– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Folk & Dyr

Folk & Dyr i Solund

Kva kan dyr fortelje oss om verda – og om oss sjølv? I nye episodar av podkasten Folk & Dyr rettar me øyra mot dyra i øykommunen Solund i Vestland fylke. Korleis er dyr ein del av livsgrunnlaget så langt frå fastlands-Noreg?

Folk & Dyr er eit kunstprosjekt i live-radio- og podkastformat av Yngvild Færøy og Søssa Jørgensen. Det starta i Skiptvet i Østfold i 2017. Sida har dei besøkt Sørenga og Salten, Bergen og Harstad. Saman med folk med lidenskap for dyr, utforskar dei spørsmåla om kva samspelet med dyr fortel oss: Kva slags dyr vel me å ha tett innpå oss? Korleis vert dyra påverka av aktivitetane våre?

Episodane frå Solund vert suksessivt publisert gjennom våren, og til hausten vert alle episodane presentert i lyttestasjon og som ein oppsummerande live-radio på Kunsthuset Kabuso.

Om kunstnarane

Yngvild Færøy og Søssa Jørgensen er kunstnarar med bakgrunn frå mellom anna radiOrakel og lydkunstkollektivet BallongMagasinet. Tidligare produksjonar inkluderar samarbeid med NRK, Høstutstillingen, Galleri F 15, Konsthall C i Stockholm og Festspillutstillingen i Harstad.

 I dei ulike episodane vert me betre kjend med folke- og dyrelivet på øyane

Episode 1: Mellom Folk & Dyr i Solund

Live radio frå Nordisk Kunstnarsenter, Dale

Ferga klapper til kai på Krakhella, veien er smal som en sykkelsti, og tar oss mellom knauser, forbi saueskilt og over ferister. Veien når bare ut til noen få av alle de 1700 øyene i Solund, Norges vestligste kommune, resten besørges av skyssbåtene. Hvordan er samspillet mellom mennesker og dyr her ute? På frivillighetskafeen treffer vi Kjell. Han er økonomisjef i kommunen og entusiast i Hardbakke villsaulag, som tråkker nye stier i de særpregete kystlyngheiene, og vil forene dyrehold, naturforvaltning og mennesketrivsel med moderne teknologi. Vi treffer også Yngvilds fetter Tom, som er lokalpolitiker, og kan fortelle oss mer om vindmøllene de nettopp takket nei til, om fisken som var næringsgrunnlaget og springbrettet inn i fremtiden, og nært forestående fremtid med store fartøy som fisker på bankene langt fra Solund.

Episode 2: Vêreigaren

Havet står rett inn frå vest på den gamle handelsstaden Gåsvær. Her regjerer Anne Marie over 50 sauer og ein og annan vêr. Ho er både matmor, jordmor og slaktar.

Alt av innmark og utmark vert brukt for å få nok fôr frå den sparsame øyjorda. Øyene som høyrer til været er naudsynt sommarbeite, og sauene vert frakta dit i båt. Da er det viktig at sauene er båtvande og samarbeidsvillige. Norsk kvit sau er ein langhalesau som gir attraktiv ull som er lett å farge og spinne for industrien, og kjøt som gir inntekter til sauebonden. Men kanskje er det gode gemyttet ein eigenskap som er i ferd med å gå tapt?

Episode 3: Gammal sau og framtidsutsikter

Sauene som beitar på lyngheia rundt kommunesenteret i Solund pleiar både det sosiale fellesskapet og det delvis attgrodde landskapet. Agronom og innflyttar Trude leiar flokken av menneske og dyr i Hardbakke Villsaulag, og saman tilpassar dei tusenårige beite- og kysttradisjonar til livsstilen i vår eiga tid. Kor lokale bønder legg ned, byggar villsaulaget gradvis opp, og kombinerer gammal norsk sauerase og overlevert kunnskap med ny teknologi og nye eigarformer. I staden for gjerder, har dei ein app som held villsauflokken samla. Og barnehagen, dei helsar på kvar fredag.

Episode 4: Hubroen hekkar!

Med gode øyre og skarpt blikk angrip hubroen lydlaust og overraskande.
Den et det meste, men likevel klarar han seg knapt. For sjølv om vindkraftutbygginga i Solund vart avverja ved folkeavrøysting, er òg vanlege høgspentliner ei dødsfelle for ein fugl med stort vengespenn. Og sjøen som matfat er knapt å regne med. Men akkurat kor dei hekkar er ein løyndom, og kanskje er det like bra, for hubroen sin grøssande låt skremmer både menneske og dyr.

Medan sjøfuglbestanden går dramatisk nedover, er det ei lita oppgang å spora i talet på hekkande hubro i øysamfunnet Solund. Her dukka plutseleg den største uglearten vår opp for tre år sidan etter mange års fråvær, fortel sauebonde og barnehagelærar Nils, som er ein av dei som held teljinga med bestanden. Som leiar av fylkeslaget av Norsk Ornitologisk Forening er Nils uroa for fugl generelt, og saman med andre gjer han ein stor innsats for å registrera bestanden.

Episode 5: Laks ved verdas ende

Eit veddemål bringa fiskeelskaren Michael frå Berlin til Solund, for å ta oppdrettsnæringa kritisk i augesyn. Det var nittitalet og rykta om utstrekt bruk av antibiotika i lakseindustrien hadde nådd Humboldt-universitetet kor han studerte akvakultur.

Tjue år seinare er han dagleg leiar i Sulefisk og vil gjerne vere laksens advokat. Stolt viser han fram det nye kontrollrommet. Herfrå overvakar han merdane, fôrar laksen og skyt med laser på lakselus. Medan sjøtemperaturen stig faretruande, sjonglerer han statlege reguleringar og krav frå bedrifta til produktivitet med endringar i økosystem og fiskevelferd. Industrien kan ikkje berre gå føre seg i andre land, meiner han: Ein må jo løyse problema!

Episode 6: Å spore hjort

Garden Kråkås er omgjeven av grøne beitemarkar for sau, kveg – og no og då hjort. For hjorten aukar i tal i Solund og elles på Vestlandet. Kvar haust kjem det tilreisande jegerar til tvillingbrørne Atle og Kåre, som har luska på kronhjortane sidan dei var gutungar. Å spore hjort krev nemleg kløkt og erfaring. Hjorten går sine eigne stiar, legg  seg til på daglægje nær garden, går opp i fjella på kvelden, og sym over Sognefjorden, om det trengs. Og han er smart; når du trur du forfølger han, er det han som følger med deg. Det er difor jegerane har hundar, og med gode snuter kan jakta lukkast.

X