Espen Eriksen Trio
lau06feb16:0016:00 Espen Eriksen TrioMELANKOLSK OG OPPLØFTANDE
Om arr.
Laurdag 6. februar kl 16 Espen Eriksen – piano/komposisjon Lars Tormod Jenset – kontrabass Andreas
Om arr.
Laurdag 6. februar kl 16
Espen Eriksen – piano/komposisjon
Lars Tormod Jenset – kontrabass
Andreas Bye – trommer
«Superb musicians at the top of their game» – BBC
Når det kjem til pianotrioar er Espen Eriksen Trio blant dei aller beste.
Med dei svært melodiske låtane sine og ei «less is more»-tilnærming har Espen Eriksen Trio blitt hylla av internasjonal presse for den unike stemma si på dagens jazzscene.
Den leiande britiske jazzkritikaren Stuart Nicholson seier det slik:
One of the most unified, individual and recognizable group sounds in European jazz.
Etter 20 år, åtte kritikarroste plater og turnear verda over framstår trioen meir samspela enn nokon gong – med eit samspel som grensar til det telepatiske.
Eit globalt publikum har i høg grad omfamna det unike lydbiletet til trioen, som er bygd på eit rikt repertoar signert pianisten Eriksen.
Musikken er fengslande og lyrisk, ofte melankolsk og oppløftande på same tid.
Som Aftenposten skriv i meldinga si av den siste plata til trioen:
De er pianojazzens melodiske mestre. Her hører du hvorfor Espen Eriksen Trio har blitt et internasjonalt navn.
Billett: 250,-/ 200,- (KabusoVen)/ 125,- (under 16 år)
_______
PS: Innhaldsrik dag i Kabuso
Kl 12: Familieførestilling: Trommer er best v/Modal trafikk
Kl 14: Utstillingsopning