold 1814) fra 2014 og det flerårige verket Stavanger2018 / KA DÅ ITTEPÅ. Han har bakgrunn som konsertarrangør og er utdannet ved Kunstakademiet i Trondheim i 2002.
>>> Folder Lillestrøm & Haugen
Foto Pål Hoff
Tid
Sept 28 (Laurdag) 00:00 - Januar 5 (Sundag) 00:00
Stad
Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
ARRANGEMENT
Arr.type:
Alle
Aktivitet
Utstilling
Arrangør:
Kabuso
Kabuso
Alle
Agatunet
Borgstova
Granvin bygdetun
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger folkemuseum
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Skredhaugen
Storeteigen
Voss folkemuseum
fre08des19:00fre21:30Kunstbar med Imi Maufe19:00 - 21:30

Om arr.
Bli med på Kunstbar med Imi Maufe - fredag 8. desember kl 19! Kunstbar Verkstad er ei fagleg stund med kunstnarar frå haustens utstilling; Handboren og veggfast. Teikning og illustrasjon er tema
Om arr.
Bli med på Kunstbar med Imi Maufe – fredag 8. desember kl 19!
Kunstbar Verkstad er ei fagleg stund med kunstnarar frå haustens utstilling; Handboren og veggfast.
Teikning og illustrasjon er tema – og Maufe vil syna oss korleis ei bok vert til.
Open kafe / bar
Tid
(Fredag) 19:00 - 21:30
tors07des11:00GratistorsdagGratis inngang i utstillingane11:00

Om arr.
Høyrt om gratistorsdag i Kabuso? Kvar første torsdag i månaden kan du oppleva utstillingane på utan å tenkja på inngangsbillett. Aktuelle utstillingar for gratistorsdagen 7. desember: Handboren og veggfast Juleutstilling ved Kvam
Om arr.
Høyrt om gratistorsdag i Kabuso?
Kvar første torsdag i månaden kan du oppleva utstillingane på utan å tenkja på inngangsbillett.
Aktuelle utstillingar for gratistorsdagen 7. desember:
Handboren og veggfast
Juleutstilling ved Kvam kulturskule
Merk at hovudutstillinga også byr på film i konsertsalen
Huset er ope kl 11-15
Kafe og gåvebutikk
Arbeid frå fjorårets juleutstiling v/Kvam kulturskule
Tid
(Torsdag) 11:00
sun03des13:00sun15:00Familieverkstad med kunstnar Xueting YangBornas Kabuso13:00 - 15:00

Om arr.
Famileverkstad: Under verkstaden får ein utfalda seg kreativt med ulike materialar og metodar. Verkstaden er utforma av ein profesjonell kunstnar som saman med vertar frå Kabuso leiar verkstaden. Denne gongen får
Om arr.
Famileverkstad: Under verkstaden får ein utfalda seg kreativt med ulike materialar og metodar. Verkstaden er utforma av ein profesjonell kunstnar som saman med vertar frå Kabuso leiar verkstaden.
Denne gongen får med besøk av Xueting Yang som deltek i utstillinga Handboren og veggfast. Ho skal lære oss å laga superfine lanterner som me kan nytta i vintermørket. Xueting kjem frå Kina, men bur i Noreg og arbeider spesielt med illustrasjon og har gitt ut fleire teikneseriebøker.
Inga påmelding. Medlemsskap i klubben kostar 90 kroner per barn og gir gratis inngang til alle arrangementa hausten 2023. Merk at vaksne må ha eigen billett til konserten med Tres Musicos, men går gratis på filmane.
Bornas Kabuso er ein kunst- og filmklubb for alle born. Her viser me mellom anna animasjonsfilm og byr på kreative verkstadar. Verkstadane vert stort sett til i samarbeid med Kunstnarhuset Messen.
Tid
(Sundag) 13:00 - 15:00
Arrangør
Kabuso Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
tys28nov00:00Hardanger Skypace av James TurrellLysverket ved Hardangerfjorden00:00

Om arr.
2 gongar i døgeret, 365 dagar i året: Lysverket Hardanger Skyspace av den amerikanske kunstnaren James Turrell er tilgjengeleg for lysvisningar to gongar i døgeret: Kring soloppgang eller solnedgang - du vel
Om arr.
2 gongar i døgeret, 365 dagar i året:
Lysverket Hardanger Skyspace av den amerikanske kunstnaren James Turrell er tilgjengeleg for lysvisningar to gongar i døgeret:
Kring soloppgang eller solnedgang – du vel etter eige ynskje.
Slik gjer du det:
- Kjøp billettar på nett – her ligg også dei aktuell tidspunkta
- Møt opp i resepsjonen på Hardangerfjord hotell like før oppgitt tidspunkt. Der vil du få utlevert nøkkel og eit infoskriv om lysverket. Adresse: Hardangerfjordvegen 613, Øystese
- Du låser sjølv opp lysverket like ved (50 meter frå resepsjonen). Set/legg deg til rette og nyt. Adresse: Hardangerfjordvegen 619, Øystese
Praktisk info:
- Kle deg som for å vera ute
- Du får låna pledd og sitjeunderlag. Ha gjerne med nakkepute om ynskjeleg.
- Etter visning: Døra har smekklås – du lukkar deg ut sjølv og leverer nøkkelen til hotellet.
- Det er elles mogeleg å vitja Hardanger Skyspace i Kabuso si opningstid (utan lysvisning) med gyldig utstillingsbillett.
Tid
(Tysdag) 00:00
Billettar på nett
>>> Kjøpfre24nov19:00fre21:30Verkstad med Tord TorpeKunstbar19:00 - 21:30

Om arr.
Bli med på Kunstbar Verkstad med "vår eigen" Tord Torpe - fredag 24. november kl 19! I verkstaden kjem fokus til å vera på lågterskel, uhøgtidleg teikneglede. Me skal truleg bruka fantasien
Om arr.
Bli med på Kunstbar Verkstad med «vår eigen» Tord Torpe – fredag 24. november kl 19!
I verkstaden kjem fokus til å vera på lågterskel, uhøgtidleg teikneglede.
Me skal truleg bruka fantasien meir enn augene, sjølv om augene òg lyt nyttast.
Me skal teikna kvar for oss og saman på same tid.
Me siktar mot morosame og uventa resultat: ein latter forlenger livet.
Me får alle med oss kvar vår teikning heim som me stolte kan visa til mor og far.
Kunstbar Verkstad er ei fagleg stund med kunstnarar frå haustens utstilling; Handboren og veggfast.
Teikning og illustrasjon er tema.
Andre arrangement i serien:
Imi Maufe – 8. desember
Open kafe / bar
Tid
(Fredag) 19:00 - 21:30
Billettar på nett
>>> KJØPtors23nov00:00Utleige- arrangement00:00

Om arr.
Nokre av arrangementa i Kabuso kjem til gjennom utleige. I slike tilfelle sel ikkje Kabuso billettar, då dette vert teke hand om av ein ekstern arrangør. I tilfelle der arrangøren sel
Om arr.
Nokre av arrangementa i Kabuso kjem til gjennom utleige.
I slike tilfelle sel ikkje Kabuso billettar, då dette vert teke hand om av ein ekstern arrangør. I tilfelle der arrangøren sel billettar på nett finn du ein link i lista her:
_____
- Saknar du info i lista? Send gjerne link til info til post@kabuso.no
- Ynskjer du å arrangera noko på huset? Ta kontakt med utleigeansvarleg Stig: stig@kabuso.no / 917 22 857
Tid
(Torsdag) 00:00
sun19nov13:00Film: Bernard og BiancaBornas Kabuso13:00

Om arr.
Film: Bernard og Bianca. 1 t 16 min. Alle Teiknestund etter filmen Om filmen: To små mus skal redde foreldrelause Penny frå fangenskap hos Madam Medusa og to glupske krokodillar. Inga påmelding. Medlemsskap
Om arr.
Film: Bernard og Bianca. 1 t 16 min. Alle
Teiknestund etter filmen
Om filmen: To små mus skal redde foreldrelause Penny frå fangenskap hos Madam Medusa og to glupske krokodillar.
Inga påmelding. Medlemsskap i klubben kostar 90 kroner per barn og gir gratis inngang til alle arrangementa hausten 2023. Vaksne går gratis på filmane i følge med barn.
Bornas Kabuso er ein kunst- og filmklubb for alle born. Her viser me mellom anna animasjonsfilm og byr på kreative verkstadar. Verkstadane vert stort sett til i samarbeid med Kunstnarhuset Messen.
Tid
(Sundag) 13:00
lau18nov16:00Ensemble Eon16:00

Om arr.
Opplev ei unik besetning med fiolin, saksofon og piano i konsertsalen i Kabuso laurdag 18. november kl 16! Ensemble EON presenterar Mellom - eit unikt konsertprogram som drar lyttaren inn
Om arr.
Opplev ei unik besetning med fiolin, saksofon og piano i konsertsalen i Kabuso laurdag 18. november kl 16! Ensemble EON presenterar Mellom – eit unikt konsertprogram som drar lyttaren inn i ei ny klangleg verd.
Mara Haugen, fiolin
Morten Norheim, saksofonar
Martha Berit Belt, piano
Musikken er skrive av nolevande komponistar som har sterk tilknyting til Noreg, og utforskar det som oppstår i og mellom svært varierte musikkuttrykk.
Nyskrivne komposisjonar frå Francisco Cortney og Emiliano Ortiz, begge tidlegare studentar ved Griegakademiet, gjev innblikk i eit utforskande lydlandskap med sterke tilknytingare i høvesvis Argentina og Mexico.
Publikum vil også få oppleva verk av Sverre Idris Joner og Marius Neset, kor musikken spenner vidt med energifylte rytmar, dansande samspel og lyriske melodiar, som tidvis utforskar eit meir moderne og eksperimentelt uttrykk.
Hovudverket er Ståle Kleiberg sin Piano trio no. 2, kor introduksjonen av saksofon gjev den klassiske trioen nye og spanande fargar.
Tid
(Laurdag) 16:00
Billettar på nett
>>> KJØPtors16nov19:00Gabriels NovgorodFolkemusikk19:00

Om arr.
Gabriel Fliflet stiller med eit stjernelag av musikarar - kjende frå mellom anna Real Ones - i Kabuso torsdag 16. november kl 19 Gabriel Fliflet (trekkspel, vokal) David Chelsom Vogt (fele, vokal) Kristoffer
Om arr.
Gabriel Fliflet stiller med eit stjernelag av musikarar – kjende frå mellom anna Real Ones – i Kabuso torsdag 16. november kl 19
Gabriel Fliflet (trekkspel, vokal)
David Chelsom Vogt (fele, vokal)
Kristoffer Chelsom Vogt (kontrabass, vokal)
Jørgen Sandvik (gitar, vokal)
Om Novgorod:
«Det er på tide at noen leverer musikken som dufter av solbelyste tømmervegger og syder av tjern og myrer. Det er på tide at noen gir oss musikken fra lave trebyer ved Østersjøen, fra hodeløse vodkafester med saltagurk, honning og smetana i etterkrigstidens nye lavblokker.
Noen må nå komme med den fyrrige musikken som rant ut fra cabaretlokalet, som fløt opp fra dansebanen ved elven, og valsene, verdens vakreste…
Novgorod vil hente fram denne musikken: Musikken som er russisk, finsk, jødisk, nordsvensk, sigøynsk. Moll-dominert og melankolsk. Vill og vital!»
På konsert med Novgorod kan du få høyra originale tolkingar av hardtsvingande finsk humppa, jiddisk tango og lengtnadsfulle valsar, nordsvensk swing (med kosakktrinn) og lærerike songar på tysk av Bertold Brecht/Kurt Weill. Med innleving og temperament og kraftfull firstemt song. På eit utal språk.
Novgorod vart danna i 2003 og har m.a. spelt på Festspillene i Bergen, Nattjazz, VossaJazz, Balkanfest, Litteratursymposiet i Odda, Hardingtonar, Columbi Egg og Riksscenen – og i Kabuso.
Gabriel Fliflet er vaksen opp til lyden av svensk, finsk og norsk song. Kåra til årets folkemusikar i 2011. Mange kjenner Fliflet frå samarbeidet med trommeslagar Ole Hamre i dueon Fliflet/Hamre. I denne samanhengen ausar han av kjennskapen sin til etnisk populærmusikk frå sitt finske fødeland, sigøynarmusikk m.m.
David Chelsom Vogt og Jørgen Sandvik har spela saman sidan dei var små. Best kjend er dei frå bandet Real Ones, som starta med irsk og britisk folkemusikk og etterkvart utvikla sin eigen fengande pop-stil med impulsar frå eit utal etniske tradisjonar. Kritikaryndlingar, bylarmprisen 2007, Spellemannsprisen 2013.
Prisløna Kristoffer Chelsom Vogt deltek med storebror David i nyskapande Kniv og Taffel Swingjazzorkester og med Gabriel Fliflet i bl.a. verket Åresong. Både Kristoffer Vogt og Jørgen Sandvik var sentrale i Fliflet sitt bestillingsverk til Vossajazz 2013 – Valseria.
Frå pressa:
”En opplevelse man sent vil glemme… Disse guttene har spilleglede i høysetet.” (Fanaposten)
”Alle lar seg begeistre av denne humørfylte kvartetten” (Bergens Tidende)
«Macho er tilbake. Etter ein time med finske tømmerfløytarsongar og annan djuprøysta, melankolsk musikk vandra vi ut lett øsne. Ikkje visste vi at musikk frå våre austlege naboland kunne vere så macho! Mannenmannen har vore ute i minst tre tiår, men om Novgorod gjer det stort – som dei burde, er han på veg inn igjen.”
(Lesarinnlegg av journalist Katrine Sele i bladet Folkemusikk )
Tid
(Torsdag) 19:00
Arrangør
Kabuso Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
Billettar på nett
>>> KJØPsun12nov18:00Christian Wallumrød ensemble18:00

