UTSELD! Darling West
fre05des19:0019:00 UTSELD! Darling West
Om arr.
Fredag 5. desember kl 19 Heilt sidan Darling West gjorde julekonserten «Kvelden før kvelden» på NRK i 2022, og med det strøymde inn i hundrevis av folk sine heimar og stover,
Om arr.
Fredag 5. desember kl 19
Heilt sidan Darling West gjorde julekonserten «Kvelden før kvelden» på NRK i 2022, og med det strøymde inn i hundrevis av folk sine heimar og stover, har konserten vore omtala som fantastisk og legendarisk.
Med seg på scena hadde dei gjestar som Dagny, Odd Nordstoga, Sivert Høyem og Jarle Bernhoft. Nye og tidlegare sjåarar ser konserten om igjen kvart einaste år.
Darling West er kjend både for si evne til å begeistre, og ikkje minst dei fantastiske folk- og poplåtane som stadig vert omfamna av fans, konsertgjengarar og media.
Med julekonserten synte dei og at dei har evna til å bringe fram noko særeige, engasjerande og vakkert med sine tolkningar av dei tradisjonelle julesongane.
I 2023 gav dei ut sitt fyrste julealbum «Lights», som vart strålande motteke av publikum og meldarar. No legg dei ut på sin aller fyrste juleturné, der du kan oppleve desse låtane formidla med varme, sjarm og nærleik.
Om du ynskjer å finne roa inn mot høgtida, vil du ikkje gå glipp av denne kvelden.
Ein julekonsert med Darling West vil gje deg både julestemning, harmonisong og instrumentale godbitar på øvste hylle.
Velkomen på konsert!
Tid
Billettar
Arr. på Fjesbok
Program
tors05nov19:0019:00 Erlend Apneseth trioHardingfelemeisterens trio
Om arr.
Torsdag 5. november kl 19 Ei unik form for folkemusikk – ispedd jazz og elektronika Erlend Apneseth – hardingfele Stephan Meidell – gitar/effektar Øyvind Hegg-Lunde – trommer/perkusjon Thorolf Thuestad – lyddesign
Om arr.
Torsdag 5. november kl 19
Ei unik form for folkemusikk – ispedd jazz og elektronika
Erlend Apneseth – hardingfele
Stephan Meidell – gitar/effektar
Øyvind Hegg-Lunde – trommer/perkusjon
Thorolf Thuestad – lyddesign