– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Film: Shrek

sun08nov13:1913:19 Film: ShrekBornas Kabuso

Om arr.

Velkommen til film i Bornas Kabuso 8. november kl. 13!
Me viser den moderne klassikaren Shrek frå 2001, laga av Dreamworks.

Shrek: Det var ein gong for lenge, lenge sidan ein umedgjerleg kjempe som heitte Shrek. Han budde i eit myrhol langt, langt borte. Shrek er ein einstøing og trivst best åleine, men ein dag vert einsemda hans invadert av irriterande eventyrfigurar. 

Lengde 1 t. 30 min.

Inga påmelding. Medlemsskap i klubben kostar 110 kroner per barn og gir gratis inngang til alle arrangementa hausten 2025. Vaksne går gratis i følge med barn på alle arrangementa.    

 Bornas Kabuso er ein kunst- og filmklubb for alle born. Her viser me mellom anna animasjonsfilm og byr på kreative verkstadar.
Verkstadane vert til i samarbeid med Kunstnarhuset Messen. Filmane vert vist i samarbeid med Norsk filmklubbforbund. 

Tid

8. nov. 2026 13:19