– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Bill Viola

lau14jan(jan 14)00:00sun04mar(mar 4)00:00Bill ViolaThe Raft(januar 14) 00:00 - (mars 4) 00:00(GMT+00:00)

Bill Viola The Raft i Kunsthuset Kabuso 2012

Om arr.

Bill Viola
The Raft, mai 2004
Video/lyd-installasjon

Større video-projeksjon på vegg, med 16:9 HD med 5.1 surround lyd

Opplev det intense dramaet i Bill Viola sitt videoverk The Raft!

Ei gruppe med nitten menn og kvinner, med ulike etniske og økonomiske bakgrunnar, vert brått utsette for eit massivt åtak med vatn frå ein høgtrykksslange.
Somme fell umiddelbart over ende, medan andre kjempar mot den overraskande mengda vatn som kjem mot dei.
Det er vatn over alt, det strøymer mot klede og kroppar, dei fysiske og psykiske påkjenningane gjer at andlet og lemmar vrir seg i møte med den kalde, harde straumen av vatn.
Menneska i gruppa klamrar seg til kvarandre for å overleva, ettersom berre det å halda seg oppe vert ein intens fysisk kamp. Så, like brått som det kom, stoggar straumen av vatn. Tilbake står ein gjeng forslegne, forvirra og mørbanka menneske.
Litt om litt kjem dei til seg sjølve igjen, somme gret og andre krøkjer seg saman trass i at faren er over. Dei få individa som har krefter igjen hjelper andre som har falle over ende.

Opptaka vert vist i svært sakte film for å få fram fine nyansar i lys og farge, vatnet sin eksplosivitet, og individa sine uttrykk og handlingar.

 

I samarbeid med Louisiana Museum of Modern Art

>>> Sjå tekst frå utstillinga her

 

Tid

Januar 14 (Laurdag) 00:00 - Mars 4 (Sundag) 00:00(GMT+00:00)