november 2018

lau03nov(nov 3)00:00sun10feb(feb 10)00:00Ingrid Pasmans - Hardanger Herbarium

Om arrangementet

Ingrid Pasmans er biletkunstnar og bur og arbeider i Amsterdam. I august og september 2018 hadde Pasmans opphald som kunstnar på KHMessen i Ålvik. Naturen i Hardanger blei veldig inspirerande for henne. Pasmans laga i perioden eit Hardanger Herbarium; plantar, blad, blomar og tang funne i Hardanger, tørka mellom arka i eit gammalt norsk leksikon. Ho brukte plantar frå Hardanger til kunstverka; to 2,5 meter høge akvarellar av viltvaksande plantar og ein installasjon av fliser av porselen. Hardanger Herbarium er å sjå i foajeen.

Ingrid Pasmans sitt arbeid er sett saman av teikningar, akvarellar og porselen, i tillegg til prosjekt for det offentlege rom. Opplevinga av natur og historie er ei viktig inspirasjonskjelde. Verka ber preg av ei viss skjørheit, og materiala som vert brukt er ofte arbeidskrevjande. I tillegg til å arbeide i sitt eige atelier, underviser ho på Rijksmuseum og Hermitage Museum Amsterdam, og ho arbeider med sosiale kunstprosjekt.

Tid

November 3 (Laurdag) 00:00 - Februar 10 (Sundag) 00:00

Stad

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

Arrangør

Kunsthuset Kabuso Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

Opningstider

7. mai-19. juni:
Tors–fredag kl 11–15, laur+sundag kl 11–16
Stengt man-onsdag

21. juni–23. august:
Ope kl tys-sundag kl 11-16

Kontakt

Hardangerfjordvegen 626, Øystese
Tlf. 474 79 987
E-post: post@kabuso.no

Sosiale media

Følg oss gjerne på Facebook og Instagram!

Opening hours

7 May-19 June:
Thurs–Friday 11 AM-3 PM,
Sat+Sunday 11 AM–4 PM
Closed Mon-Wednesday

21 June–23 August:
Tues-Sunday 11 AM-4 PM
Closed Monday

Contact

Adr: Hardangerfjordvegen 626, Øystese
Tlf. 474 79 987 / post@kabuso.no

Social media

Follow us on Facebook and Instagram

X