Om arr.
Sundagskvelden 12. november kl 18 byr Kabuso på Christian Wallumrød ensemble (CWE) Christian Wallumrød - piano Eivind Lønning - trompet Espen Reinertsen - saksofon Tove Törngren - cello Per Oddvar Johansen - trommer, vibrafon CWE debuterte
Om arr.
Sundagskvelden 12. november kl 18 byr Kabuso på Christian Wallumrød ensemble (CWE)
Christian Wallumrød – piano
Eivind Lønning – trompet
Espen Reinertsen – saksofon
Tove Törngren – cello
Per Oddvar Johansen – trommer, vibrafon
CWE debuterte på Kongsberg jazzfestival i 2022 og har sidan spelt nærare 200 konsertar i Noreg og elles i Europa, pluss USA Canada og Japan.
Wallumrød sitt mangeårige samarbeid med produsent Manfred Eicher har resultert i 5 utgjevingar med CWE på ECM Records. Albumet Outstairs vart heidra med ein ein Spellemannspris. Ensemblet har også gitt ut albuma Kurzam and Fulger (2016) og Many (2020, nominert til Spellemannpris) på Hubro Music. Samtlege album har vorte møtt med stor entusiasme blant kritikarane og publikum kring i verda. Fleire av utgjevingane har også havna på ulike årsbeste-lister i nasjonale og internasjonale media.
«Jeg vet knapt om noen som har tilført norsk musikkliv mer nyskapt særpreg enn Christian Wallumrød de siste tiårene»
Arild R. Andersen, Aftenposten
«The album is a masterpiece, by one of the most important living improvisers and composers»
Andy Hamilton, Jazz Journal (om albumet Many)
Tid
(Sundag) 18:00
Stad
Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
Billettar på nett
>>> KJØPsun05nov13:00sun15:00FamilieverkstadBornas Kabuso13:00 - 15:00

Om arr.
Famileverkstad: Under verkstaden får ein utfalda seg kreativt med ulike materialar og metodar. Verkstaden er utforma av ein profesjonell kunstnar som saman med vertar frå Kabuso leiar verkstaden. Kvar gong
Om arr.
Famileverkstad: Under verkstaden får ein utfalda seg kreativt med ulike materialar og metodar. Verkstaden er utforma av ein profesjonell kunstnar som saman med vertar frå Kabuso leiar verkstaden. Kvar gong kjem ny kunstnar og nye oppgåver.
Denne gongen får me besøk av Marie Skeie. Med utgangspunkt i diktet «Det er den draumen» av Olav H Hauge skal me laga bilete i tekstil med saks, lim, nål, tråd, og kanskje nokre perler eller knappar. Marie Skeie er kunstnar og forskar og jobbar med tekstil.
Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje –
at tidi skal opna seg,
at hjarta skal opna seg,
at dører skal opna seg,
at berget skal opna seg,
at kjeldor skal springa –
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.
Olav H. Hauge
Inga påmelding. Medlemsskap i klubben kostar 90 kroner per barn og gir gratis inngang til alle arrangementa hausten 2023. Merk at vaksne må ha eigen billett til konserten med Tres Musicos, men går gratis på filmane.
Bornas Kabuso er ein kunst- og filmklubb for alle born. Her viser me mellom anna animasjonsfilm og byr på kreative verkstadar. Verkstadane vert stort sett til i samarbeid med Kunstnarhuset Messen.
Tid
(Sundag) 13:00 - 15:00
Arrangør
Kabuso Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
tors02nov20:00Best Western SwingKonsert20:00

Om arr.
Velkomen til ein torsdagskveld det svingar skikkeleg av - i konsertsalen i Kabuso 2. november kl 20! Stian Carstensen - trekkspel og steel gitar Staffan William Olsson- gitar Asle Røe- gitar Finn Guttormsen -
Om arr.
Velkomen til ein torsdagskveld det svingar skikkeleg av – i konsertsalen i Kabuso 2. november kl 20!
Stian Carstensen – trekkspel og steel gitar
Staffan William Olsson– gitar
Asle Røe– gitar
Finn Guttormsen – bass
Jarle Vespestad– trommer
Best Western Swing er fem musikarar foreina i kjærleik til western swing, hestejazz, bææ-bop og andre rurale uttrykk for jazzifisert dansemusikk frå dei amerikanske sørstatane (t.d. Bob Wills, Spade Cooley, Jimmy Bryant/Speedy West og Hank Garland). I eit vidare perspektiv kan ein kalla det ”instrumental elektrisk americana”.
BWS (som på ingen måte er ortodokse museumsvoktarar) er leia av Asle Røe, opprinneleg frå Otrøya i Molde kommune – men med tolv år som profesjonell gitarist i Houston, Texas.
Med på laget er 60% av Farmers Market: Stian Carstensen på steelgitar og trekkspel, Finn Guttormsen på bass og Jarle Vespestad på trommer, samt gitarist Staffan William-Olsson frå The Real Thing.
Antall strenger totalt: 36.
Tid
(Torsdag) 20:00
Arrangør
Kabuso Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
Billettar på nett
>>> KJØPlau28okt20:00Tønes duoViser & humor20:00

Om arr.
Ein laurdagskveld med Tønes duo - aiai! Hald av 28. oktober og still med gensaren rett veg kl 20 - for songar om yatzy, bondeliv og waldorfsalat og slikt. Det er
Om arr.
Ein laurdagskveld med Tønes duo – aiai! Hald av 28. oktober og still med gensaren rett veg kl 20 – for songar om yatzy, bondeliv og waldorfsalat og slikt.
Det er ei god stund sidan Tønes og Erlend Aasland stod på same scene, men no vert duoen endeleg foreina igjen.
Frank Tønes Tønnesen kjem frå den vesle bygda Sokndal i Rogaland og er ein av landets beste låtskrivarar og tekstforfattarar. Han har gjennom åra fått ein del merksemd for dei finurlege og insiktsfulle dialekt-tekstane sine om smått og stort. I løpet av haustens turne kan det henda ein blir introdusert for nokre nye slike. Men det er ingen som lovar noko. I alle fall ikkje Tønes.
Tønes har gitt ut 8 album, 4 EP-ar og skrive ei bok. Han har vunne Prøysenprisen, Dialektprisen og 4 Spellemannsprisar (vise/tekstforfattar).
Den sprudlande multiinstrumentalisten Erlend Aasland har ei bemerkelsesverdig evne til å meistra eit stort antal instrument og låtar på kort tid. Ingen veit kva slags nye instrument som vil dukka opp i haust. Sannsynlegvis ikkje han sjølv ein gong.
Velkomen til ein uforgløymeleg kveld i Kabuso!
Foto: Jan Ansgar Omdahl
Tid
(Laurdag) 20:00
Stad
Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
Arr. på Facebook
>>> Sjekk utlau28okt13:00KakaokonsertUnge talent13:00

Om arr.
Lat deg sjarmera av unge talent frå Kvam kulturskule - laurdag 28. oktober kl 13! Fire gongar i året byr kulturskulen inn til konsert i Kabuso - for å la deg
Om arr.
Lat deg sjarmera av unge talent frå Kvam kulturskule – laurdag 28. oktober kl 13!
Fire gongar i året byr kulturskulen inn til konsert i Kabuso – for å la deg og dine oppleva kva dei held på med.
Då kan du lena deg tilbake og høyra alt frå den vakraste song til den råaste gitarsoloen.
Du vil garantert bli både imponert, rørt og sjarmert – kakaokonsertane byr alltid på gode overraskingar!
Før og etter konserten kan du gjerne nyta kafélivet på huset – sjølvsagt med m.a. varm kakao og tilbehør på menyen.
Billettar: 50,- (born/vaksen)
NB! KabusoVen gjeld ikkje på kakaokonsertar då desse er ferdig rabatterte
Arr: Kvam kulturskule og Kabuso
Tid
(Laurdag) 13:00
Billettar på nett
>>> KJØPArr. på Facebook
>>> Sjekk utfre27okt19:00fre21:30Drink & Draw19:00 - 21:30

Om arr.
Bli med på ei triveleg teikneøkt i Kabuso, fredag 27. oktober kl 19-21.30! Vertskap og instruktør: TBA Uformelt lag og noko godt i glaset. Passar amatørar like mykje som profesjonelle.
Om arr.
Bli med på ei triveleg teikneøkt i Kabuso, fredag 27. oktober kl 19-21.30!
Vertskap og instruktør: TBA
Uformelt lag og noko godt i glaset. Passar amatørar like mykje som profesjonelle.
Tid
(Fredag) 19:00 - 21:30
Billettar på nett
>>> KJØPArr. på Facebook
>>> Sjekk utsun22okt13:00Film: Når hjertet hvisker (Whisper of the Heart).Bornas Kabuso13:00

Om arr.
Film: Når hjertet hvisker (Whisper of the Heart). Tid: 1 t 51 min. Alder: 6 år / alle i følge med vaksen Teiknestund etter filmen Om filmen: Ein dag i sommarferien ser Shizuku ein
Om arr.
Film: Når hjertet hvisker (Whisper of the Heart).
Tid: 1 t 51 min.
Alder: 6 år / alle i følge med vaksen
Teiknestund etter filmen
Om filmen: Ein dag i sommarferien ser Shizuku ein merkverdig katt ta toget åleine og bestemmer seg for å følgje etter katten.
Inga påmelding. Medlemsskap i klubben kostar 90 kroner per barn og gir gratis inngang til alle arrangementa hausten 2023. Vaksne går gratis på filmane i følge med barn.
Bornas Kabuso er ein kunst- og filmklubb for alle born. Her viser me mellom anna animasjonsfilm og byr på kreative verkstadar. Verkstadane vert stort sett til i samarbeid med Kunstnarhuset Messen.
Tid
(Sundag) 13:00
Arrangør
Kabuso Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
lau21okt16:00Greg NiemczukKlassisk flygelkonsert16:00

Om arr.
Pianist Greg Niemczuk byr på Chopin og Grieg i kammermusikksalen i Kabuso laurdag 21. oktober kl 16: Chopin og Grieg - to musikalske brør Greg Niemczuk har ei verdsomspennande karriere og nesten
Om arr.
Pianist Greg Niemczuk byr på Chopin og Grieg i kammermusikksalen i Kabuso laurdag 21. oktober kl 16:
Chopin og Grieg – to musikalske brør
Greg Niemczuk har ei verdsomspennande karriere og nesten 20 års erfaring som konsertpianist. Han har halde meir enn 500 konsertar i 36 land over heile verda og på alle kontinent.
Greg Niemczuk er høgt respektert av musikk-kritikarane.Og ikkje minst er han elska og beundra av eit stort publikum for sitt poetiske og kjenslevare spel og i sin lindenskaplege virtuositet.
Noreg er blant favorittlanda hans og kvart år opptrer han i meir enn 30 ulike byar og tetstadar over heile landet. Uoffisielt er han den mest turnerande pianisten i Noreg!
Niemczuk knyter saman musikken han spelar med ord – og forklarar dei klassiske verka for publikum. Difor er ikkje berre kjend for spelet sitt, men også for si evne til å få kontakt med publikum. Han gjer den klassiske musikken lett forståeleg og underhaldande, sjølv for dei som ikkje er trente lyttarar av klassisk musikk.
Greg Niemczuk har gjennom karriera si vunne mange klaverkonkurransar og prisar – m.a. i New York (Carnegie Hall Debut Competition) og Warzawa (Den nasjonale Chopin-konkurransen 2010).
Han er elles svært aktiv på internett og via YouTube gjer han klassisk musikk populær blant musikkelskarar over heile verda.
PROGRAM:
1. avdeling
· Edvard Grieg: Hommage á Chopin op. 73 nr. 5
· Edvard Grieg; Notturno op. 54 nr. 4
· Frédéric Chopin: Nocturne op. 15 nr. 2
· Edvard Grieg;: Sommerfugl op. 43 nr. 1
· Frédéric Chopin: Etyde op. 25 nr. 9 –(Sommerfugl)
· Edvard Grieg: 25 Norske folkedanser og folkesanger op. 17:
Nr. 1 – Springdans Nr. 5 – Jølsring
Nr. 7 – Halling Nr. 18 – Stabbe-låten
· Frédéric Chopin: 5 Mazurkas op. 6: nr. 1, nr. 2, nr. 3, nr. 5
Mazurka op. 56 no.2
· Edvard Grieg;: 4 Norske folkedanser op. 35:
1. Allegro moderato
2. Allegretto tranquillo e grazioso
3. Allegro moderato alla Marcia
4. Allergro molto
Pause
2. avdeling
· Frédéric Chopin: Nocturne Ess-dur Op. 9 Nr. 2
· Edvard Grieg: «Jeg elsker deg» – op. 5 nr. 3
· Frédéric Chopin: Scherzo nr. 2 b-moll Op. 31
· Edvard Grieg: «Peer Gynt»-suite op. 46 nr. 1
1. Morgenstemning
2. Mor Åses død
3. Anitras dans
4. I Dovregubbens hall
· Frédéric Chopin: Polonese Ass-dur Op. 53 nr. 6 “Den heroiske”
Tid
(Laurdag) 16:00
Stad
Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
Billettar på nett
>>> KJøpArr. på Facebook
>>> Sjekk utfre20okt19:00Andy Sheppard & Espen Eriksen trioMELANKOLSK OG OPPLØFTANDE19:00

Om arr.
Andy Sheppard - saksofon Espen Eriksen - piano/komposisjon Lars Tormod Jenset - kontrabass Andreas Bye - trommer Bristiske Andy Sheppard er ein av Europas fremste saksofonistar og har hatt stor innflyting på den internasjonale
Om arr.
Andy Sheppard – saksofon
Espen Eriksen – piano/komposisjon
Lars Tormod Jenset – kontrabass
Andreas Bye – trommer
Bristiske Andy Sheppard er ein av Europas fremste saksofonistar og har hatt stor innflyting på den internasjonale jazzscena. I samspel med ein ein av våre aller beste pianotrioar, Espen Eriksen trio, ligg det dermed an til ei framifrå oppleving – i Kabuso fredag 20. oktober kl 19.
Bandet er kjend for melodisk minimalisme, subtile komposisjonar og vakre, lyriske stemningar gjennom fleire strålande album på plateselskapet Rune Grammofon og konserter verda rundt.
For å sitera BBC si melding av trioen si andre plate:
”A wonderfully plaintive jazz record, abandoned to the lost art of melodic minimalism, stripped back and beautifully near bare. No smoke and mirrors, just the graceful chemistry of superb musicians at the top of their game”.
Me ynskjer velkomen til ein konsert med fengslande og lyriske songar – ofte melankolske og oppløftande på same tid
Tid
(Fredag) 19:00
Billettar på nett
>>> KJØPArr. på Facebook
>>> Sjekk utsun08okt13:00sun15:00Familieverkstad med kunstnar Mina Arakaki(JP)Bornas Kabuso13:00 - 15:00

