beharie
tors05nov19:0019:00 beharieIndie/folk/soul
Om arr.
Fredag 13. november kl 19 https://kabuso.no/wp-content/uploads/2026/06/beharie_anmeldelser-1-1.mp4 Ein stad i skjeringspunktet mellom indie, folk og soul finn du
Om arr.
Fredag 13. november kl 19
Ein stad i skjeringspunktet mellom indie, folk og soul finn du Beharie. Stemma hans er rik, kraftfull og rå i formidlinga si – kvalitetar som byggjer opp under den stadig meir personlege låtskrivinga, som når nye høgder på det andre albumet til Beharie, When The Silence Gets Too Loud.
Eit album som vekslar mellom det storslegne og intime, med gåsehudframkallande korparti, dramatisk instrumentering og varme akustiske augeblikk med gitar og den rike stemmeprakta til Beharie. Dette kombinert med grundig tekstarbeid og eksperimentering mellom det store og det vesle gjer at Beharie framstår meir stilsikker enn nokon gong.
Første singel frå albumet er «Everybody Tells Me To Let Go», ein låt som handlar om undertrykking, om å ikkje kunna vera seg sjølv, og om å bli fortald ein sanning ein ikkje passar inn i. Låten har ei nerve som likevel framstår håpefull i det instrumentale drivet og bodskapen.
Balanseringa mellom det leikne og det alvorlege er ofte gjennomgåande hos Beharie. Tekstar som er sårbare og ærlege, som om dei er skrivne i gjennomtenkt affekt. Han lèt lyttaren koma tett på og hentar inspirasjon frå levd liv, formidla med eit nærvær som gjev kjensla av å bli invitert inn i eit privat rom – ei kjensle som går att når han opptrer live.
Sjølv om musikaren frå Sandnes hentar inspirasjon frå etablerte artistar innan soul, R&B og folk, er uttrykket noko som er distinkt Beharie:
«På sitt beste greier Beharies musikk å få lytteren til å forsvinne som i et dykk under vann som tilsynelatende aldri ender. Han behersker både det mektige og det lille, og selv om han blant annet er sammenlignet med storheter som Frank Ocean, er Beharie først og fremst Beharie. En av de beste artistene vi har i Norge i dag.»
– Aftenposten
Som liveartist har Beharie raskt etablert seg blant dei aller fremste namna i Noreg, med evna til å skapa magiske augeblikk uansett arena, med eit unikt nærvær. Han har spelt for fulle hus på alt frå intime klubbscener til hovudscena på Øyafestivalen og utseld Rockefeller.
Samarbeid med anerkjende aktørar som Stavanger Symfoniorkester og Kringkastingsorkesteret (KORK) understrekar den musikalske spennvidda hans, og evna til å løfta låtane til nye høgder. Ein eigen headlineturné gjennom Europa og opptredenar på internasjonale prestisjefestivalar som Montreux Jazz Festival (Sveits), Storsjöyran (Sverige), Eurosonic (Nederland) og Reeperbahn Festival (Tyskland) viser tydeleg at han allereie har etablert seg som eit internasjonalt namn.
Karrieren hans så langt vitnar både om ein artist i stadig utvikling og ein som allereie har sett tydelege spor etter seg:
Ein Spellemannpris i kategorien R&B/Soul i 2022 for EP-en Beharie // Beharie, nominasjonar i same kategori i 2023 for Beharie, the Third og i 2024 for det kritikarroste debutalbumet Are You There, Boy?.
Internasjonale medium som Wonderland, COLORS og Clash har òg lagt sin elsk på han, og svenske GAFFA nominerte han til «Årets internasjonale gjennombrot».
Ein sorti til dei naive 20-åra
When The Silence Gets Too Loud er Beharie sitt andre album.
Der debutalbumet var leikent, utforskande og kanskje litt naivt, er When The Silence Gets Too Loud eit moderne oppvekstalbum frå ein musikar som verken er ung eller heilt vaksen – ein refleksjon som utforskar tema mange i denne overgangsfasen av livet kjenner på, ei lytteoppleving som gjev kjensla av å ta del i ein musikalsk oppvekstroman.
Beharie anerkjenner at det ikkje lenger er nok å leva på naiviteten frå 20-åra. Han konfronterer tema som pessimisme, skuffelse, kjærleik og kjensla av å mislukkast som 30-åra kan by på, i eit samfunn der det aldri har vore lettare å samanlikna seg med andre.
Tekstane teiknar eit bilete av ein usikker musikar, eit bilete som står i sterk kontrast til musikken vi får presentert. For i kreativiteten og låtskrivinga si har Beharie aldri stråla av større sjølvtillit enn han gjer no.
Tid
Program
tors05nov19:0019:00 Erlend Apneseth trioHardingfelemeisterens trio
Om arr.
Torsdag 5. november kl 19 Ei unik form for folkemusikk – ispedd jazz og elektronika Erlend Apneseth – hardingfele Stephan Meidell – gitar/effektar Øyvind Hegg-Lunde – trommer/perkusjon Thorolf Thuestad – lyddesign
Om arr.
Torsdag 5. november kl 19
Ei unik form for folkemusikk – ispedd jazz og elektronika
Erlend Apneseth – hardingfele
Stephan Meidell – gitar/effektar
Øyvind Hegg-Lunde – trommer/perkusjon
Thorolf Thuestad – lyddesign