– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Seminar: Glacial feelings

lau23aug13:0017:0013:00 - 17:00 Seminar: Glacial feelings

Om arr.

Laurdag 23. august inviterer Kabuso til Glacial feelings – eit seminar som avsluttar utstillinga til James Webb, Slowly, slowly, and then all at once.
I seminaret ynskjer me å sjå nærare på den pågåande klimakrisa, først og fremst gjennom kunsten si linse og den personlege erfaringa, men òg med dei kalde, vitskaplege fakta som er kjente for oss til no.
Me spør korleis me kan leve med, og reagere på, det som utfaldar seg kring oss, samstundes som me held håpet oppe.

Inviterte deltakarar er:
Professor Jostein Bakke frå Universitetet i Bergen
Kunstnar Jana Winderen
Kunstteoretikar Dr. Anthea Buys

I tillegg: Kunstnar James Webb og kurator Sissel Lillebostad.
Diktopplesing ved Tonje Noréa Gauden

Frå Kabuso kan ein sjå ein snipp av Folgefonna, Noregs sørlegaste isbre.
Den er, som dei andre breane me kjenner til, i ferd med å smelte, og det går raskare enn me trudde for berre nokre få år tilbake.
Utstillinga har som sitt sentrale element ein installasjon som stiller 151 spørsmål direkte til Folgefonna; kunstnaren spør mellom anna om kva minner isbreen har, om frykt og opplevinga av transformasjon.
Spørsmåla blir lesen både på norsk og engelsk og kan høyrast i rommet via tre høgtalarar, retta mot fonna.
Isbreen svarer ikkje på noko språk me menneske kan forstå, men i dei stille pausane  som følger kvart spørsmål kan publikum projisere eigne tankar og svar.

Program:
13:00 Welcome to Kabuso by Sissel Lillebostad
13:10 James Webb introducing the work A series of personal questions addressed to the Folgefonna glacier
13:40 Jostein Bakke: On Folgefonna, research and experiences

14:20 Break/Pause: coffee, tea, snack, exhibition.

14:50 Poem
15:00 Jana Winderen: The sound of a glacier (Working title/Arbeidstittel)
15:30 Short technical break
15:35 Anthea Buys: A series of personal questions (and some comments) addressed to the artist James Webb.
16:05 Short technical break
16:10 Conversation/Samtale: Jostein, Jana, James, and Anthea. Moderated by Sissel
16:50 How did it go? Short summing up by Sissel
17:00 We should be finished now.

Praktisk info: 
Seminaret vert i hovudsak halde på engelsk og er gratis, men me ber om at du hentar ut ein billett via linken

Tid

23. aug. 2025 13:00 - 17:00

Billettar på nett