– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Kunstbar: Egg

tors11mar19:00tors21:30Kunstbar: EggUformell møteplass19:00 - 21:30(GMT+00:00)

Om arr.

Det nærmar seg påske og me vil i denne Kunstbaren ha fokus på egget, som er eit av dei sterke symbola knytt til denne høgtida.

Det vert eggedekorasjonsverkstad og me skal sjå nærare på korleis egget har vore nytta som motiv i kunsthistoria.

  • Eggedekorasjonsverkstad med Aukse Drungiliene. Aukse kjem frå Litauen kor eggedekorasjon har sterke tradisjonar. Ho syner oss teknikkar ein kan nytta for å dekorere påskeegga. Ta med 2-3 kokte egg du ynskjer å dekorera.
  • Egget har vore nytta som motiv i kunsten på mange ulike og overraskande måtar. Me skal sjå nokre eksemplar på dette frå Hieronymus Bosch (1450-1516) til Salvador Dali (1904-1989), i det klassiske stillebenet og samtidskunsten.

Kunstbar er ein uformell møteplass for deg og meg i Kabuso, kor me tek opp ulike tema knytt til kunst. Ofte inkluderer me og kreative aktivitetar.
Inngang 150,- (inkluderer eit glas valfri drikke)

Arrangementet vil bli gjennomført i tråd med gjeldande retningslinjer for smittevern.

Om Kunstbar:
Kvar månad vert eit nytt tema presentert. Temaet relaterer seg til utstillingar og anna aktuelt i Kabuso.
Kunstbar har som mål å vera ein uformell møtestad for deg og meg

Billettar på nett

>>> Kjøp

Arr. på Facebook

>>> Sjekk ut