Om arr.
Kva ser du frå vindauget ditt? Kva skulle du ynskje du såg, og kva trur du at du ser i framtida? Saman med kunstnar Mina Arakaki frå Japan skal me
Om arr.
Kva ser du frå vindauget ditt? Kva skulle du ynskje du såg, og kva trur du at du ser i framtida? Saman med kunstnar Mina Arakaki frå Japan skal me utforske kva som kan vere på utsida av ulike vindauge ved hjelp av teikning og collage. Mina har med seg teikningar av både typisk norske og japanske vindauge som utgangspunkt for å illustrere vidare.
Famileverkstad: Under verkstaden får ein utfalda seg kreativt med ulike materialar og metodar. Verkstaden er utforma av ein profesjonell kunstnar som saman med vertar frå Kabuso leiar verkstaden. Kvar gong kjem ny kunstnar og nye oppgåver. Meir info om kva verkstaden inneheld vert lagt ut når dagen nærmar seg.
Inga påmelding.
Medlemskap i klubben kostar 90 kroner per barn og gir gratis inngang til alle arrangementa hausten 2023.
Bornas Kabuso er ein kunst- og filmklubb for alle born. Her viser me mellom anna animasjonsfilm og byr på kreative verkstadar. Verkstadane vert stort sett til i samarbeid med Kunstnarhuset Messen.
Tid
(Sundag) 13:00 - 15:00
Arrangør
Kabuso Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
Arr. på Facebook
>>> Sjekk utons04okt20:00Sigvart Dagsland trio20:00

Om arr.
Gå ikkje glipp av denne konserten med ein av våre mest etablerte artistar: Sigvart Dagsland byr inn til konsert i trioformat i Kabuso - 4. oktober kl 20! Her er det
Om arr.
Gå ikkje glipp av denne konserten med ein av våre mest etablerte artistar: Sigvart Dagsland byr inn til konsert i trioformat i Kabuso – 4. oktober kl 20!
Her er det stor sjans for å høyra Ka e du redd for, Alt eg såg og mange andre favorittar signert Dagsland.
Sigvart Dagsland – vokal, piano
Torjus Vierli – keyboards, vokal
Jango Nilsen – trommer, vokal
Songaren og låtskrivaren har gitt ut 20 soloalbum og held kring 40 konsertar over heile landet kvart år.
Dagsland fekk Prøysenprisen i 2009, har vore nominert til Spellemannsprisen 3 gongar og motteke denne 1 gong.
Han har seld over ein halv million plater.
>>> Sjå nettstaden til Dagsland
Tid
(Onsdag) 20:00
Stad
Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
Billettar på nett
>>> KJøpArr. på Facebook
>>> Sjekk utsun24sep13:00Film: Wallace og Gromit – varulvkaninens forbannelseBornas Kabuso13:00

Om arr.
Filmvisning i Bornas Kabuso: Wallace og Gromit – varulvkaninens forbannelse. 1 t 35 min. 6 år Teiknestund etter filmen Filmen handlar om oppfinnaren Wallace og hunden Gromit på jakt etter eit mystisk
Om arr.
Filmvisning i Bornas Kabuso: Wallace og Gromit – varulvkaninens forbannelse. 1 t 35 min. 6 år
Teiknestund etter filmen
Filmen handlar om oppfinnaren Wallace og hunden Gromit på jakt etter eit mystisk beist som et naboane sine grønsaker om natta.
Inga påmelding. Medlemsskap i klubben kostar 90 kroner per barn og gir gratis inngang til alle arrangementa hausten 2023. Vaksne går gratis på filmane i følge med barn.
Bornas Kabuso er ein kunst- og filmklubb for alle born. Her viser me mellom anna animasjonsfilm og byr på kreative verkstadar. Verkstadane vert stort sett til i samarbeid med Kunstnarhuset Messen.
Tid
(Sundag) 13:00
Arrangør
Kabuso Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
lau23sep20:00Erik LukashaugenSkogens visesongar20:00

Om arr.
Opplev Skogens visesongar i Kabuso laurdag 23. september kl 20! Erik Lukashaugen – akustisk gitar, song Tarjei Nysted – fele, nøkkelharpe, mandolin m.m. Erik Lukashaugen fekk gjennombrotet sitt i 2013 med debutalbumet Av
Om arr.
Opplev Skogens visesongar i Kabuso laurdag 23. september kl 20!
Erik Lukashaugen – akustisk gitar, song
Tarjei Nysted – fele, nøkkelharpe, mandolin m.m.
Erik Lukashaugen fekk gjennombrotet sitt i 2013 med debutalbumet Av en sliters memoarer. Albumet inneheld tonesette dikt av tømmerhoggaren Hans Børli. Albumet fekk topp tilbakemeldingar frå kritikarane og Lukashaugen vart tildelt Vidar Sandbeck sin kulturpris Regnbågåbrua.
Hausten 2021 slapp elverumsingen sitt femte album, Det vi rakk, som hausta lovord for både tekstar og musikk.
Den siste tida har artisten komponert ny og eksperimentell musikk som venteleg vil bli framført i Kabuso denne kvelden.
Lukashaugen har sidan starten vore ein av landets mest nytta viseartistar og har spelt meir enn 800 konsertar over heile landet. På scenen har han med seg gitarar og harmonium, samt ein stor porsjon improvisert humor.
Makkeren hans, multiinstrumentalisten Tarjei Nysted, er ei konsertoppleving åleine med sitt store talent og rikhaldige instrumentpark med m.a. nøkkelharpe, fiolin, mandolin, autoharpe pg stroviol.
>>> Nettstaden til Lukashaugen
Tid
(Laurdag) 20:00
Billettar på nett
>>> KJØPfre22sep19:00fre21:30Drink & Draw19:00 - 21:30

Om arr.
Bli med på ei triveleg teikneøkt i Kabuso, fredag 22. september kl 19-21.30! Vertskap og instruktør: TBA Uformelt lag og noko godt i glaset. Passar amatørar like mykje som profesjonelle. Bill kr 100,-
Om arr.
Bli med på ei triveleg teikneøkt i Kabuso, fredag 22. september kl 19-21.30!
Vertskap og instruktør: TBA
Uformelt lag og noko godt i glaset. Passar amatørar like mykje som profesjonelle.
Bill kr 100,- inkl. teiknemateriell
Open kafé/bar
Tid
(Fredag) 19:00 - 21:30
Påmelding
>>>Kjøp
Om arr.
Denne helga står i musikken og Hardanger Skyspace sitt teikn, med albumlansering i Kabuso og framføring av Kristin Bolstad sitt verk Kveld i sjølve lysverket fredag 22. september. (og ja,
Om arr.
Denne helga står i musikken og Hardanger Skyspace sitt teikn, med albumlansering i Kabuso og framføring av Kristin Bolstad sitt verk Kveld i sjølve lysverket fredag 22. september.
(og ja, det er også mogleg å bli med på ein Drink & Draw kl 19 denne kvelden). Laurdag 23. september vert det også høve til å oppleva verket Morgon same stad.
PROGRAM
Fredag 22. sept:
Kl 18, Kabuso kafé: Lansering av albumet Morgon og Kveld (gratis inngang)
Kl 19.30: Frammøte i Hardanger Skyspace for verket Kveld
Kl 19.41: Konsertstart. Varigheit: 45 min.
Laurdag 23. sept:
Kl 06.30: Frammøte for konserten Morgon
Kl 06.34: Konsertstart. Varigheit 41 min.
MORGON og KVELD er opphavleg to stadspesifikke verk for 3 vokalistar og James Turrell sitt lysverk Hardanger Skyspace i Øystese. Komponist er Kristin Bolstad. Medverkande vokalistar er Eira Huse, Linnea Casserly og Bolstad sjølv.
MORGON og KVELD fungerer som speglingar av kvarandre, der det eine verket startar der det andre sluttar, og omvendt. I samanheng vert dei to verka som ein syklus utan ein klar start eller slutt. Verka har ein kontemplativ karakter og søkjer reflektera lyset sin syklus gjennom demring og skumring, og den evige repetisjonen av det å vakna til liv og gå til ro. Langsame endringar er berande for verka og kan på mange måtar minna om ein lydleg meditasjon, slik også Hardanger Skyspace fungerer som ein meditasjon over lyset.
Hardanger Skyspace har som formål å la deg få sjå på himmelen ved soloppgang og solnedgang. Gjennom ei ellipseforma opning i taket ser ein opp på himmelen og korleis lyset endrar seg gjennom demring og skumring, medan skiftande fargar inni rommet manipulerer opplevinga av det ein ser. Hardanger Skyspace inviterer til ei kontemplativ oppleving, men stiller samstundes spørsmål ved vår eiga persepsjon gjennom synsbedraga som oppstår i møtet med lysverket.MORGON og KVELD vart urframført i Hardanger Skyspace i samband med haustjamdøger, september 2022. I konsertversjonen følger verka soloppgang og solnedgang, slik også lysverket i Hardanger Skyspace gjer, og lengda på verka endrar seg dermed i takt med lengda på soloppgang og solnedgang gjennom året. Innspelinga er derimot blitt gjort i studio, og verka har i tillegg vorte omarbeidd og tilpassa eit kortare, meir låtbasert og albumvenleg format, med tanke på utgjeving.
Tid
22 (Fredag) 18:00 - 23 (Laurdag) 07:30
Billettar på nett
>>> KJøpArr. på Facebook
>>> Sjekk utlau16sep18:00Marthe Lea band / Ayumi Tanaka trioDobbelkonsert18:00

Om arr.
Hald av 16. september for dobbelkonsert i Kabuso: Marthe Lea band + Ayumi Tanaka trio. Dobbelt so god oppleving! PROGRAM Kl 17: Huset opnar (igjen) Kl 18: Marthe Lea band Kl 19: Ayumi Tanaka trio Marthe
Om arr.
Hald av 16. september for dobbelkonsert i Kabuso: Marthe Lea band + Ayumi Tanaka trio.
Dobbelt so god oppleving!
PROGRAM
Kl 17: Huset opnar (igjen)
Kl 18: Marthe Lea band
Kl 19: Ayumi Tanaka trio
Marthe Lea Band er:
Marthe Lea – saksofon, fløyte, piano, gitar, vokal
Andreas Hoem Røysum – klarinettar
Hans P. Kjorstad – fele, fløyte
Egil Kalman – kontrabass, modulærsynth
Hans Hulbækmo – trommer
Ayumi Tanaka trio er:
Ayumi Tanaka – piano
Christian Meaas Svendsen – bass
Per Oddvar Johansen – trommer

Press Images
Tid
(Laurdag) 18:00
Stad
Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
Billettar på nett
>>> KJØPsun10sep13:00Familiekonsert: Tres MusicosBornas Kabuso13:00

Om arr.
Ta med heile familien på konsert sundag 10. september kl. 13! Latinamerikanske rytmar, dans, sand og trommespel. Møt flekkete kyr, dansande isbjørner, havfruer, brunkrabbar, esel, fårikål, varm sjokolade, karibiske krokodillar og
Om arr.
Ta med heile familien på konsert sundag 10. september kl. 13!
Latinamerikanske rytmar, dans, sand og trommespel. Møt flekkete kyr, dansande isbjørner, havfruer, brunkrabbar, esel, fårikål, varm sjokolade, karibiske krokodillar og reinsdyr.
Med Ole Andre Farstad, Hades Hernándes og Alejandro Huidobro Goya.
Halve Latinamerika skal med når Los Tres Músicos trør til. Perkusjonist Hades Hernandez kjem fra ein tradisjonell musikarfamilie på Cuba. Multi-instrumentalist Ole Andre Farstad har studert musikk på dei fleste kontinent, og har mellom anna vore flamencogitarist i Sevilla. Meksikanske Alejandro Huidobro spelar både perkusjon, trekkspill og strengeinstrument.
Praktisk info:
Konserten er open for alle – og også ein del av programmet i Bornas Kabuso.
Medlemskap for BK hausten 2023 gir gratis inngang for barnet, men ein må henta ut gratisbillett her.
Ynskjer barnet ditt å bli medlem i haust? Då kan du betala for medlemskapet her og ta kontakt i resepsjonen for å få medlemskort etc.
Følge for BK-medlem og andre vaksne betalar kr 75,-
Konserten vert i kafeområdet. Ved billettbestilling: Vel eit tilfeldig sete for å gjennomføra kjøp).
Huset er ope kl 11-16 denne dagen
Kafé med barnevenleg utval
Tid
(Sundag) 13:00
Arrangør
Kabuso Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
Billettar på nett
>>>KJØPfre08sep16:00Bygdapride 202316:00

Om arr.
Bli med på feiring av fargerikt fellesskap i Kvam! Bygdapride 2023 byr på ei rekkje arrangement i Øystese og Norheimsund 4.-9. september. Som tidlegare vil det også vera aktivitet i og kring
Om arr.
Bli med på feiring av fargerikt fellesskap i Kvam!
Bygdapride 2023 byr på ei rekkje arrangement i Øystese og Norheimsund 4.-9. september.
Som tidlegare vil det også vera aktivitet i og kring Kabuso desse dagane. Kom gjerne innom oss fredag 8. og laurdag 9. september for god input og herleg feiring!
Alle arrangement er gratis
Arr: Fargerikt Kvam
Tid
(Fredag) 16:00
Arr. på Facebook
>>> Sjekk utsun03sep13:00sun15:00FamilieverkstadBornas Kabuso13:00 - 15:00

Om arr.
Gratis familieverkstad. Drop in. Introduksjon til Bornas Kabuso som del av fritidsdagar i Kvam. Under denne verkstaden skal me ha 2 aktivitetar. Me skal måla med klinkekuler og laga enkle animasjonar på
Om arr.
Gratis familieverkstad. Drop in.
Introduksjon til Bornas Kabuso som del av fritidsdagar i Kvam.
Under denne verkstaden skal me ha 2 aktivitetar. Me skal måla med klinkekuler og laga enkle animasjonar på papir. Denne gongen er verkstaden gratis, men det er høve til å kjøpa medlemsskap, slik at ein kan vera med på dei andre aktivitetane i klubben gjennom hausten.
Inga påmelding. Medlemsskap i klubben kostar 90 kroner per barn og gir gratis inngang til alle arrangementa hausten 2023. Merk at vaksne må ha eigen billett til konserten med Tres Musicos, men går gratis på filmane.
Bornas Kabuso er ein kunst- og filmklubb for alle born. Her viser me mellom anna animasjonsfilm og byr på kreative verkstadar. Verkstadane vert stort sett til i samarbeid med Kunstnarhuset Messen.
Tid
(Sundag) 13:00 - 15:00
Arrangør
Kabuso Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
tors31aug19:00Føredrag: James Turrell - ekstraordinære idear realisertKunstbar19:00

