– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Shwan Dler Qaradaki

lau22jun(jun 22)00:00sun15sep(sep 15)00:00Shwan Dler QaradakiUtstilling(juni 22) 00:00 - (sept 15) 00:00(GMT+00:00)

Om arr.

Shwan Dler Qaradaki arbeider med teikning, akvarell, film og installasjon.Han er norsk-kurdar, vaks opp i Irakisk Kurdistan og flykta gjennom mange land før han slo seg ned i Noreg. Bakgrunnen frå heimlandet og erfaringane som flyktning er sentrale i kunstnarskapet hans.  

 Utstillinga The Colour of Betrayal i Kabuso er bygd opp av 25 store teikningar/akvarellar på papir og ein installasjon med tilhøyrande video samt ein teikna film vist i konsertsalen.  Dler Qaradaki er djupt personleg og nyttar eigne opplevingar og minner som materiale, men også det kurdiske folket si historie og historiene til menneske han har møtt. Han spør seg korleis ein kan uttrykke det som ikkje kan seiast med ord, spesielt når ein har eit morsmål som stadig er utsett for undertrykking, det kurdiske. Dler Qaradaki hentar og nyttar element frå både den vestlege og den austlege kunsthistoria, han stel skamlaust og brukar dei visuelle stilane som han måtte lære seg, vestleg klassisk kunst, austleg miniatyrmaleri og arabisk kalligrafi. Kjensler som tap, sorg og sinne får uttrykk i verka, men ein kan også finne motstandskraft og spor av håp og kjærleik. 

 The Colour of Betrayal, sviket sin farge, er på mange måtar ei leiting, ved hjelp av ulike kunstnarlege metodar, etter korleis svik kan sjå ut og korleis det påverkar den som råkast. Filmen The Tattooed Sun er ei kjenslevar skildring av historia til Dler Qaradaki si mor. I installasjonen The Golden Wish kommenterer han den omstridde danske smykkelova som grip inn i liva til alle flyktningane som kjem til landet. 

Bli betre kjend med nokre av verka i utstillinga her

Qaradaki er utdanna ved Suleiman Institute of Fine Arts (Kurdistan, Irak), Nordisk Institutt for Scene og Studio (Oslo) og Kunsthøgskolen i Oslo. Sidan 2021 har han arbeidd med ein PhD i teikning ved sistnemnde. Qaradaki har bak seg ei rekkje separatutstillingar mellom anna på Kunstplass Samtidskunst, Oslo (2021), Cinemateket, Oslo (2020), IKM – Interkulturelt Museum, Oslo (2019), Kunstnernes Hus, Oslo (2017.

Filmane hans har blitt vist på internasjonale festivalar som Human Right Watch, New York, Rencontres Internationales, Paris, TIFF – Internasjonal filmfestival, Tromsø (hele 2021), 17. Barcelona film- og menneskerettighetsfestival, 32. Girona filmfestival Tirana internasjonale filmfestival (heile 2020), 6. Firenze FilmCorti Festival, Firenze og Clermont-Ferrand internasjonale kortfilmfestival (begge 2019), 29. Sao Paulo internasjonale kortfilmfestival og 3. Golden Tree International Documentary Film Festival, Frankfurt (begge 2018).

Qaradaki har motteke norske og internasjonale kunstprisar, mellom anna prisen for beste dokumentarfilm Til mine barn på Minimal Short Film Festival i Trondheim (2018), og Kistefos kunstpris 2020 for Det gylne ønske. 

Opplev utstillinga i perioden 22. juni til 15. september 2024

Tid

Juni 22 (Laurdag) 00:00 - Sept 15 (Sundag) 00:00(GMT+00:00)