– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Christina Dahl Quartet

sun03apr18:00Christina Dahl QuartetJazz18:00(GMT+00:00)

Om arr.

Christina Dahl – saksofon
Nils Bosse Davidsen – bass
Niclas Knudsen – gitar
Espen Laub von Lillienskjold – trommer

Christina Dahl er ein av dei mest respekterte saksofonistane i Danmark. Dahl har spelt i eit utall samanhengar og er kjenneteikna ved ein unik sjelfull klang og lyriske fortolkningar.

Ho komponerer musikken sjølv og spelinga hennar  varierer frå det mest intime og underspelande til det eksplosive. Alle musikarane har ei rolle som berande solistar i éin felles leikande og fri kommunikasjon med stor originalitet. Kvartetten spelar fritt i eit luftig og kreativt samspel som gjev eit nærværande og variert musikalsk uttrykk. Repertoaret består av originale komposisjonar av Christina Dahl. I komposisjonane ligg symbolske forteljingar om livet og dets rikdom av alle fargar.

Christina Dahl slapp i fjor sitt tiande album, Childish, til svært gode kritikkar, og gjorde konsertar i Danmark og resten av Norden. Musikken blei overveldande positivt motteke. I 2018 har Christina Dahl komponert heilt ny musikk til kvartetten for ei rekkje eksklusive konsertar i Danmark, Sverige og Noreg.

Tid

(Sundag) 18:00(GMT+00:00)

Billettar på nett

>>>KJØP