– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Familieverkstad

sun03mai13:0015:0013:00 - 15:00 FamilieverkstadBornas Kabuso

Om arr.

Sundag 3. mai kl. 13-15

Velkomen til drop in familieverkstad i Bornas Kabuso! Under verkstaden får ein utfalda seg kreativt med ulike materialar og metodar.

Denne gongen skal me forma dyr i farga leire. Kanskje kan me laga dyr som ikkje finst? Borna får forma med hendene, men også trykke ut frå former. Med oss har me kunstnar Lucy Mulholland frå Nord-Irland som til vanleg jobbar med å laga skulpturar.

Inga påmelding.
Medlemskap i klubben kostar 110 kroner per barn og gir gratis inngang til alle arrangementa våren 2026. Denne gongen kan ikkje-medlemmer betala 70 kroner i inngang per born.

Bornas Kabuso er ein kunst- og filmklubb for alle born.
Her viser me mellom anna animasjonsfilm og byr på kreative verkstadar.
Verkstadane vert stort sett til i samarbeid med Kunstnarhuset Messen. Filmane vert vist i samarbeid med Norsk filmklubbforbund.

Tid

3. mai 2026 13:00 - 15:00

Billettar på nett