– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Siril Malmedal Hauge & Kjetil Mulelid

sun14apr18:00Siril Malmedal Hauge & Kjetil MulelidJazz18:00(GMT+00:00)

Om arr.

Sundag 14. april kl 18 er Siril Malmedal Hauge & Kjetil Mulelid klare for å gje deg ei mjuk jazzoppleving.

Siril Malmedal Hauge – vokal
Kjetil Mulelid
– piano

Hauge og Mulelid har verkeleg etablert seg i det norske musikkmiljøet dei siste åra. Med aktiv turnéring, Spellemann-nominasjon og lovprisa
albumutgjevingar fra verdsomspennande presse kvar for seg, har dei vist seg som ei sikker stemme for det 21. århundret i norsk musikkliv.
Hauge har markert seg med eigne utgjevingar, prisar frå Japan, nominasjon til Independent Music Award i New York og turnéar i store delar av verda – som Europa, Japan og Sør-Korea.
Mulelid har på si side gitt ut fleire album med egen pianotrio, som soloartist og med kvartetten Wako. Dette har ført til hundrevis konsertar i Europa og Japan, og millionar av avspelingar verda over.

No er Hauge og Mulelid saman som duo og byr på ei blanding av originale låtar og nye versjonar av kjente coverlåtar.
Musikken ber preg av Hauge si klare og uttrykksfulle stemme og Mulelid sitt finurlege pianospel. Dette er musikk i eit iøyrefallande landskap, men med ein god dose motstand og  overraskingar som tar lyttaren med inn i deira musikalske univers.

I 2023 kom debutplata deira Blues and Bells som fekk strålande anmeldingar frå presse i inn- og utland.

Nettsider for utøvarane:
>>> Kjetil Mulelid
>>> Siril M. Hauge

Billettar på nett

>>> KJØP