Om arr.
Bli med på Kunstbar - torsdag 31. august kl 19! Kunsthistorikar Lill Stensrud held føredraget "James Turrell - ekstraordinære idear realisert". Deretter vert det visning i lysverket av same kunstnar; vår eigen
Om arr.
Bli med på Kunstbar – torsdag 31. august kl 19!
Kunsthistorikar Lill Stensrud held føredraget «James Turrell – ekstraordinære idear realisert».
Deretter vert det visning i lysverket av same kunstnar; vår eigen Hardanger Skyspace. Skumringsvisninga startar 20.45.
Den amerikanske kunstnaren James Turrell (1943-) har sidan 1960-talet arbeidd med lys som materiale. Turrell utforskar mogelegheitene lyset gir gjennom atmosfæriske og spektakulære verk som gir ei fornemming av volum og masse. I føredraget James Turrell: Ekstraordinære idear – realisert vil kunsthistorikar og musikkvitar Lill K. Stensrud sjå nærare på Turrell sitt kunstnarskap og kva som ligg bak dei usedvanlege lysverka hans. Stensrud vil mellom anna trekke fram Turrells Skyspace-serie, som i dag vert rekna som signaturverket hans. Kabuso sin Hardanger Skyspace vil bli trekt fram som verdas nordlegaste, eit av nærare 90 Skyspace Turrell sidan 1970-talet har laga.
Lill K. Stensrud er utdanna kunsthistorikar og musikvitar med hhv master i kunsthistorie og hovudfag i musikkvitskap frå Universitetet i Oslo, begge med ei spesialisering innanfor feltet immateriell kunst. Stensrud sitt yrkesliv er tett knytt opp mot den tverrfaglege bakgrunnen hennar med arbeidserfaring frå kunstinstitusjonar som Ekebergparken, Nasjonalmuseet, Henie Onstad Kunstsenter, Fotogalleriet, Galleri F15 og Momentum-biennalen, i tillegg til musikkinstitusjonar som Ultimafestivalen og Ny Musikk. Stensrud var i 2021 ein av deltakarane til Koro sitt kuratorprogram Kuratorpraksis + det offentlige rom. Ho har òg bakgrunn som vitskapleg assistent, samt redaktør, kritikar og frilans kurator. Stensrud arbeider i dag for Oslo kommune sin kunstsamling.
Inngang: 100,- (kun føredrag) /200,- (med visning)
Tid
(Torsdag) 19:00
Billettar på nett
>>> KJØPlau01jul14:00Janicke SchønningUtstillingsopning14:00

Om arr.
Vel møtt til opning av sommarens utstilling i Kabuso! Kunstnar Janicke Schønning viser i utstillinga "Eg var her" fram måleri og teikning som er blitt til i Hardanger. Opning ved fagleg leiar
Om arr.
Vel møtt til opning av sommarens utstilling i Kabuso!
Kunstnar Janicke Schønning viser i utstillinga «Eg var her» fram måleri og teikning som er blitt til i Hardanger.
Opning ved fagleg leiar Sissel Lillebostad. Kunstnaren er til stades under opninga.
Servering av eplemost og open kafe
Tid
(Laurdag) 14:00
Arrangør
Kabuso Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
sun11jun18:00Thomas DybdahlSolo18:00

Om arr.
Endeleg byr sjansen seg til å oppleva Thomas Dybdahl
Om arr.
Endeleg byr sjansen seg til å oppleva Thomas Dybdahl i Kabuso – sikra deg plass på konserten sundag 11. juni kl 18!
Alle med konsertbillett får også inngang i Vestlandsutstillingen (siste visningsdag!)
Dybdahl er ein av våre beste og mest profilerte musikarar. Han har med sine nydelege album etablert seg som ein av Norges store artistar og låtskrivarar.
For 20 år sidan sat Thomas Dybdahl med sitt første soloalbum “…That Great October Sound” mellom hendene. Albumet blei eit vendepunkt i karrieren med svært gode kritikkar, Spellemannspris og Edvard-pris.
VG skreiv i ein omtale av debutalbumet «Dybdahl alene er en aldri så liten åpenbaring med såre, vakre sanger fremført med den samme, nesten hviskende intensiteten som gjorde Jeff Buckley til allemannseie – hør bare åpningssporet «From Grace»!».
Ein solokonsert med Thomas Dybdahl er eit høve til å høra låtane hans slik dei opprinneleg vart til. I tillegg til å presentera klassikarar frå ei lang karriere spelar han og nyutgitt og nyskrive materiale på solokonsertane sine.
————
Thomas Dybdahl om solokonsertar:
For ti år siden tok jeg en avgjørelse om rulle i gang en slags evig soloturne og bli så god på det at det aldri ville føles som en budsjettversjon av en konsert med band.
Jeg ville prøve og heller spille på styrkene en slik kveld kunne ha, båndet man kunne få med publikum, stedene en kunne spille og friheten man kunne gi seg selv når man spilte sangene helt solo.
Siden den gang har jeg spilt så og si overalt i landet, alt fra Operaen i Oslo til Trevarefabrikken i Henningsvær, Lofoten, til Nidarosdomen, Trondheim.
Jeg har blitt utrolig glad i å spille disse solokonsertene og gleder meg masse til å fortsette turneen.
Nå har jeg et betydelig antall sanger å velge imellom og hver kveld er forskjellig fra den andre, noe som holder det spennende for både publikum og meg.
Håper vi ses!
Tid
(Sundag) 18:00
Billettar på nett
>>> KJøpsun14mai18:00Erlend Viken trioFolk18:00

Om arr.
¨Dette er musikk som treffer deg uansett om du er tilhenger av folkemusikk, rock eller blues¨. - Adresseavisen Lat deg treffa av musikken til Erlend Viken trio i Kabuso, sundag 14.
Om arr.
¨Dette er musikk som treffer deg uansett om du er tilhenger av folkemusikk, rock eller blues¨. – Adresseavisen
Lat deg treffa av musikken til Erlend Viken trio i Kabuso, sundag 14. mai kl 18!
Erlend Viken – fele og hardingfele
Marius Graff – elgitar og banjo
Sondre Meisfjord – kontr
Hausten 2022 kom trioen med ny plate etter tre års dvale. Albumet er sett saman av tradlåtar frå folkemusikken, men lydbiletet er noko heilt utanom det vanlege:
Med hardingfele, el-gitar og kontrabass presenterer Erlend Viken trio folkemusikk med eit lydbilde basert på norsk tradisjonsmusikk, og med inspirasjon frå improvisasjonsmusikk, rock og ørkenblues. Trioen har gjennom sine energiske liveopptredenar skaffa seg mange fans på tvers av sjangergrensene.
Er du open og klar?
Foto: Sigurd Ytre-Arne
Tid
(Sundag) 18:00
Billettar på nett
>>> KJøpsun14mai13:00sun15:00Familieverkstad med korgmakar Hege AasdalBornas Kabuso13:00 - 15:00

Om arr.
Vil du prøve å fletta ei lita skål? Laga tråd av bark? Utforske korleis ein kan bruke bark og gjenbruksmaterialar saman. Kom og lær teknikkar og leik med materiala saman
Om arr.
Vil du prøve å fletta ei lita skål? Laga tråd av bark? Utforske korleis ein kan bruke bark og gjenbruksmaterialar saman. Kom og lær teknikkar og leik med materiala saman med korgmakar Hege Iren Aasdal.
Under verkstaden frå de utfalda dykk kreativt med ulike materialar og metodar. Verkstaden er utforma av ein profesjonell kunstnar, som saman med vertar frå Kabuso leiar verkstaden. I samarbeid med KH Messen i Ålvik. Kvar gong kjem ein ny kunstnar og nye oppgåver.
Inga påmelding. Medlemsskap i klubben kostar 90 kroner per barn og gir gratis inngang til alle arrangementa våren 2023. Kjøp av medlemsskap 14. mai gjeld også for hausten 2023. Bornas Kabuso er ein kunst- og filmklubb for alle born. Her viser me mellom anna animasjonsfilm og byr på kreative verkstadar.
Tid
(Sundag) 13:00 - 15:00
Arrangør
Kabuso Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
lau06mai19:00Eriksson/Myhr/MalmströmFolk19:00

Om arr.
Opplev denne svensk-norske trioen i Kabuso laurdag 6. mai kl 19 (NB! Merk tida - sjå bort frå andre tidspunkt enn 19!) Eriksson/Myhr/Malmstrøm presenterar nykomponert folkemusikk for gitar, hardingfele og klarinett. Thomas
Om arr.
Opplev denne svensk-norske trioen i Kabuso laurdag 6. mai kl 19 (NB! Merk tida – sjå bort frå andre tidspunkt enn 19!)
Eriksson/Myhr/Malmstrøm presenterar nykomponert folkemusikk for gitar, hardingfele og klarinett.
Thomas Eriksson (komposisjonar/gitar)
Helga Myhr (hardingfele)
Anna Malmström (klarinett)
Huset opnar (igjen) 1 time før konsertstart som vanleg
Tid
(Laurdag) 19:00
Billettar på nett
>>> KJøpsun30apr12:00sun15:00FilmdagBornas Kabuso12:00 - 15:00

Om arr.
Utstillingsrommet i Kabuso vert fylt med korte og lengre filmar, og andre kreative aktivitetar sundag 30. april mellom kl. 12 og 15.. Inga påmelding. Medlemsskap i klubben kostar 90 kroner per
Om arr.
Utstillingsrommet i Kabuso vert fylt med korte og lengre filmar, og andre kreative aktivitetar sundag 30. april mellom kl. 12 og 15..
Inga påmelding. Medlemsskap i klubben kostar 90 kroner per barn og gir gratis inngang til alle arrangementa åren 2023. Bornas Kabuso er ein kunst- og filmklubb for alle born. Her viser me mellom anna animasjonsfilm og byr på kreative verkstadar.
Bilete frå kortfilmen Gorillahjerne til middag
Tid
(Sundag) 12:00 - 15:00
Arrangør
Kabuso Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

Om arr.
Martin Myhre Olsen - saksofon Kjetil Mulelid - piano Bárður Reinert Poulsen - kontrabass Simon Olderskog Albertsen - trommer Lovorda haglar over Wako og under konserten i Kabuso sundag 23.
Om arr.
Martin Myhre Olsen – saksofon
Kjetil Mulelid – piano
Bárður Reinert Poulsen – kontrabass
Simon Olderskog Albertsen – trommer
Lovorda haglar over Wako og under konserten i Kabuso sundag 23. april kan du sjekka ut den lovpriste jazzkvartetten.
Med fem album og eit hundretals liveopptredenar i ryggen, spelar Wako med ein autoritet og personlegdom som plasserar dei i fortroppen av nordisk jazz.
Wako er ein av dei mest dynamiske og innovative gruppene på dagens jazzscene, og har bygd ei solid fanskare og hausta heider frå kritikarar nært og fjernt.
I følge ein kritikar i All about jazz (US) er Wako «eit norsk jazzkollektiv med ein verkeleg kollektivt sound».
Wako har teke sin stadig utvikla musikalitet og kreativitet med rundt Europa, og gjengjeve musikken sin live både saman med strykarane i Oslo Strings og saman med blant anna trompetvirtuos Arve Henriksen.
Musikkens omfang er alltid nøye justert til publikum, miljø og musikalsk materiale. Det betyr at konsertane ikkje berre er superlative, men og unike opplevingar.
Kort fortalt er Wako ei av dei mest imponerande unge livegruppene i dag og vel verd ein live lytt
Tid
(Sundag) 18:00
Billettar på nett
>>> KJøplau22apr14:00Performance: Røynd og kjensle14:00

Om arr.
Dei utstillingsaktuelle kunstnarane Terese Longva og Rita Marhaug, i lag med medlemer frå Performance Art Bergen, byr på performancehendinga Røynd og kjensle - laurdag 22. april kl 14. Programmet
Om arr.
Dei utstillingsaktuelle kunstnarane Terese Longva og Rita Marhaug, i lag med medlemer frå Performance Art Bergen, byr på performancehendinga Røynd og kjensle – laurdag 22. april kl 14. Programmet startar i utstillinga og held fram i Kabuso sin park og kafé.
Gratis inngang – alle er velkomne!
Tid
(Laurdag) 14:00
lau22apr13:00KakaokonsertUnge talent13:00

Om arr.
Lat deg sjarmera av unge talent frå Kvam kulturskule - laurdag 22. april kl 13! Fire gongar i året byr kulturskulen inn til konsert i Kabuso - for å la deg
Om arr.
Lat deg sjarmera av unge talent frå Kvam kulturskule – laurdag 22. april kl 13!
Fire gongar i året byr kulturskulen inn til konsert i Kabuso – for å la deg og dine oppleva kva dei held på med.
Då kan du lena deg tilbake og høyra alt frå den vakraste song til den råaste gitarsoloen.
Du vil garantert bli både imponert, rørt og sjarmert – kakaokonsertane byr alltid på gode overraskingar!
Før og etter konserten kan du gjerne nyta kafélivet på huset – sjølvsagt med m.a. varm kakao og tilbehør på menyen.
NB! KabusoVen gjeld ikkje på kakaokonsertar då desse er ferdig rabatterte
Arr: Kvam kulturskule og Kabuso
Tid
(Laurdag) 13:00
Billettar på nett
>>> KJøpsun16apr18:00Kira Martini QuartetSoul/Jazz18:00

Om arr.
Kira Martini - vokal Mads Søndergaard - piano/harmonika Joel Illerhag - kontrabass Andreas Fryland - trommer Etter utallige oppmodingar (og ei lengre korona-utsetjing) kjem publikumsfavoritten no tilbake til Kabuso - sundag 16. april kl
Om arr.
Kira Martini – vokal
Mads Søndergaard – piano/harmonika
Joel Illerhag – kontrabass
Andreas Fryland – trommer
Etter utallige oppmodingar (og ei lengre korona-utsetjing) kjem publikumsfavoritten no tilbake til Kabuso – sundag 16. april kl 18!
Den danske songaren og låtskrivaren Kira Martini og bandet hennar er eit kjend namn på den danske jazzscenen – og sjarmerte altså Kabuso-publikumet i senk ved forrige besøk.
Med sin postitive energi; si varme og flotte stemme og eit breidt repertoar av ulike stilartar er Kira Martini ulik alle andre songarar på scenen.
«Den danske sanger, Kira Martini, synger hvert minutt, på en måte som virkelig får deg til å føle noe!
>>> Sjekk ut nettstaden til Kira Martini
Tid
(Sundag) 18:00
Billettar på nett
>>> KJøpsun16apr13:00sun15:00FamilieverkstadBornas Kabuso13:00 - 15:00

