januar 2006
lau21janHeile dagensun02aprEilif Amundsen(Heile dagen)

Om arr.
Eilif Amundsen var den første utstillinga i Kabuso. Hans bilete skildrar på fortreffeleg vis det vestlandske lyset, det som alltid omgjev oss - og som fargelegg våre liv. Valet av Amundsen
Om arr.
Eilif Amundsen var den første utstillinga i Kabuso. Hans bilete skildrar på fortreffeleg vis det vestlandske lyset, det som alltid omgjev oss – og som fargelegg våre liv.
Valet av Amundsen gjev oss eit signal om at Kabuso også vil ha fokus på kunst frå våre samtidige kunstnarar.
Det har blitt hevda at Amundsen først og fremst held seg til ein figurativ tradisjon i europeisk maleri. Eit meir nyansert blikk unngår likevel neppe å leggja merke til at den abstrakte dimensjonen i hans maleri er ein uomgjengeleg føresetnad for dei figurative motiva hans. Amundsens maleri lever og utfaldar seg nettopp i spenninga mellom eit figurativt og abstrakt formspråk.
Tid
Januar 21 (Laurdag) - April 2 (Sundag)
Arrangør
Kabuso Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese