– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

20-årsjubileum

20 år sidan Kabuso opna dørene!
Laurdag 7. februar 2026 markerte Kabuso 20-årsjubileum; heile to tiår med kunst , konsertar og arrangement har det vorte.

Markeringa føregjekk med kake og talar, musikk og drøs.
Talar ved mellom anna ordføraren i Kvam og varafylkesordførar i Vestland, samt vår eigen Åsmund Kristiansen – direktør for Hardanger og Voss museum

Denne dagen opna to nye utstillingar på huset:
Hovudutstilling med verk av Lars Korff Lofthus, Ingrid Toogood og Bjørn Båsen.

– og du kan oppleva skeiv, lyttevenleg country på nynorsk i konsertsalen.
Mellom desse to hendingane blir det 20års-festivitas.

 

Kvifor eit kunsthus i Øystese , undrar du kanskje. Bakgrunnen er at Hardanger vart utnemnd som tusenårsstaden i Hordaland fylke.
Som det konkrete uttrykket for dette vart det det etablert eit kunsthus i tilknyting til Ingebrigt Vik museum. Kabuso romma utstillingslokale, kammermusikksal og kafé – og sidan har det vorte sett opp mang ei utstilling og konsert her.

Foto: Thor Brødreskift

I utstillingssalen: Publikum sjekkar ut den nye utstillinga. Kunst, noko godt i glaset og store smil

Utstillingsopning = god stemning!

 

Avdelingsleiar i Kabuso, Sissel Lillebostad, ynskte velkomen

Avdelingsleiar i Kabuso, Sissel Lillebostad, ynskte velkomen

 

Kunstnarane samla: Bjørn Båsen, Ingrid Toogood, Lars Korff Lofthus og Gillian Carson

Dei fire kunstnarane samla – frå venstre: Bjørn Båsen, Ingrid Toogood, Lars Korff Lofthus og Gillian Carson

 

Verk av Gillian Carson i kafeen

Foajeutstilling ved Gillian Carson

 

Direktør i Hardanger og Voss museum, Åsmund Kristiansen, held tale

– Kabuso er kulast i Hardanger og Voss museum, hevda Åsmund Kristiansen, direktøren vår

 

Geir Botnen ved flygelet

Geir Botnen ved flygelet som han sjølv var med på å få på plass i Kabuso for 10 år sidan

 

Dagen vart avslutta med lyttevenleg, skeiv country på nynorsk – ved Foreningen for By og Bygd