– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Ingebrigt Vik & Li Binyuan

lau12feb(feb 12)00:00lau16apr(apr 16)00:00Ingebrigt Vik & Li Binyuanutstilling(feb. 12) 00:00 - (april 16) 00:00(GMT+00:00)

Om arr.

Den første utstillinga i Kabuso i 2022 opnar 12. februar med nær heile samlinga etter Ingebrigt Vik.
Skulpturane vert viste i lag med videoverk av ein kinesisk samtidskunstnar, Li Binyuan.

Utstillinga er ei moglegheit til å sjå mange lite kjente, og lite viste, verk av Vik – både skisser, modellar og teikningar, som han testamenterte til Øystese ungdomslag på slutten av 1920-talet.
Den djupe humanismen og følsame skildringa han er kjend for, vert i denne utstillinga sett i lag med ein ung kunstnar som og er oppteken av mennesket sine livsvilkår.
Li Binyuan lagar korte filmar frå aksjonar og hendingar han skapar, og som er skildra med mykje humor og til dels desperat gjennomføringsvilje.

>>> Publikumstekst

 

Tid

Feb. 12 (Laurdag) 00:00 - April 16 (Laurdag) 00:00(GMT+00:00)