Om arr.
Vel møtt til ny kreativ verkstad i Bornas Kabuso. Saman med kunstnar Yvette Lardionois frå Nederland skal me laga bøker, både "vanlege" bøker og trekkspelbøker. Kunstnaren gir oss òg nokre
Om arr.
Vel møtt til ny kreativ verkstad i Bornas Kabuso. Saman med kunstnar Yvette Lardionois frå Nederland skal me laga bøker, både «vanlege» bøker og trekkspelbøker. Kunstnaren gir oss òg nokre idear om korleis me kan illustrera bøkene.
Under verkstadane i Bornas Kabuso får de utfalda dykk kreativt med ulike materialar og metodar. Verkstaden er utforma av ein profesjonell kunstnar, som saman med vertar frå Kabuso leiar verkstaden. I samarbeid med KH Messen i Ålvik. Kvar gong kjem ein ny kunstnar og nye oppgåver.
Inga påmelding. Medlemsskap i klubben kostar 90 kroner per barn og gir gratis inngang til alle arrangementa åren 2023. Bornas Kabuso er ein kunst- og filmklubb for alle born. Her viser me mellom anna animasjonsfilm og byr på kreative verkstadar.
Tid
(Sundag) 13:00 - 15:00
Arrangør
Kabuso Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
tors13apr19:00Utsett: Kunstbar - James TurrellUformell møteplass19:00

Om arr.
Denne kunstbaren er diverre utsett til august. Sjekk gjerne programmet for andre arrangement i mellomtida! _______________________ Bli med på Kunstba!! Kunsthistorikar Lill Stensrud held føredrag om den amerikanske kunstnaren James Turrell. Deretter vert det
Om arr.
Denne kunstbaren er diverre utsett til august. Sjekk gjerne programmet for andre arrangement i mellomtida!
_______________________
Bli med på Kunstba!!
Kunsthistorikar Lill Stensrud held føredrag om den amerikanske kunstnaren James Turrell.
Deretter vert det visning i lysverket av same kunstnar; vår eigen Hardanger Skyspace.
Kunstbar er ein uformell møteplass for deg og meg i Kabuso, kor me tek opp ulike tema knytt til kunst. Ofte inkluderer me og kreative aktivitetar.
Inngang: 100,-
Om Kunstbar:
Kvar månad vert eit nytt tema presentert. Temaet relaterer seg til utstillingar og anna aktuelt i Kabuso.
Kunstbar har som mål å vera ein uformell møtestad for deg og meg
Tid
(Torsdag) 19:00
sun02apr13:00Film: Arriettas hemmelige verdenBornas Kabuso13:00

Om arr.
Sundag 2. april kl. 13 viser Bornas Kabuso den japanske animasjonsfilmen Arriettas hemmelige verden. Varigheit 1 t. 34. min. Aldersgrense 6 år (tillatt for alle saman med ein vaksen). Under golvet
Om arr.
Sundag 2. april kl. 13 viser Bornas Kabuso den japanske animasjonsfilmen Arriettas hemmelige verden. Varigheit 1 t. 34. min. Aldersgrense 6 år (tillatt for alle saman med ein vaksen).
Under golvet i eit stort og vakkert hus, i ei magisk attgrodd hage, bur vetle Arrietta saman med dei like små foreldra sine. Alt dei eig lagar dei av ting dei låner. Dei låner berre litt om gongen, slik at ingen legg merke til det. Men blir dei sett av eit menneske, då må dei flytta.
Inga påmelding. Medlemsskap i klubben kostar 90 kroner per barn og gir gratis inngang til alle arrangementa åren 2023. Bornas Kabuso er ein kunst- og filmklubb for alle born. Her viser me mellom anna animasjonsfilm og byr på kreative verkstadar.
Tid
(Sundag) 13:00
Arrangør
Kabuso Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
tors30mar19:00PåskeeggKunstbar19:00

Om arr.
Det nærmar seg påske og me vil i denne kunstbaren invitera til eggedekorasjonsverkstad. Verkstaden for vaksne blir ein torsdagkveld i triveleg lag; 30. mars kl 19. Vertskap og instruktør vert Aukse
Om arr.
Det nærmar seg påske og me vil i denne kunstbaren invitera til eggedekorasjonsverkstad. Verkstaden for vaksne blir ein torsdagkveld i triveleg lag; 30. mars kl 19.
Vertskap og instruktør vert Aukse Drungiliene. Ho kjem frå Litauen kor eggedekorasjon har sterke tradisjonar og vil syna oss ulike teknikkar for dette.
Praktisk info:
* Det er berekna 6 egg pr person. Ta med ferdig kokte egg sjølv – eller kjøp hos oss (velg billettkategori for dette via link under)
* Kabuso stiller med voks, fargestoff o.l.
* Kun 12 plassar
* Open kafé/bar
Tid
(Torsdag) 19:00
Billettar på nett
>>> KJøpsun26mar18:00ØKLAND & APELAND18:00

Om arr.
NILS ØKLAND fiolin, hardingfele SIGBJØRN APELAND trøorgel Nils Økland er ein av Noregs leiande felespelarar, ein fornyar av tradisjonell folkemusikk, og brubyggjar til klassisk og moderne musikk. Han komponerer det meste av
Om arr.
NILS ØKLAND fiolin, hardingfele
SIGBJØRN APELAND trøorgel
Nils Økland er ein av Noregs leiande felespelarar, ein fornyar av tradisjonell folkemusikk, og brubyggjar til klassisk og moderne musikk. Han komponerer det meste av musikken sjølv, frå vakre melodiske balladar og atmosfæriske eksperiment, til mørkare lydbilete. Han har vore solist med ulike orkester og ensemble i mange europeiske land, og hatt fleire turnear for Rikskonsertane, i det meir jazzrelaterte er 1982 og samarbeid med Arve Henriksen det mest kjende.
Kyrkjeorganist og etnomusikologdoktor Sigbjørn Apeland har sitt daglege virke ved Griegakademiet, og har medverka på nær 60 plater, frå Jørgen Sandvik og Tom Roger Aadland, via Sondre Bratland og Berit Opheim til 1982 og Alog. Saman skapar dei lågmælt og vedunderleg musikk i tussmørkret mellom religiøs musikk, folketonar og improvisasjon.
Tid
(Sundag) 18:00
Billettar på nett
>>> KJØPsun19mar13:00sun15:00FamilieverkstadBornas Kabuso13:00 - 15:00

Om arr.
Korleis drøymer du om å bu? Saman med kunstnar Huang Chih Hua frå Taiwan skal me nytte resirkulerte materialar til å skapa ein drøymebustad. Me nyttar pappesker, magasin, farga papir
Om arr.
Korleis drøymer du om å bu? Saman med kunstnar Huang Chih Hua frå Taiwan skal me nytte resirkulerte materialar til å skapa ein drøymebustad. Me nyttar pappesker, magasin, farga papir med meir.
Under verkstaden frå de utfalda dykk kreativt med ulike materialar og metodar. Verkstaden er utforma av ein profesjonell kunstnar, som saman med vertar frå Kabuso leiar verkstaden. I samarbeid med KH Messen i Ålvik. Kvar gong kjem ein ny kunstnar og nye oppgåver.
Inga påmelding. Medlemsskap i klubben kostar 90 kroner per barn og gir gratis inngang til alle arrangementa åren 2023. Bornas Kabuso er ein kunst- og filmklubb for alle born. Her viser me mellom anna animasjonsfilm og byr på kreative verkstadar.
Tid
(Sundag) 13:00 - 15:00
Arrangør
Kabuso Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
lau18mar20:00Inger Nordvik trio20:00

Om arr.
«Det er sjeldan å høyre debutalbum som er så overtydande» - Deutschlandfunk Inger Nordvik er ein norsk songar og komponist med eit musikalsk univers forma av den klassiske bakgrunnen hennar, røter
Om arr.
«Det er sjeldan å høyre debutalbum som er så overtydande» – Deutschlandfunk
Inger Nordvik er ein norsk songar og komponist med eit musikalsk univers forma av den klassiske bakgrunnen hennar, røter i norsk folkemusikk men også av omgjevnadane hennar som veks opp i den ville naturen i nord. Samanlikna allereie med slike som Joni Mitchell og Kate Bush, har det blitt sagt at musikken hennar har ein tendens til å unngå perfeksjon på ein fengande måte, og trassar enkel kategorisering når den vert utvida til pop, nordisk folk og jazz.
Inger vart fødd i Harstad og byrja å spele piano i ein alder av seks år. Lidenskapen hennar for musikk inspirerte ho seinare til å ta utdanning i klassisk song, og i ein alder av 19 gjekk ho på det anerkjende Barratt Due musikkinstitutt i Oslo. Men den intuitive musikkforståinga hennar samt interessa for pop, soul og jazz, førde ho attende til der det heile starta, framfor pianoet, der ho improviserte fram melodiar.
Etter å ha fullført musikkstudia, byrja Inger å eksperimentere med låtskriving. Ho starta etter kvart eit samarbeid med to jazzmusikarar som opna ei dør til ei heilt ny verd av kreativitet, og dynamikk i skriveprosessen så vel som den interaktive forbetringa i livesettet hennar. Debutalbumet «Time» utgitt 7. februar 2020 har ein unik og godt lagd lyd, som utnyttar akustikken til århundregamle kyrkje for innspelinga. Hun handplukka ei blanding av strykarar, små kor og jazzmusikarar for å skape ei organisk og varm touch som er signaturlyden til musikken hennar.
Anten det er solo eller akkompagnert av musikarar, tek Inger seg alltid tid til å skreddersy dei fine detaljane i komposisjonane og framføringane, og ser dei vekse og sakte få eit eige liv. Mjuk og intim i augneblikka og stormfull og kaotisk i andre, musikken søkjer sine røter. Som vatn som strøymer til kilda, er den søte og krystallklare stemma et fyrtårn i et hav av ord.
Tid
(Laurdag) 20:00
Billettar på nett
>>> KJØPlau11mar14:00Påskemåne ØnskesolFamilieførestilling14:00

Om arr.
Ta gjengen din med på familieførestillinga kalla Påskemåne Ønskesol - basert på ei bok av Jo Tenfjord og Harald Nordberg laurdag 11. mars kl 14! Den som får sjå sola
Om arr.
Ta gjengen din med på familieførestillinga kalla Påskemåne Ønskesol – basert på ei bok av Jo Tenfjord og Harald Nordberg laurdag 11. mars kl 14!
Den som får sjå sola danse på påskemorgonen kan ynskje seg noko!
Påskemåe Ønskesol er ei leken og vakker førestilling for barn frå 4-10 år og familiane deira. Sysken, foreldre og ikkje minst besteforeldre er varmt velkomne.
Langt nord i Svartdalen bur Vesle-Live og pappa. Oldemor Gammel-Live bur i kårstova ute på tunet. Men ein dag skjer det noko, og Vesle-Live får eit viktig oppdrag.
Thea Borring Lande fortel og spelar Vesle-Live, medan Jo Berger Myhre toneset førestillinga. Med enkle verkemidlar av høg kvalitet fortel dei ei stor, lita historie, ramma inn av års- og livssyklusane til livet og naturen, på borna sine premissar. Marte Magnusdotter Solem har regissert førestillinga med eit klokt blikk – med mykje glimt i auga og kjærleik til menneska.
Om utøvarane:
Skodespelar Thea Borring Lande har spelt store roller på fleire av dei største scenane i landet, men det ho elskar aller mest, er å spela i små rom med akkurat passe mange menneske i. For her møtest me på ordentleg! Ho brenn for å gje publikum gode teateropplevingar med plass til både latter og kanskje ei lita tåre i augekroken.
Bassist og komponist Jo Berger Myhre har i årevis spelt i band med store artistar innan både popmusikk og jazz, som Frida Ånnevik, Nils Petter Molvær og Ingrid Olava.
Som teatermusikar fyller han rommet og forteljinga med klangar og melodiar som får oss til å lytte endå betre.
Medverkande:
Thea Borring Lande – skodespelar, kunstnerisk leiar
Jo Berger Myhre – musikar på scenen, komponist
Marte Magnusdotter Solem – regi
Anngjerd Rustand – scenografi
Hedda Simonsen Lund – kostymedesign
Sigrid Edvardsson – koreografi
Gunnbjørg Johannessen – produsent
Lone Klein – inspisient
Akin Duzakin – Illustrasjon
Marte Vold – foto/video
Førestillinga er støtta av:
Norsk kulturfond, Spenn.no, Fond for lyd og bilde, Det norske komponistfond, Fond for utøvende kunstnere, Kloden Teater, Bergesenstiftelsen og Nesodden kommune.
Tid
(Laurdag) 14:00
Stad
Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
Billettar på nett
>>> KJøptors09mar20:00Utseld: Ingebjørg Bratland trioPop20:00

Om arr.
Ingebjørg Bratland har lenge stått på ønskelista for konsertar i Kabuso, og torsdag 9. mars kl 20.00 (merk ny dato/tidspunkt!) kan du endeleg oppleva henne live i konsertsalen vår! Ingebjørg Bratland
Om arr.
Ingebjørg Bratland har lenge stått på ønskelista for konsertar i Kabuso, og torsdag 9. mars kl 20.00 (merk ny dato/tidspunkt!) kan du endeleg oppleva henne live i konsertsalen vår!
Ingebjørg Bratland er knapt fylt 30 år, men ho er allereie godt kjend for si vakre songstemme og eineståande formidlingsevne.
Karriera hennar starta i ung alder i folkemusikkmiljøet. Sidan orientert seg meir mot popverda og låtane hennar har fått eit umiskjenneleg Bratlandsk særpreg.
Ingebjørg har dei seinare åra vore særs aktiv på konsertfronten og har turnert med prosjekt som albuma Månesinn (2015), Hjarteskjell (2017), Papirfly (2020) i tillegg til fleire juleprosjekt.
Ingebjørg er nysgjerrig og oppsøkande i musikkvala sine. Det viser godt igjen i hennar mest kjende låtar, som er ei blanding av hennar eigne og tolkingar av andre sine låtar. Med songar som m.a. Jul i Svingen, Ingen som du, På avstand, Fordi eg elskar deg, Ljos, Stjernene med Lars Vaular, Vintersong, Bror og Di Ingebjørg har ho bora seg inn i den norske folkesjela. Live er ho ein fabelaktig formidlar og ein konsert med Ingebjørg byr alltid på nydelege låtar ispedd lune anekdotar.
Tid
(Torsdag) 20:00
Billettar på nett
>>> KJøpsun05mar18:00Time Is A Blind GuideMelodiøs jazz18:00

