– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Kunstbar

tors29aug19:00tors21:30KunstbarAnimasjon19:00 - 21:30(GMT+00:00)

Om arr.

Animasjon er tema under haustens fyrste Kunstbar. Med eksklusiv førpremiere RAS av Simone Hooymans.

Program

  • Lansering av haustprogrammet i Kabuso
  • Simone Hooymans presenterer arbeidet sitt, Simone i samtale med produsent Turid Rogne
    Førpremiere RAS
  • Kahoot med tema animasjonUtstillinga Arvid Pettersen/Gabriel Johann Kvendseth SETT ALLE REDE er open.Inngang 150,- – inkluderer eit glas valfri drikke.Velkomen til ein sosial, lærerik og avslappa kveld i Kabuso!

    Simone Hooymans bur og arbeider i kunstnarresidensen Kunstnarhuset Messen i Ålvik. Ho utdanna kunstnar frå Nederland og arbeider i hovudsak med teikning og animasjon. Ho har samarbeidd med fleire norske musikarar, og har delteke ved ei rekke internasjonale gruppeutstillinger og filmfestivaler. Simone fekk heiderleg omtale på den norske kortfilmfestivalen Grimstad i 2017 for musikkvideoen Rett ned som ho laga saman med gruppa Building Instrument.

    Ras er ein eksperimentell animasjonsfilm der kunstnaren Hooymans vil utforske endringskrafta i ei krise. Eit massivt ras trugar med å knuse alt på sin veg, men ut av kaos og øydelegging veks kimen til ei ny byrjing – ukjent, men fylt av håp. Filmen søker å kommentere globale kriser med miljøkatastrofer og politisk uro som viktige fokuspunkt, og koplar dette til ei indre, eksistensiell reise. Filmen føyer seg inn i ei rekke særeigne og suggererande animasjonsfilmar som Hooymans har gjort til sitt kunstnarlege kjennemerke. Filmen er produsert av produksjonsselskapet Aldeles.