– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

okt. 2021

sun17okt18:00RitOlav H. Hauge-framsyning18:00

Om arr.

Framsyninga «RIT» har fått namn etter etter Olav H. Hauge sitt dikt «Rit», som er eit gamalt ord for «å skriva». 

RIT er forma som ein monolog som vekslar mellom resitasjon, forteljing og song. Komponist, tekstutviklar, musikarar og sceneinstruktør samarbeider tett i denne produksjonen om å utforska Hauge sitt draumelandskap gjennom ein årssyklus. Målet er å føra publikum inn i tankar, kjensler og rom dei ikkje har gjesta tidlegare. Eit rom som freistar søkja lyden av det indre liv, der også stille er eit ynskje om endring. RIT teiknar ei utvikling med moment av humor, drama, angst, men også ei ro som byr på opnenheit, refleksjon, meditasjon og ei større oppleving av Hauge sin poesi. 

Innleiing: Katherine Jane Hanson
Song og resitasjon: Reidun Horvei
Piano og elektronikk: Inger-Kristine Riber 

Medverkande:
Songaren Reidun Horvei har i ei årrekkje arbeidd som frilans sopran og folkesongar. Ho har hatt konsert turnéar over store deler av Noreg med særskilde program for Rikskonsertane innan klassisk musikk til ny musikk, vise og folkemusikk. Horvei har sidan 1992 arbeidd som fylkeskvedar i Hordaland/Vestland. 

Pianist og komponist Inger-Kristine Riber utdanna ved Universitetet i Oslo, Norges Musikkhøgskole og Hochschule Für Musik, Theater und Medien Hannover (Tyskland). 

Katherine Hanson tok si doktorgrad på Olav H. Hauge med avhandlinga Nature Imagery in Olav H. Hauges Poetry” (Department of Scandinavian Languages and Literature). Hanson har undervist på St. Olaf College, Pacific Lutheran University og seinast the University of Washington der ho er Affiliate Associate Professor. 

Thomas Pihl er ein kunstnar som hentar fargane sine ved å leggja lag på lag med måling. I Pihls verk er sjølve måleriet attraksjonssenteret, eit vindauga til ei verd som er udefinert, men estetisk tiltalande, og som refererer til skjulte tydingar. Måleriet er eit objekt, men materialiserer i seg sjølv mening og ettertanke.   

Skodespelar og regissør Ragnhild M. Gudbrandsen kjend frå teater og filmproduksjonar, i tillegg som regissør på ei rekkje oppsetjingar. Ragnhild Gudbrandsen er fast skodespelar ved Den Nationale Scene i Bergen, og har sterk tilknytning til Det Vestnorske Teateret. 

Tekst: Olav H. Hauge
Manus: Reidun Horvei og Katherine J. Hanson Musikk: Inger-Kristine Riber 

Tid

(Sundag) 18:00

Stad

Kunsthuset Kabuso

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

Billettar på nett

>>> KJøp

Arr. på Facebook

>>> Sjekk ut

Opningstider

F.o.m. 1. september:
Ons-fre kl 11-15
Laur-sundag kl 11-16

Kontakt

Hardangerfjordvegen 626, Øystese
Tlf. 474 79 987
E-post: post@kabuso.no

Sosiale media

Følg oss gjerne på Facebook og Instagram!

Opening hours

From September 1:
Wednesday-Friday 11 AM-3 PM
Saturday-Sunday 11 AM-4 PM

Contact

Hardangerfjordvegen 626, Øystese
+ 47 474 79 987
post@kabuso.no

Social media

Follow us on Facebook and Instagram

X