– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Utstillingsopning

lau20jun14:00UtstillingsopningStyrlause prosessar14:00(GMT+00:00)

Om arr.

Vel møtt til opning av sommarens utstilling Styrlause prosessar i Kabuso laurdag 20. juni kl. 14!

Program for opninga:
Velkomst ved Sissel Lillebostad, fagleg leiar i Kabuso
Opning ved Natalia Golis, fylkesvaraordførar i Vestland fylke
Filmvising med introduksjon ved Leander Djønne og Pierre L. Matte

Deltakande kunstnarar er:
Leander Djønne
Tora Sanden Døskeland
Cecilia Jonsson
Pierre Lionel Matte
Ingri Haraldsen

Det som ikkje let seg kontrollera eller som utviklar seg i uføreseielege retningar, har eit stort skapande potensial samstundes som det kan vekkje djup uro, ei kjensle av å røre seg på ei papirtynn hinne over usikker grunn. Dei aktuelle kunstnarane relaterer seg til korleis me brukar og rører oss i naturen.I ord

Styrlause prosessar er eit samarbeid mellom Nordisk Kunstnarsenter Dale (NKD) og Kunsthuset Kabuso.
Prosjektet er sett saman av to utstillingar i Kabuso i periodane 20.6 – 23.8.2020 og 11.6-12.9.2021, og eit tre månadar langt residens-opphald på NKD, Dalsåsen, sommaren 2020.