Sinikka Langeland - Vind og sol
tors03jun20:0020:00 Sinikka Langeland - Vind og solMusikalsk stjernelag + Fosse-tekstar
Om arr.
Sinikka Langeland og hennar stjernelag presenterar Vind og sol med tekstar av Jon Fosse – i Kabuso torsdag 3. juni kl 20 (merk nytt tidspunkt)! Medverkande: Sinikka Langeland – vokal,
Om arr.
Sinikka Langeland og hennar stjernelag presenterar Vind og sol med tekstar av Jon Fosse – i Kabuso torsdag 3. juni kl 20 (merk nytt tidspunkt)!
Medverkande:
Sinikka Langeland – vokal, kantele
Mathias Eick – trompet
Trygve Seim – saksofon
Mats Eilertsen – bass
Thomas Strønen – trommer
Dikt: Jon Fosse
Musikk: Sinikka Langeland
Vinteren 2021 hadde Sinikka Langeland premiere på ny musikk og poesi for sitt stjernelag av musikarar. Denne gongen har ho sett musikk til dikt av Jon Fosse og musikarane løftar komposisjonane med sine improvisasjonar og eminente ensemblespel.
Sinikka har ei djup interesse for naturmystikk og i Jon Fosse sine dikt finn ho ein klangbotn som resonnerar. Musikken er folketonebasert, men ho ynskjer og å setja det tidlause aspektet i dikta inn i vår tid med musikarar som bidreg med eit moderne uttrykk. Dei er alle solister av ypperste klasse med eigne ensemble og internasjonale karrierar.
Kantelen lyder nesten som eit orkester i seg sjølv og saman med dei veletablerte ECM-musikarane er ho klar for konsertar inspirert av Jon Fosse sine tidlause vestlandslandskap i vind, sol, hav og himmel.
Velkomen til ei oppleving heilt utanom det vanlege!</p style=»text-color:#C1002a;»>
Tid
Billettar
Arr. på Fjesbok
Program
tors27aug17:0622:3017:06 - 22:30 Kveldsope
Om arr.
Tirsdag 27. august kl 17-22.30 Kabuso og Hardanger Skyspace held kveldsope: Open kafe/bar og utstillinga av Dyrdal/ Mogstad/ Welsh Kl 20.55: Visning i Skyspace Denne dagen held me altså
Om arr.
Kabuso og Hardanger Skyspace held kveldsope:


Foto:
Midt, Pål Hoff: Den aktuelle utstillinga
Nederst, Helge Skodvin: Hardanger Skyspace og Hardangerfjorden