Om arr.
Thomas Strønen og Time Is a Blind Guide vender tilbake til Kabuso for å gje deg nye gode jazzopplevingar - søndag 5. mars kl 18! Thomas Strønen – trommer/komposisjon Ayumi Tanaka –
Om arr.
Thomas Strønen og Time Is a Blind Guide vender tilbake til Kabuso for å gje deg nye gode jazzopplevingar – søndag 5. mars kl 18!
Thomas Strønen – trommer/komposisjon
Ayumi Tanaka – piano
Håkon Aase – fiolin
Leo Svensson Sander – cello
Ole Morten Vågan – bass
Trommeslagar og komponist Thomas Strønen rekrutterte eit stjernelag til prosjektet ”Time is a blind guide”, ein bukett nye komposisjonar fremført av eit spanande ensemble med strykarar, piano og ein oppegåande rytmeseksjon.
Sjølv sier Strønen om prosjektet:
”Besetningen har en instrumentering som bærer preg av at jeg ønsker flere ensembler i ett. Musikken er melodisk og «tid» er et essensielt begrep også rent kompositorisk, både i form av utfordrende rytmikk, men også i det underliggende, med mye luft i komponeringen. Min musikalske oppvekst har vært mangfoldig, med ECM estetikk så vel som klassisk og elektronisk- og impromusikk; med dette prosjektet prøver jeg å samle mange endetråder.”
Strønen sin idé om ensemblemøter; eit strykarensemble, eit perkusjonsensemble og ein pianotrio er utgangspunktet for den uttrykksfulle musikken me møter denne kvelden, drive fram av handplukka musikarar frå begge sider av Nordsjøen.
Tid
(Sundag) 18:00
Stad
Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
Billettar på nett
>>> KJøpsun05mar13:00Film: Reisa til Fjørkongens rikeBornas Kabuso13:00

Om arr.
Sundag 5. mars kl. 13 viser Bornas Kabuso den svensk-danske animasjonsfilmen Reisa til Fjørkongens rike. Varigheit 1 t. 18 min. Tillatt for alle.Bord med teiknesaker tilgjengeleg før, under og etter
Om arr.
Sundag 5. mars kl. 13 viser Bornas Kabuso den svensk-danske animasjonsfilmen Reisa til Fjørkongens rike. Varigheit 1 t. 18 min. Tillatt for alle.Bord med teiknesaker tilgjengeleg før, under og etter filmen.
Kanina Johan bur saman med far sin på ein båt. Dei bur der fordi faren er redd for Fjørkongen, som har teke mor til Johan. Ein dag legg Johan ut på eit stort eventyr. Han vil finna mor si. Ein vakker, trist og spanande film.
Inga påmelding. Medlemsskap i klubben kostar 90 kroner per barn og gir gratis inngang til alle arrangementa åren 2023. Bornas Kabuso er ein kunst- og filmklubb for alle born. Her viser me mellom anna animasjonsfilm og byr på kreative verkstadar.
Tid
(Sundag) 13:00
Arrangør
Kabuso Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
sun19feb13:00sun15:00FamilieverkstadBornas Kabuso13:00 - 15:00

Om arr.
Bli med på ferie til månen! Saman med illustratør og kunstnar Sophie D´Henin frå Paris skal me fantasera oss ut i verdsrommet og laga eigne bilete av ein ferietur til
Om arr.
Bli med på ferie til månen! Saman med illustratør og kunstnar Sophie D´Henin frå Paris skal me fantasera oss ut i verdsrommet og laga eigne bilete av ein ferietur til månen med hjelp av collage. Familieverkstaden i Bornas Kabuso er arrangert i samarbeid med KH Messen i Ålvik.
Under verkstadane i Bornas Kabuso frå de utfalda dykk kreativt med ulike materialar og metodar. Verkstaden er utforma av ein profesjonell kunstnar, som saman med vertar frå Kabuso leiar verkstaden. I samarbeid med KH Messen i Ålvik. Kvar gong kjem ein ny kunstnar og nye oppgåver.
Inga påmelding. Medlemsskap i klubben kostar 90 kroner per barn og gir gratis inngang til alle arrangementa åren 2023. Bornas Kabuso er ein kunst- og filmklubb for alle born. Her viser me mellom anna animasjonsfilm og byr på kreative verkstadar.
Tid
(Sundag) 13:00 - 15:00
Arrangør
Kabuso Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
Billettar på nett
KJØP MEDLEMSSKAPtors16feb12:00BrettspelkaféKvar torsdag12:00

Om arr.
Lyst å spela brettspel? Kvar torsdag mellom klokka 12 og 14 kan du koma innom kaféen i Kabuso og spela brettspel. Du kan koma åleine eller saman med andre - og
Om arr.
Lyst å spela brettspel?
Kvar torsdag mellom klokka 12 og 14 kan du koma innom kaféen i Kabuso og spela brettspel.
Du kan koma åleine eller saman med andre – og du vil alltid finna nokon å spela med. Her finn du eit godt utval av ulike spel.
Arrangementet er gratis – kaffi/te får du også.
I kaféen kan du kjøpa både søtt og salt om du ynskjer det..
Arr: Grannehjelpa og Kabuso
Tid
(Torsdag) 12:00
Stad
Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
Arr. på Facebook
>>> Sjekk utfre10feb20:00Mats Eilertsen trioMelodiøs jazz20:00

Om arr.
Unn deg ein fredagskveld med Mats Eilertsen trio! Fredag 10. februar kl 20 kan du lata deg omfamna av gode melodiøse jazzvibbar frå denne framifrå trioen. Mats Eilertsen, bass Harmen Fraanje, piano (NL)
Om arr.
Unn deg ein fredagskveld med Mats Eilertsen trio!
Fredag 10. februar kl 20 kan du lata deg omfamna av gode melodiøse jazzvibbar frå denne framifrå trioen.
Mats Eilertsen, bass
Harmen Fraanje, piano (NL)
Thomas Strønen, trommer
Foto: CF Wesenberg
Tid
(Fredag) 20:00
Billettar på nett
>>> KJøp billettsun05feb13:00Film: DumboBornas Kabuso13:00

Om arr.
Første arrangement i Bornas Kabuso i 2023 er visning av Disney-klassikaren Dumbo frå 1941. Varigheit 1 t. 4 min. Bord med teiknesaker tilgjengeleg før, under og etter filmen. Elefantungen Dumbo veks
Om arr.
Første arrangement i Bornas Kabuso i 2023 er visning av Disney-klassikaren Dumbo frå 1941. Varigheit 1 t. 4 min. Bord med teiknesaker tilgjengeleg før, under og etter filmen.
Elefantungen Dumbo veks opp på sirkus. Der vert han erta for dei store øyra sine, men saman med musa Timothy finn han ut korleis han skal bruka øyra til å fly med. Slik vert han den einaste flygande elefanten i verda og ein stor attraksjon i sirkuset.
Inga påmelding. Medlemsskap i klubben kostar 90 kroner per barn og gir gratis inngang til alle arrangementa åren 2023. Bornas Kabuso er ein kunst- og filmklubb for alle born. Her viser me mellom anna animasjonsfilm og byr på kreative verkstadar.
Kjøp medlemskap for våren 2023 digitalt (under) eller i resepsjonen
Tid
(Sundag) 13:00
Billettar på nett
Kjøp medlemskaplau28jan21:00Marthe Valle21:00

Om arr.
Laurdag 28. januar kl 21 byr Kabuso inn til ein finfin kveld i musikalt lag med Marthe Valle Marthe Valle er ein Bergens-basert artist og låtskrivar, opprinneleg frå Harstad. Med
Om arr.
Laurdag 28. januar kl 21 byr Kabuso inn til ein finfin kveld i musikalt lag med Marthe Valle
Marthe Valle er ein Bergens-basert artist og låtskrivar, opprinneleg frå Harstad. Med si unike stemme og jordnære tekstar om universelle spørsmå og utfordringar, har ho sidan starteni 2004 fått eit trofast publikum. Ho har så langt hatt ei mangefasettert karriere, med utgjevingar på både norsk og engelsk, og som bidragsytar på mange ulike prosjekt og innspelingar.
Valle er også ein ein samfunnsengasjert artist som ofte brukar musikken til å formidla sitt engasjement, både gjennom tekstar og samarbeid med organisasjonar som Norsk folkehjelp, Kirken bymisjon og Dråpen i havet.
Med debutalbumet Bag of Candy (2005) vann ho sin første Spellemannspris, og følgde opp med Foverver Candid i 2008. Med albumet Fann fram i 2014 gjekk Valle over til å synga på dialekt. Både dette albumet og oppfølgaren Alt kan ikke sies (2017) gav henne brei radiostøtte med fleire A-lista låtar på NRK P1.
RO/URO frå 2018 var eit konseptalbum som opphavleg vart skrive og framført som bestillingsverk for Festspillene i Nord-Norge. Tematisk utforskar det spørsmåla kring menneskets tilstand i dagens samfunn og korleis den travle livsstilen mange lever med, stadig distanserar oss frå dei viktige verdiane i forholda våre til andre menneske og den indre balansen. Frå albumet tilbakestilling har me det siste året knytt oss til singlane Pilar, Favn om og Vi lar det gå.
Tid
(Laurdag) 21:00
Billettar på nett
>>> KJøplau28jan14:00UtstillingsopningMarhaug & Longva / Stenseth14:00

Om arr.
Velkomen til utstillingsopning i Kabuso laurdag 28. januar kl 14! I utstillingssalen opnar hovudutstillinga Røynd og kjensle ved Rita Marhaug og Terese Longva. I foajéen kan du oppleva Av Helene av
Om arr.
Velkomen til utstillingsopning i Kabuso laurdag 28. januar kl 14!
I utstillingssalen opnar hovudutstillinga Røynd og kjensle ved Rita Marhaug og Terese Longva. I foajéen kan du oppleva Av Helene av Anne-Lise Stenseth.
Kl 14.45: Kunstnarsamtale med dei tre kunstnarane
Filmvisning i konsertsalen kl 14.10 / 14.45 / 15.20: Veggar som kviskrar av Anne-Lise Stenseth. Varigheit: 33 min.
Open kafé med lunsjrettar og kaffimat
Les meir på kunstnarane sine nettsider:
>>> Rita Marhaug
>>> Terese Longva
>>> Anne-Lise Stenseth
Tid
(Laurdag) 14:00
Arr. på Facebook
>>> Sjekk utsun18des13:00Film: Jul i FlåklypaBornas Kabuso13:00

Om arr.
Med filmen Jul i Flåklypa humrar me oss inn i den lune julestemninga, sundag 18. desember kl 13. Filmen vert vist i regi av Bornas Kabuso (gratis for medlemer m/følge), men
Om arr.
Med filmen Jul i Flåklypa humrar me oss inn i den lune julestemninga, sundag 18. desember kl 13.
Filmen vert vist i regi av Bornas Kabuso (gratis for medlemer m/følge), men er open for alle som kjøper enkeltbillett.
Om filmen:
Det nærmar seg jul og bygda er blitt lova snø. Solan, Ludvig og Reodor er på saka, men ein dag forsvinn plutseleg Reodor, og så forsvinn snømaskina.
Varigheit: 1 t 16 min.
Alder: Alle
Bornas Kabuso er ein kunst- og filmklubb for alle born. Her viser me mellom anna animasjonsfilm og byr på kreative verkstadar.
Førehandssal av billettar på TicketCo (link under)
Tid
(Sundag) 13:00
Arrangør
Kabuso Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
Billettar på nett
>>> Sikra deg plassArr. på Facebook
>>> Sjekk utlau10des13:00JulekakaokonsertUnge talent13:00

Om arr.
Lat deg sjarmera av unge talent frå Kvam kulturskule - laurdag 10. desember kl 13! To gongar i løpet av hausten 2021 byr kulturskulen inn til konsert i Kabuso - for
Om arr.
Lat deg sjarmera av unge talent frå Kvam kulturskule – laurdag 10. desember kl 13!
To gongar i løpet av hausten 2021 byr kulturskulen inn til konsert i Kabuso – for å la deg og dine oppleva kva dei held på med.
Då kan du lena deg tilbake og høyra alt frå den vakraste song til den råaste gitarsoloen.
Du vil garantert bli både imponert, rørt og sjarmert – kakaokonsertane byr alltid på gode overraskingar!
Før og etter konserten kan du gjerne nyta kafélivet på huset – sjølvsagt med m.a. varm kakao og tilbehør på menyen.
NB! KabusoVen gjeld ikkje på kakaokonsertar då desse er ferdig rabatterte
Arr: Kvam kulturskule og Kabuso

Foto, Kabuso: Ung hardingfelespelar under Kakaokonsert
Tid
(Laurdag) 13:00
Billettar på nett
>>> KJøp
Om arr.
Elevar i visuelle kunstfag ved Kvam kulturskule stiller ut arbeid frå hausten. Utstillinga vert offisielt opna 10. desember kl. 11.30. Denne hausten har elevane jobba mykje med ulike former for avtrykk,
Om arr.
Elevar i visuelle kunstfag ved Kvam kulturskule stiller ut arbeid frå hausten. Utstillinga vert offisielt opna 10. desember kl. 11.30.
Denne hausten har elevane jobba mykje med ulike former for avtrykk, både avtrykk av eigne motiv, men óg avtrykk av til dømes blad eller bobleplast. Dei set spor etter seg i bileta. I tillegg til trykk inneheld utstillinga keramikk og måleri. I foajeen i Kabuso til og med 18. desember.
Tid
10 (Laurdag) 11:30 - 18 (Sundag) 16:00
Arrangør
Kabuso Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
tors08des19:00Føredrag: Halvor Folgerø om Vestlandsvegar19:00

