Arvid Pettersen & Gabriel J. Kvendseth
lau15junHeile dagensun08sep(Heile dagen) Arvid Pettersen & Gabriel J. KvendsethSett alle rede
Om arr.
Sommaren 2019 viser Kabuso utstillinga Sett alle rede av Arvid Pettersen og Gabriel Johann Kvendseth. Utstillinga inngår i serien dialogar, som starta hausten 2018 med Harrang/Havaas/Lillefosse. Arvid Pettersen og Gabriel Johann
Om arr.
Sommaren 2019 viser Kabuso utstillinga Sett alle rede av Arvid Pettersen og Gabriel Johann Kvendseth.
Utstillinga inngår i serien dialogar, som starta hausten 2018 med Harrang/Havaas/Lillefosse. Arvid Pettersen og Gabriel Johann Kvendseth er inviterte til å utvikla ei utstilling i samtale med kvarandre. Pettersen er ein nestor i norsk maleri, med høg aktivitet heilt tilbake i det gryande 1970-talet. Kvendseth er ein yngre kunstnar som byggjer og sett i hop skulpturar, tekst og installasjon. Dei tek båe tak i denne mjuke framandgjeringa ein kan kjenne i møte med verdas kompleksitet. Båe flyttar merksemda nokre cm til sides, eller opp om ein heller vil sjå den vegen. Båe veit mykje om knivar, samtidsruinar og stille ettertanke.
Arvid Pettersen gjekk ut frå SHKS i Bergen 1967. Han har ei omfattande utstillingsrekkje bak seg, deriblant Kunstnerforbundet, Galleri Riis, Henie Onstad Senter, Aarhus Museum, Bergen Kunstforening, Trondhjems Kunstforening og Chinese European Artcenter, Xiamen.
Gabriel Johann Kvendseth gjekk ut med ein M.A. frå Kunst og designhøgskulen i Bergen i 2013. Han har stilt ut på Nordnorsk Kunstmuseum, Samisk senter for samtidskunst, RAKE Visningsrom, Murmansk Regional Art Museum, Arkhangelsk Fine Arts Museum, KRAFT, Del Infinito i Buenos Aires, LYNX, Kristiansand Kunsthall, Kunstindustrimuseet, Kreuzberg Pavillon og KODE2.

Tid
Program
tors05nov19:0019:00 Erlend Apneseth trioHardingfelemeisterens trio
Om arr.
Torsdag 5. november kl 19 Ei unik form for folkemusikk – ispedd jazz og elektronika Erlend Apneseth – hardingfele Stephan Meidell – gitar/effektar Øyvind Hegg-Lunde – trommer/perkusjon Thorolf Thuestad – lyddesign
Om arr.
Torsdag 5. november kl 19
Ei unik form for folkemusikk – ispedd jazz og elektronika
Erlend Apneseth – hardingfele
Stephan Meidell – gitar/effektar
Øyvind Hegg-Lunde – trommer/perkusjon
Thorolf Thuestad – lyddesign