– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Voice & Strings & Timpani

fre12nov19:00Voice & Strings & Timpani19:00(GMT+00:00)

Om arr.

Kabuso er glade for å kunne presentere denne tidlegare korona-avlyste konserten; fredag 12. november kl 19!

MARI KVIEN BRUNVOLL vokal, elektronikk
EVA PFITZENMAIER vokal, keys, fløyte
STEIN URHEIM gitar, effekter, langeleik
STEPHAN MEIDELL gitar, elektronikk
KIM ÅGE FURUHAUG trommer, perkusjon
ØYVIND HEGG-LUNDE trommer, perkusjon

Voice & Strings & Timpani var opprinneleg eit bestillingsverk til Nattjazz, som endeleg har vorte foreviga i studio.
Musikken befinner seg på ein dogmefri stad kor synthar, franske gloser og draumedryssande gitarar dansar taktfast i ring på samtidsmusikkfest.

I november 2020 kom albumet “Voice & Strings & Timpani” på det velrenommerte selskapet Hubro til særs gode kritkkar.

All musikk er komponert av Stephan Meidell og Øyvind Hegg-Lunde, begge kjende frå blant anna Erlend Apneseth Trio og Building Instrument.
Dei har i ei årrekkje jobba saman i duokonstellasjonen Strings & Timpani, og denne gongen utvidar dei formatet med nokre av sine favorittmusikantar frå den eigenarta improvisasjonsscenen i Bergen.

Sjekk ut VST på YouTube: 

Billettar på nett

>>> Kjøp

Arr. på Facebook

>>> Sjekk ut