– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Janicke Schønning - Eg var her

lau01jul00:00sun17sep(sep 17)00:00Janicke Schønning - Eg var herUtstilling(juli 1) 00:00 - (sept 17) 00:00(GMT+00:00)

Om arr.

Kunstnar Janicke Schønning arbeider ute, under open himmel, gjennom alle årstider. Ho har i meir enn ti år utforska korleis vær og natur verker på og saman med tusj og vassfarger på papir og lerret, frå sitt utandørs atelier i Nordmarka utanfor Oslo. Naturkreftene samhandlar med dei ulike materiala, blekk, pigment, og gouache på papir og lerret.

Teikningane og maleria blir til i dialog med elementa, ein prosess der ho berre delvis har kontroll. Sniglar har vandra over arka, regnvatn har dansa med tusjen, lauv har visna over teikningane og sopp har sett avtrykk på lerreta. Lerret og papir har trokke til seg vinterslaps og skiftande halvmørke over fjorden, soge inn skarpt vårlys mellom eldgamle eiketre og vatn ausande ned mellom vindkasta.

I arbeidet med utstillinga har Schønning vitja Hardanger fleire gonger, og overgangen frå den tette granskogen i Nordmarka til bratte bakkar og blåskimrande fjord, har verka inn – både på motiv og fargepalett. Til utstillinga i Kabuso har ho arbeidd med vatn og korleis væska set spor.

Opplev utstillinga i perioden 1. juli til 17. september

>>> Sjå nettsida til kunstnaren

Tid

Juli 1 (Laurdag) 00:00 - Sept 17 (Sundag) 00:00(GMT+00:00)

Billettar på nett

>>> KJØP