– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

AVLYST: Helge Jordal & GSO

fre07nov00:0000:0000:00 - 00:00 AVLYST: Helge Jordal & GSOKonsertførestilling

Om arr.

Konsertførestillinga er diverre avlyst – av grunnar utanfor Kabuso sin kontroll. 
Om mogleg vil arrangementet verta sett opp att på eit seinare tidspunkt.

Kjøpt billett? Info er send til di oppgitte e-postadresse.
NB! I mailen frå TicketCo trykker du på knappen nederst («Refunder ordren») for å setja i gang tilbakebetalinga.
Etter 2-3 dagar skal du sjå pengane tilbake på kontoen som vart nytta ved kjøpet.   

_______

Helge Jordal og Gjertruds Sigøynerorkester (GSO) og byr på ei konsertframsyning med dikt, forteljingar, songar og musikk frå sigøynar- og taterkulturen.

GSO, med Gjertrud Økland i front, har sidan 1989 spesialisert seg på austeuropeisk sigøynarmusikk frå Russland, Romania og framfor alt Ungarn. 

Helge Jordal er ein av Noregs mest profilerte og særeigne skodespelarar. Han er òg ein framifrå vokalist med stor uttrykksevne. Jordal formidlar dette på medrivande vis; med fintføling, autoritet og kraft.

Dei seinare åra si aukande tilstrøyming av fattige rom, både til Noreg og andre EU-land, har aktualisert og synleggjort det stigmaet sigøynarar og rom er utsette for. GSO og Jordal ønskjer å visa at dette er menneske som ber på usedvanleg rike kulturelle tradisjonar, som store delar av det europeiske kulturlivet i hundreår har henta inspirasjon frå. 

Hovudvekta ligg på musikk, songar, dikt og forteljingar frå sigøynar- og taterkulturen, men ensemblet gjer òg nokre avstikkarar innom andre sjangrar, noko som både skapar spenn i uttrykket og kan fungera som eit «apropos» til temaet i framsyninga. 

Tid

7. nov. 2025 00:00 - 00:00

Billettar på nett