– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

UngOsa 2022

fre28oktHeile dagensun30UngOsa 2022Helgekurs for barn og unge under Osafestivalen på Voss!(Heile dagen)(GMT+00:00)

UngOsa 2022

Om arr.

Helgekurs for barn og unge under Osafestivalen

Er du glad i å syngje, eller kanskje du likar å dansa? Spelar du hardingfele, toradar, trekkspel eller eit anna instrument som t.d. gitar? Om du svarar «ja» (på eit eller fleire av desse spørsmåla) så meld deg på årets UngOsa!

Osafestivalen og hardingfela.no ynskjer velkomne til UngOsa for 7. gong! Helgesamlinga er unik i sitt slag i den sørlege delen av Vestland fylke, og me inviterer unge songarar, instrumentalistar og dansarar frå 7 til 18 år til å bli med oss denne helga.

UngOsa-deltakarane får delta på konsert og dans under festivalen, og dei skal også ha sin eigen konsert, sundag, som avslutting på helga. Elles vert det sjølvsagt mykje sosialt og moro heile helga igjennom! Hiv dykk med!

NB! UngOsa er veldig populært, og i fjor så nådde me eit makspunkt i høve antal deltakarar. Det er fyrstemann til mølla så ikkje nøl med å melde deg på!

Førebelse lærararar UngOsa 2022:

Toradar/trekkspel: Inge Gjevre og Jon Amund Karusbakken
Song: Malin Victoria Alander og Kari Finne Sognnæs
Hardingfele: Alexander Aga Røynstrand, Arne M. Sølvberg, Arngunn Timenes Bell. Fleire lærarar kjem.
Dans: Halldis Folkedal og Anna Liv Skjelten Gjendem
Samspel (for utøvarar mellom 12-18 år som har spelt ei stund): Geir Marius Thorud

Påmeldingsfrist 20. september!

Meld deg på her

Foto: Elisabeth Emmerhoff

Tid

okt. 28 (Fredag) - 30 (Sundag)(GMT+00:00)

Stad

Osafestivalen på Voss

Arr. på Facebook

>>> UngOsa 2021