Erik Lukashaugen
lau23sep20:0020:00 Erik LukashaugenSkogens visesongar
Om arr.
Opplev Skogens visesongar i Kabuso laurdag 23. september kl 20! Erik Lukashaugen – akustisk gitar, song Tarjei Nysted – fele, nøkkelharpe, mandolin m.m. Erik Lukashaugen fekk gjennombrotet sitt i 2013 med debutalbumet
Om arr.
Opplev Skogens visesongar i Kabuso laurdag 23. september kl 20!
Erik Lukashaugen – akustisk gitar, song
Tarjei Nysted – fele, nøkkelharpe, mandolin m.m.
Erik Lukashaugen fekk gjennombrotet sitt i 2013 med debutalbumet Av en sliters memoarer. Albumet inneheld tonesette dikt av tømmerhoggaren Hans Børli. Albumet fekk topp tilbakemeldingar frå kritikarane og Lukashaugen vart tildelt Vidar Sandbeck sin kulturpris Regnbågåbrua.
Hausten 2021 slapp elverumsingen sitt femte album, Det vi rakk, som hausta lovord for både tekstar og musikk.
Den siste tida har artisten komponert ny og eksperimentell musikk som venteleg vil bli framført i Kabuso denne kvelden.
Lukashaugen har sidan starten vore ein av landets mest nytta viseartistar og har spelt meir enn 800 konsertar over heile landet. På scenen har han med seg gitarar og harmonium, samt ein stor porsjon improvisert humor.
Makkeren hans, multiinstrumentalisten Tarjei Nysted, er ei konsertoppleving åleine med sitt store talent og rikhaldige instrumentpark med m.a. nøkkelharpe, fiolin, mandolin, autoharpe pg stroviol.
>>> Nettstaden til Lukashaugen
Tid
Billettar
Program
tors05nov19:0019:00 Erlend Apneseth trioHardingfelemeisterens trio
Om arr.
Torsdag 5. november kl 19 Ei unik form for folkemusikk – ispedd jazz og elektronika Erlend Apneseth – hardingfele Stephan Meidell – gitar/effektar Øyvind Hegg-Lunde – trommer/perkusjon Thorolf Thuestad – lyddesign
Om arr.
Torsdag 5. november kl 19
Ei unik form for folkemusikk – ispedd jazz og elektronika
Erlend Apneseth – hardingfele
Stephan Meidell – gitar/effektar
Øyvind Hegg-Lunde – trommer/perkusjon
Thorolf Thuestad – lyddesign