Om arr.
Halvor Folgerø fortel om livet på farlege vegar - i Kabuso 8. desember kl 19. Folgerø gjev i haust ut boka Vestlandsvegar: Frå Trollstigen til Djevelens veranda Vestlandet er kjend for smale,
Om arr.
Halvor Folgerø fortel om livet på farlege vegar – i Kabuso 8. desember kl 19.
Folgerø gjev i haust ut boka Vestlandsvegar: Frå Trollstigen til Djevelens veranda
Vestlandet er kjend for smale, svingete og farlege vegar gjennom tronge fjordar og over bratte fjell. I dag er mange av skrekk-vegane erstatta av tunnellar. I den nye boka tek Halvor Folgerø oss med på ei reise tilbake i tid og på utsida av tunnellane, til både berykta og berømte vegar. Nokre vegstrekk er kjende og ikoniske, som Måbødalen, Tokagjelet og Ørnevegen i Geiranger. Andre er meir bortgøymde, men alle ligg i dramatisk natur, og har vore krevjande å ferdast på.
Dette er historia om då vegane vart bygde, men minst like viktig er forteljinga om korleis det var å leve med slike vegar. Det kunne vere nervepirrande, særleg om vinteren. Posten skulle fram, varene skulle leverast og elevane skulle på skulen. Som regel gjekk det bra, men ikkje alltid. Det handlar om hårnålssvingar, rygging på stup, kork og kø, skrekkslagne turistar, fødsel i førarhus, dramatiske ras og utforkøyringar. Nokre historier er nesten ikkje til å tru, som forteljinga om dei tre unggutane som var på veg ned Tokagjelet i Hardanger vinteren 1975. Dei fekk sleng på bilen, fauk over støypekanten, svevde 50 meter i fritt fall, men landa i ei mjuk snøfonn. Alle tre kom frå det utan større fysiske skader.
Saman teiknar desse vegane eit bilete av kvardagslivet på Vestlandet i nær fortid, og dei fortel om ein ufatteleg vilje til å trosse den steile naturen.
Halvor Folgerø (f. 1967) er journalist, musikar og forfattar frå Stord. Han har tidlegare gitt ut to bøker saman med Finn Tokvam:
Romanen Tyl og Ler dei no så har eg vunne. Eit portrett av Ragnar Hovland.
Folgerø er kjend som programleiar for programposten Førkveld i NRK. Han har tidlegare vore programleiar for Mediemenerne og arbeidd med humor i Radio Røynda.
Folgerø er musikar og spelar bass i gruppa Aftenlandet og fagott i populærorkesteret Finn-Erix.
Foto: Tove Breistein
Tid
(Torsdag) 19:00
Billettar på nett
>>> KJøpsun04des13:00sun15:00Kreativ verkstadBornas Kabuso13:00 - 15:00

Om arr.
Drop inn verkstad for born i Kabuso. Under verkstaden får borna utfalda seg med former og fargar. Denne gongen skal me utforske to ulike teknikkar: Me skal sjå kva
Om arr.
Drop inn verkstad for born i Kabuso. Under verkstaden får borna utfalda seg med former og fargar. Denne gongen skal me utforske to ulike teknikkar: Me skal sjå kva som skjer når ein blandar oljepastell og akvarell, og me skal lage skrapebilete. Denne verkstaden er leia av Kabuso sine eigne formidlarar.
Inga påmelding. Medlemsskap i klubben kostar 90 kronar per born og gir gratis inngang til alle arrangementa hausten 2022. Bornas Kabuso er ein kunst- og filmklubb for alle born. Her viser me mellom anna animasjonsfilm og byr på kreative verkstadar.
Tid
(Sundag) 13:00 - 15:00
Arrangør
Kabuso Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
lau26nov18:00Ine Hoem & Edvard HoemSTERKE TEKSTAR OG VAKRE MELODIAR18:00

Om arr.
Merk tidspunktet: Kl 18 er korrekt klokkeslett! Beklagar avvikande opplysingar andre stader. _______________________ Edvard Hoem – forteljar Ine Hoem – vokal Markus Lillehaug Johnsen – gitar Andreas Ulvo – piano Jo Berger Myhre – bass Pål Hausken –
Om arr.
Merk tidspunktet: Kl 18 er korrekt klokkeslett!
Beklagar avvikande opplysingar andre stader.
_______________________
Edvard Hoem – forteljar
Ine Hoem – vokal
Markus Lillehaug Johnsen – gitar
Andreas Ulvo – piano
Jo Berger Myhre – bass
Pål Hausken – trommer
Far og dotter Hoem har opplevd stor suksess på kvar sitt felt. Edvard Hoem har gleda lesarar over heile Noreg gjennom fleire generasjonar, blant anna med romanane om slekta som utvandra til Amerika. Ine Hoem har gjort stor suksess med si smakfulle visepop med songar som «Jeg vil aldri hjem» og «Vi trenger ikke hage vi».
Albumet «Alt vi har kjært» er Ine Hoems melodiar og nyskrevne tekstar av Edvard Hoem. Ein finn og salmar som «Den Fattige Gud» av Henning Sommerro og «No stig vår song» av Håkon Berge. Hausten 2021 var Ine Hoem og Edvard Hoem på sin fyrste turné saman i forbindelse med releasen.
Albumet mottok strålande kritikkar:
«Karrieretopp» Audun Vinger/ Dagens Næringsliv
«Det kanskje viktigste kompliment jeg kan gi far og datter Hoem her, er likevel at de visker ut grenser mellom kjønn og menneskelig alder og bakgrunn, mellom før og nå, mellom lyrikk og musikk» Olav Solvang / Vårt Land
«Trøst i koronaens tid – Ine Hoem blir bare bedre og bedre» Erik Valebrokk om singelen 6/6
Det musikalske samarbeidet mellom far og dotter Hoem, tok til for meir enn femten år sidan, men vart fyrst offentleg kjend med den vakre gjendiktinga og versjonen av «Å, signa natt», hausten 2020, som mellom anna vart framførd på NRK Lindmo i desember 2020.
«Alt vi har kjært er skriven i ei tid med uro og uvisse. Det slo meg at ein ikkje burde skrive om dét, men i staden om dei store og små samanhengar som rammar inn menneskelivet, og som er der, same kor kaotisk og usikker tida ser ut til å vera. Vi står mellom framtidshåp og fortida med sine minne, vi lever i årstidene og døgn-tidene, i kvardagen og i kosmos. Og alt dette skal inn i nokre få verselinjer, som også skal uttrykke livsfryd og glede over alt det fantastiske som livet trass at har å by på» Edvard Hoem.
I samarbeid med produsent Markus Lillehaug Johnsen og nokre fantastiske improviserande musikarar, har Ine skapt eit unikt univers i møte mellom visepop, jazz og salmar, og Edvard sine tekstar.
Dette vert ei konsertoppleving av dei sjeldne, der Ine syng faren sine tekstar på meisterleg vis, medan Edvard Hoem les frå sin siste roman Felemakaren og dei andre utvandrarromanane sine. Ine syng og nokre av sine mest kjende songar. Samspelet mellom far og dotter bør opplevast, der humor, alvor, musikk og tekst går opp i ei høgare eining.
Bu deg på sterke tekstar og vakre melodiar!
Tid
(Laurdag) 18:00
Billettar på nett
>>> KJØPsun20nov13:00Film: Kikis budserviceBornas Kabuso13:00

Om arr.
Filmvisning i Bornas Kabuso: Kikis budservice. Om ei ung heks som prøver å finne plassen sin i verda. Når heksene fyller 13 år skal dei flytte heimefrå, verta sjølvstendige og
Om arr.
Filmvisning i Bornas Kabuso: Kikis budservice.
Om ei ung heks som prøver å finne plassen sin i verda. Når heksene fyller 13 år skal dei flytte heimefrå, verta sjølvstendige og finne ut kva evner dei har. Ein fullmånekveld klatrar Kiki oppå sopelimen sin, og saman med den snakkande katten Jiji, reiser ho ut i den store verda som eit flygande bod.
1 t 43 min. Tillat for alle
Inga påmelding. Medlemsskap i klubben kostar 90 kronar per born og gir gratis inngang til alle arrangementa hausten 2022. Bornas Kabuso er ein kunst- og filmklubb for alle born. Her viser me mellom anna animasjonsfilm og byr på kreative verkstadar. Nytt denne hausten er at internasjonale kunstnarar som held til i kunstnarhuset Messen i Ålvik leiar verkstaden saman med ein vert frå Kabuso.
Tid
(Sundag) 13:00
Arrangør
Kabuso Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
ons09nov21:00KARI BREMNESDUO21:00

Om arr.
Onsdag 9. november kl 21 opptrer Kari Bremnes i duoformat med Bengt Egil Hanssen på tangentar. Me får eit unikt høve til å oppleve Kari Bremnes i eit sjeldan intimt format
Om arr.
Onsdag 9. november kl 21 opptrer Kari Bremnes i duoformat med Bengt Egil Hanssen på tangentar.
Me får eit unikt høve til å oppleve Kari Bremnes i eit sjeldan intimt format i konsertsalen i Kabuso.
Nordvendt, europeisk, ope, stort, personleg og melankolsk – er ord som kan skildre Bremnes sin musikk.
Den enorme spennvidda i konsertane hennar er ein signatur for Kari Bremnes band. Frå det ljosaste til det ganske mørke og rå.
Og heile tida med ein nærleik til folk og livsskjebne. Bremnes har skrive songar i 20 år og gjeve ut 15 soloalbum.
Ho har i dag eit større publikum enn nokon gong, med eit stort konsertpublikum i fleire land og eit platepublikum over heile verda.
Foto: Per Heimly
Tid
(Onsdag) 21:00
Billettar på nett
>>> KJØPArr. på Facebook
>>> Sjekk utsun06nov18:00Ketil BjørnstadSYTTI ÅR - SOLO PIANO18:00

Om arr.
SYTTI ÅR – SOLO PIANO (og sju nyskrivne dikt) Jubileumskonsert I 2022 blir Ketil Bjørnstad 70 år, og i den samanheng vert det jubileumskonsert i Kabuso 6. november, der me får møte Bjørnstad
Om arr.
SYTTI ÅR – SOLO PIANO
(og sju nyskrivne dikt)
Jubileumskonsert
I 2022 blir Ketil Bjørnstad 70 år, og i den samanheng vert det jubileumskonsert i Kabuso 6. november, der me får møte Bjørnstad åleine ved flygelet.
Sjølv seier Bjørnstad: «Solo-konsertane har vore grunnlaget for mi musikalske karriere. Dei markerer byrjinga og slutten. Åleine med flygelet oppstår ei særeigen og nær kontakt med publikum som påverkar dei musikalske vala undervegs. Også instrumentet og akustikken i lokalet er med på å gjere kvar einaste konsert til noko heilt spesielt. Kvar enkelt konsert vil bli annleis enn den forrige.»
Turneen opnar på Rockefeller 4. mai 2022, og 6.november kjem turen til Øystese og Kabuso.
Grappa Musikkforlag gir ut CD/DVD-en New Morning (Live from Sentralen, Oslo, April 2020), eit live-opptak der Bjørnstad sjølv kjenner at han får synt heilt nye sider av seg sjølv som pianist. Det musikalske innhaldet i konsertane er repertoar fra heile Bjørnstads musikalske karriere, men og nye komposisjonar og improvisasjonar. På same måten kan dei nyskrivne dikta by på både gamle og helt uventa motiver, fra debuten med Alene Ut i 1972 fram til i dag.
Sidan Bjørnstad også feirar 50-årsjubileum som forfattar, gir Aschehoug forlag ut Sommernatt ved fjorden – Kjærlighetsdikt gjennom 50 år samstundes, med utvalde bilde av Gro Mukta Holter.
Velkomen til ein verdig og innhaldsrik jubelkveld med jubilanten Ketil Bjørnstad i førarsetet!
Tid
(Sundag) 18:00
Billettar på nett
>>> KJØPsun06nov13:00sun15:00Kreativ verkstadBornas Kabuso13:00 - 15:00

Om arr.
Drop inn kreativ verkstad. Under verkstaden får borna utfalda seg med former og fargar. Denne verkstaden er leia med ein lokal kunstnar, Aud Bækkelund, som mellom anna har hatt soloutstilling
Om arr.
Drop inn kreativ verkstad. Under verkstaden får borna utfalda seg med former og fargar. Denne verkstaden er leia med ein lokal kunstnar, Aud Bækkelund, som mellom anna har hatt soloutstilling i Kabuso. Me skal prøve ut den grafiske trykketeknikken monotypi med ei gamal rulle. Aktiviteten har ulike vanskegradar, slik at både 2-åring og 12-åringen får noko å bryne seg på.
Inga påmelding. Medlemsskap i klubben kostar 90 kronar per born og gir gratis inngang til alle arrangementa hausten 2022. Bornas Kabuso er ein kunst- og filmklubb for alle born. Her viser me mellom anna animasjonsfilm og byr på kreative verkstadar. Nytt denne hausten er at internasjonale kunstnarar som held til i kunstnarhuset Messen i Ålvik leiar verkstaden saman med ein vert frå Kabuso.
Tid
(Sundag) 13:00 - 15:00
Arrangør
Kabuso Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
sun06nov12:00SundagsomvisingFjordmelk Jordtåke12:00

Om arr.
Bli betre kjend med utstillinga Fjordmelk Jordtåke. Kabuso sin formidlar gir deg eit innblikk i utstillinga denne sundagen. Omvisinga er inkludert i inngangsbilletten. OM UTSTILLINGA Utstillinga Fjordmelk Jordtåke er eit samarbeid mellom
Om arr.
Bli betre kjend med utstillinga Fjordmelk Jordtåke. Kabuso sin formidlar gir deg eit innblikk i utstillinga denne sundagen. Omvisinga er inkludert i inngangsbilletten.
OM UTSTILLINGA
Utstillinga Fjordmelk Jordtåke er eit samarbeid mellom Stine Gonsholt og Åse Løvgren og gruppa Skifte.Land, som er sett saman av Malin Lobell, Frøydis Lindén og Sidsel Bonde. Kunstnarane har over tid undersøkt landskapet kring Øystese og Hardangerfjorden med ulike målestokkar. Dei har observert, segla, omarbeidd data og reflektert. Dei har òg invitert andre til å bidra. Verka som vert vist speglar desse ulike prosessane.
Som del av utstillinga inviterte Skifte.Land i september til eit seglande symposium, (F)jorden. Hardangerjakta Mathilde vart lasta med kunstnarar, forskarar, fagfolk og frukt for reisa frå bygdene i indre Hardanger til Bergen by. Frå 3. november har Fjordmelk Jordtåke fått påfyll av fleire verk som inntrykk og refleksjonar frå seglasen.
Tid
(Sundag) 12:00
Arrangør
Kabuso Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
lau29okt20:00Stig UlvGitarbasert instrumental20:00

