– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Kva kan auga vårt sjå?

ons28okt18:3018:30 Kva kan auga vårt sjå?Føredrag

Om arr.

Føredrag om korleis me ser, opplever og forstår verda rundt oss. Førsteamanuensis i optikk ved Universitetet i Bergen, Arne Skodvin Kristoffersen tar oss med inn i denne fascinerande verda og gir oss eit innblikk i kva lys og farge eigentleg er sett frå vitskapen.

Kombiner gjerne med visning i Hardanger Skyspace før føredraget. Visninga startar kl. 17.00 og varar til 17.46.
Open kafé/bar i Kabuso mellom visning og føredrag. (Billetten til føredraget inkluderer visning i Skyspace.)

Skodvin Kristoffersen underviser i optikk ved UiB og har mellom anna forska på korleis partiklar som algeoppblomstring og smeltevatn frå isbrear endrar fargen på vassoverflata.

Tid

28. okt. 2026 18:30

Billettar