Bøygd
lau12sep(sep 12)00:00ons30des(des 30)00:00(sept 12) 00:00 - (desember 30) 00:00 BøygdUtstilling
Om arr.
12.09-30.12. 2026 Kunstnarar: Tor Erik Bøe, Silje
Om arr.
12.09-30.12. 2026
Kunstnarar:
Tor Erik Bøe, Silje Ensby, Margaret Abeshu Leversby, Cato Løland, FjordMoods, Ingeborg Tysse, Hege Iren Aasdal.
I samarbeid med:
Hardanger folkemuseum, Hardanger fartøyvernsenter og FjordMoods.
Bøygd, bøya, å bøya, å manøvrera, å utvida, å knyta saman, å strekkja seg ut og ta på ein annan. Å vera porøs, å absorbera, å opna seg og sleppa ting inn.
Kuratorar er Daniela Ramos Arias og Siv Støldal, støtta av Stine Aas og Sissel Lillebostad.
Bøygd er ei utstilling der kunstnarar, designarar og tradisjonshandverkarar har delt kunnskapen og prosessane sine med kvarandre. Dei har vore på verkstader, studio og atelier både i Hardanger og i Bergen, slik at dei fekk tid til å arbeida side om side.
Ingeborg Tysse har arbeidd på Hardanger fartøyvernsenter med material frå gamle båtar.
Cato Løland og Hege Iren Aasdal, er båe sankarar på kvar sine måtar og med ei djup tilknyting til funne materiale.
Margaret Abeshu Leversby har utforska tekstil gjennom skautfelling, ein teknikk Agnete Sivertsen forskar på ved Hardanger folkemuseum på Utne.
Tor Erik Bøe har hatt eit arbeidsopphald på Storeteigen, der han har eksperimentert med ulike fargeteknikkar på tekstil.
Silje Ensby har dokumentert skautfelling og tradisjonell korgfletting, og slik sett den konseptuelle tilnærminga til utstillinga i samanheng.
Samtalar mellom kunstnarane har avdekka tankar om kroppar, arbeid, identitet, fortid, nåtid og framtid – og formar ei verd i utstillinga som ber oss til ein ukjend stad og tid, folkesett av karakterar og objekt som kjennest både kjende og ukjende.
Desse bygger forteljingar frå lokale historier, tradisjonar og materiala sine moglegheiter: ein fortrulegheit plassert i parallelle dimensjoner, saman med handverk, historie og det lokale og individuelle.
Tid
Billettar
Program
tors05nov19:0019:00 Erlend Apneseth trioHardingfelemeisterens trio
Om arr.
Torsdag 5. november kl 19 Ei unik form for folkemusikk – ispedd jazz og elektronika Erlend Apneseth – hardingfele Stephan Meidell – gitar/effektar Øyvind Hegg-Lunde – trommer/perkusjon Thorolf Thuestad – lyddesign
Om arr.
Torsdag 5. november kl 19
Ei unik form for folkemusikk – ispedd jazz og elektronika
Erlend Apneseth – hardingfele
Stephan Meidell – gitar/effektar
Øyvind Hegg-Lunde – trommer/perkusjon
Thorolf Thuestad – lyddesign