Om arr.
Stig Ulv – gitar Stig Ulv er ein sta strengeinstrumentalist med underfundig humor som leikar seg gjennom sine møte med publikum. I 2021 feirar han ti år som soloartist og i
Om arr.
Stig Ulv – gitar
Stig Ulv er ein sta strengeinstrumentalist med underfundig humor som leikar seg gjennom sine møte med publikum. I 2021 feirar han ti år som soloartist og i 2022 er han klar med bok. Boka har fått namnet, Strengar av ord, og no vil ein konsert med Stig Ulv innehalde musikk, opplesing og bilete.
Tekstane baserer seg på melodiane til Stig Ulv og lyttarane vil nok bli overraska når han no blir ei krysning av musikar og poet. Musikken er den same, men forma vil vere litt anleis.
Gitaristen frå Ørsta har sakte, men sikkert tileigna seg eit stort publikum rundt om i landet. Han har pakka koffertane med instrumenta i bilen, og køyrt tusenvis av mil for å møte dei som har trengt ei pause frå kvardagen. Alle dei som helst vil lukke auga, vende blikket innover og ta med seg musikken til Stig Ulv på reisa.
Han har sjølv laga melodien med det treffande namnet «Strengetonar». Det er øvinga han har blitt ein einar i. Fingrane flyg ikkje over gripebrettet for å imponere, men for å fange stemningane i den vestlandske naturen, i sorg og melankoli.
Men ei konsertoppleving med Stig Ulv byr også på latter og i blant latterkrampe. Han kommuniserer direkte med sine tilhøyrar gjennom sjølvironiske anekdotar. Han tar ikkje seg sjølv alvorleg – men tilhengjarane tar absolutt Stig Ulv seriøst. Tekstane på melodiane inneheld både humor og alvor, men Stig Ulv sin signatur vil du finne i både tekst og musikk.
Tid
(Laurdag) 20:00
Billettar på nett
>>> KJØPtors27okt20:00To heimkomne Ruth Lillegraven & Agnes Ravatn 20:00

Om arr.
Torsdag 27. oktober byr Kabuso inn til ein skikkeleg kulturkveld med Ruth Lillegraven og Agnes Ravatn med fleire: Det blir høgtlesing, samtale og musikk. Dersom salongkultur og eleverte samtalar over
Om arr.
Torsdag 27. oktober byr Kabuso inn til ein skikkeleg kulturkveld med Ruth Lillegraven og Agnes Ravatn med fleire:
Det blir høgtlesing, samtale og musikk.
Dersom salongkultur og eleverte samtalar over ein iskald absint er livet for deg, vil truleg bygda bli ein stor skuffelse.
For det er neimen ikkje sikkert du finn nokon her å diskutere Heidegger med, om det skulle vere din store lidenskap (men det er som regel alltid eit par som lever som Wittgenstein).
Til gjengjeld vil du straks få hjelp om du treng nokon til å brøyte, naboar kjem på døra med sengemat dersom du har fødd, låner deg stillaset sitt og deler uoppfordra gamle stauder med deg.
Agnes Ravatn, frå kronikken «Det verste med å bu på bygda. Ein rural-pandemisk flyktningeguide.»
Agnes Ravatn og Ruth Lillegraven har til felles at dei har flytta heim, Agnes til Sveio og Ruth til Granvin. Korleis blir det å skrive og skape, derifrå? Ser ein nærare etter finst det meir å utforske i likskapane mellom dei to forfattarane. Briljansen i èin sjanger, leiken med mange andre, til dømes. Kva meir? Journalist og forfattar Kjersti Mjør leier samtalen mellom dei to heimkomne. Tonefylgje ved Annlaug Børsheim.
Programmet er i samarbeid med Rom for ord.
Foto:
Av Ruth Lillegraven (øverst) © Paal Audestad
Av Agnes Ravatn © Agnete Brun
Tid
(Torsdag) 20:00
Billettar på nett
>>> KJøpsun23okt15:00Live radio: Folk & Dyr15:00

Om arr.
Bli med som tilhøyrar under Folk & Dyr live radio i Kabuso - sundag 23. oktober kl 15! Våren 2022 reiste kunstnarane Yngvild Færøy og Søssa Jørgensen rundt i øykommunen
Om arr.
Bli med som tilhøyrar under Folk & Dyr live radio i Kabuso – sundag 23. oktober kl 15!
Våren 2022 reiste kunstnarane Yngvild Færøy og Søssa Jørgensen rundt i øykommunen Solund, lengst vest i Vestland, og stilte desse spørsmåla i podcasten sin, Folk & Dyr:
Kva kan dyr fortelje oss om verda – og om oss sjølv? Korleis er dyr ein del av livsgrunnlaget så langt frå fastlands-Noreg?
Folk & Dyr er eit kunstprosjekt i live-radio- og podkastformat av Yngvild Færøy og Søssa Jørgensen. Det starta i Skiptvet i Østfold i 2017. Sidan har dei besøkt Sørenga og Salten, Bergen og Harstad. Saman med folk med lidenskap for dyr, utforskar dei spørsmåla om kva samspelet med dyr fortel oss:
Kva slags dyr vel me å ha tett innpå oss? Korleis vert dyra påverka av aktivitetane våre?
Om kunstnarane
Yngvild Færøy og Søssa Jørgensen er kunstnarar med bakgrunn frå mellom anna radiOrakel og lydkunstkollektivet BallongMagasinet.
Tidligare produksjonar inkluderar samarbeid med NRK, Høstutstillingen, Galleri F 15, Konsthall C i Stockholm og Festspillutstillingen i Harstad.
I dei ulike episodane vert me betre kjend med folke- og dyrelivet på øyane.
Tid
(Sundag) 15:00
sun23okt13:00Film: Løvenes kongeBornas Kabuso13:00

Om arr.
Vel møtt til film i Bornas Kabuso: Løvenes konge. Det er ein stor dag i løveriket når løveungen Simba vert fødd. Ein dag skal han overta trona, men ein dag
Om arr.
Vel møtt til film i Bornas Kabuso: Løvenes konge.
Det er ein stor dag i løveriket når løveungen Simba vert fødd. Ein dag skal han overta trona, men ein dag skjer noko grusamt og løveflokke utstøyter Simba.
1 t 30 min. Aldersgrense 6 år (Alle barn kan sjå filmen, men dei under 6 år må sjå han saman med ein vaksen.)
Inga påmelding. Medlemsskap i klubben kostar 90 kronar per born og gir gratis inngang til alle arrangementa hausten 2022. Bornas Kabuso er ein kunst- og filmklubb for alle born. Her viser me mellom anna animasjonsfilm og byr på kreative verkstadar. Nytt denne hausten er at internasjonale kunstnarar som held til i kunstnarhuset Messen i Ålvik leiar verkstaden saman med ein vert frå Kabuso.
Tid
(Sundag) 13:00
Arrangør
Kabuso Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
lau22okt13:00KakaokonsertUnge talent13:00

Om arr.
Lat deg sjarmera av unge talent frå Kvam kulturskule - laurdag 19. februar kl 13! To gongar i løpet av hausten 2022 byr kulturskulen inn til konsert i Kabuso - for
Om arr.
Lat deg sjarmera av unge talent frå Kvam kulturskule – laurdag 19. februar kl 13!
To gongar i løpet av hausten 2022 byr kulturskulen inn til konsert i Kabuso – for å la deg og dine oppleva kva dei held på med.
Då kan du lena deg tilbake og høyra alt frå den vakraste song til den råaste gitarsoloen.
Du vil garantert bli både imponert, rørt og sjarmert – kakaokonsertane byr alltid på gode overraskingar!
Før og etter konserten kan du gjerne nyta kafélivet på huset – sjølvsagt med m.a. varm kakao og tilbehør på menyen.
NB! KabusoVen gjeld ikkje på kakaokonsertar då desse er ferdig rabatterte
Arr: Kvam kulturskule og Kabuso
Tid
(Laurdag) 13:00
Billettar på nett
>>> KJøpArr. på Facebook
>>> Sjekk utsun09okt13:00sun15:00Kreativ verkstadBornas Kabuso13:00 - 15:00

Om arr.
Under verkstaden får borna utfalda seg med former og fargar. Denne verkstaden er leia av kunstnaren Son Seon Kyung frå Sør-Korea. Me skal laga handlaga animasjon med enkle material.
Om arr.
Under verkstaden får borna utfalda seg med former og fargar. Denne verkstaden er leia av kunstnaren Son Seon Kyung frå Sør-Korea. Me skal laga handlaga animasjon med enkle material. Aktiviteten har ulike vanskelighetsgradar, så både 2-åringen og 12-åringen får noko å bryne seg på. Son har for tida eit arbeidsopphald ved Kunstnarhuset Messen. Ho snakkar engelsk, men Kabuso sine vertar hjelper med omsetjing og rettleiing.
Inga påmelding. Medlemsskap i klubben kostar 90 kronar per born og gir gratis inngang til alle arrangementa hausten 2022. Bornas Kabuso er ein kunst- og filmklubb for alle born. Her viser me mellom anna animasjonsfilm og byr på kreative verkstadar. Nytt denne hausten er at internasjonale kunstnarar som held til i kunstnarhuset Messen i Ålvik leiar verkstaden saman med ein vert frå Kabuso.
Tid
(Sundag) 13:00 - 15:00
Arrangør
Kabuso Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
lau08okt11:00lau16:00Epletrykk- verkstadAktivitet for born11:00 - 16:00

Om arr.
I samband med Siderfestivalen i Hardanger tilbyr Kabuso ein høveleg drop in-aktivitet for born: Laurdag 8. oktober kan du nemleg ta med deg ein eller fleire små vener på epletrykk-verkstad. Tilbodet gjeld
Om arr.
I samband med Siderfestivalen i Hardanger tilbyr Kabuso ein høveleg drop in-aktivitet for born:
Laurdag 8. oktober kan du nemleg ta med deg ein eller fleire små vener på epletrykk-verkstad.
Tilbodet gjeld i heile opningstida kl 11-16.
Om veret tillet det blir verkstaden ute i Ingebrigt Vik-parken, elles inne i Kabuso
Tid
(Laurdag) 11:00 - 16:00
tors06okt11:00tors15:00GratistorsdagGratis inngang i utstillingane11:00 - 15:00

Om arr.
Høyrt om gratistorsdag i Kabuso? Kvar første torsdag i månaden kan du oppleva utstillingane utan å tenkja på inngangsbillett. Aktuelle opplevingar for denne gratistorsdagen: Rita Mahaug / Terese Longva Hardanger Skyspace
Om arr.
Høyrt om gratistorsdag i Kabuso? Kvar første torsdag i månaden kan du oppleva utstillingane utan å tenkja på inngangsbillett.
Aktuelle opplevingar for denne gratistorsdagen:
Rita Mahaug / Terese Longva
Hardanger Skyspace (utan lysprogram – eigne tider/billett for dette)
Ingebrigt Vik museum
Tid
(Torsdag) 11:00 - 15:00
lau01okt20:00STEIN TORLEIF BJELLASØRGMODIG GLEDE OG ROMANTISK HJARTESORG20:00

Om arr.
Ein av våre aller største visekunstnarar leverer melodiar og historier med ei formidlingsevne få er i nærleiken av. Stein Torleif Bjella gjorde seg for alvor bemerka med solodebuten «Heidersmenn» i 2009. To
Om arr.
Ein av våre aller største visekunstnarar leverer melodiar og historier med ei formidlingsevne få er i nærleiken av.
Stein Torleif Bjella gjorde seg for alvor bemerka med solodebuten «Heidersmenn» i 2009.
To år seinare innkasserte oppfylgjaren «Vonde Visu» Spellemannprisen.
«Heim for å døy» avslutta trilogien i 2013, med førsteplass på VG-lista.
I 2016 kom «Gode Liv», Bjellas fjerde soloalbum.
Bjella har også bla motteke Edvardprisen, Prøysenprisen og Bendiksenprisen.
I 2017 debuterte Bjella som forfattar då diktsamlinga” Jordsjukantologien Nr. 1”
vart utgjeven til særs gode kritikkar. Same år vart teaterstykke «Kan nokon gripe
inn», basert på Bjellas tekstar, sett av 33.000 på det Norske Teateret.
I 2018 kom langspelalbumet «Jordsjukantologien nr. 1 musikken», i sjangeren spokenwords.
24. april 2020 kom Bjellas 6. soloalbum; «Øvre-Ål Toneakademi» motteke med strålande meldingar.
Det er med andre berre å gle seg til eit nytt dykk ned i Bjellas låtunivers når han besøkjer Øystese og Kabuso laurdag 1. oktober!
Tid
(Laurdag) 20:00
Billettar på nett
>>> KJØPArr. på Facebook
>>> Sjekk utlau01okt14:00UtstillingsopningFjordmelk Jordtåke / Folk&Dyr14:00

Om arr.
Velkomen til utstillingsopning i Kabuso laurdag 1. oktober kl 14! Opning av utstillingane ved Kabuso-leiar Sissel Lillebostad. kl 14.45: Kunstnarsamtale Open kafe i Kabuso kl 13-16 Utstillinga Fjordmelk Jordtåke er eit samarbeid mellom Stine
Om arr.
Velkomen til utstillingsopning i Kabuso laurdag 1. oktober kl 14!
Opning av utstillingane ved Kabuso-leiar Sissel Lillebostad.
kl 14.45: Kunstnarsamtale
Open kafe i Kabuso kl 13-16
Utstillinga Fjordmelk Jordtåke er eit samarbeid mellom Stine Gonsholt og Åse Løvgren og gruppa Skifte.Land, som er sett saman av Malin Lobell, Frøydis Lindén og Sidsel Bonde. Kunstnarane har over tid undersøkt landskapet kring Øystese og Hardangerfjorden med ulike målestokkar. Dei har observert, segla, omarbeidd data og reflektert. Dei har òg invitert andre til å bidra. Verka som vert vist speglar desse ulike prosessane.
I foajéen kan du sjekka ut prosjektet Folk & Dyr. Her finn du ein installasjon med lyttestasjon.
Open kafé med lunsjretter og kaffimat
Tid
(Laurdag) 14:00
Arr. på Facebook
>>> Sjekk utsun25sep14:00Film: Se opp!Bornas Kabuso14:00

Om arr.
Filmen Se opp! vert vist i Bornas Kabuso sundag 25. september kl 14: Filmen handlar om den 78 år gamle seljaren Carl som gjer draumen sin verkeleg – å fly med
Om arr.
Filmen Se opp! vert vist i Bornas Kabuso sundag 25. september kl 14:
Filmen handlar om den 78 år gamle seljaren Carl som gjer draumen sin verkeleg – å fly med huset sitt festa til tusenvis av ballongar heilt til Sør-Amerika.
Han veit berre ikkje at 8-åringen Russel er med som blindpassasjer.
Tillat for alle. 1 t 46 min
Inga påmelding.
Medlemsskap i klubben kostar 90 kroner per born og gir gratis inngang til alle arrangementa hausten 2022.
Bornas Kabuso er ein kunst- og filmklubb for alle born. Her viser me mellom anna animasjonsfilm og byr på kreative verkstadar.
Tid
(Sundag) 14:00