– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Kari Dyrdal / Jon Arne Mogstad / Jeremy Welsh

lau16mai(mai 16)00:00sun30aug(aug 30)00:0000:00 - (aug. 30) 00:00 Kari Dyrdal / Jon Arne Mogstad / Jeremy WelshUtstilling

Om arr.

16.05 – 30.08.26 
Kari Dyrdal/ Jon Arne Mogstad/ Jeremy Welsh

Gjennom video, tekstil og måleri reflekterer kunstnarane kring korleis vatn ter seg og fangar skiftingane i lyset.

Eit fellestrekk for kunstnarane i utstillinga er interessa for vassflata sine speglingar:
Teppa til Kari Dyrdal er nøye planlagde framstillingar av vatnet sine kvervlande nanosekund, omsett til motiv i renning og innslag, ein visuell spagat som digitalvev-teknikken gjer mogleg.
Jeremy Welsh observerer vatnet sine ulike skikkelsar, som tåke, regn, fjord, bre og snø, og korleis vatnet flyt gjennom kameralinsa og dei elektroniske signala i videoskjermen.
Jon Arne Mogstad har eit djupt engasjement for korleis hand og auge evner å feste dei raske skiftingane til lerretet ved hjelp av pigment og olje.

Kari Dyrdal (f. 1952) er ein nestor i norsk tekstilkunst. Ho har utdanninga si frå Bergen Kunsthåndverkskole i 1977 og Croydon College of Art and Technology i London i 1978. Dyrdal er kjent for sine mange kunstoppdrag til offentlege bygg, bl.a. Universitetet i Bergen, Sædalen Kirke, og Sentralbadet Scenekunsthus Bergen. Ho er representert i samlingane til Nasjonalmuseet, KODE, Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum og Sørlandets Kunstmuseum ved sida av Boston Museum of Fine Art og Latvia Museum of Fine Art. Dei siste åra har Dyrdal hatt separatutstillingar på Galleri Format (Oslo), Almgrens Sidenveveri (Stockholm), Oseana Kunst og Kultursenter (Os) og Bomuldsfabriken Kunsthall, Arendal.

Jon Arne Mogstad (f.1950) er utdanna ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole 1978, og Statens Kunstakademi i 1982, Oslo. Han bur og arbeider i Surnadal der han driv kunstsenteret Surnadal billag. Av dei siste separatutstillingane kan nemnast Jugendstilsenteret og KUBE i Ålesund (2027), Bomuldsfabriken i Arendal (2026) og Galleri TID m/ Cecilie Nissen (Mandal 2024). Mogstad har gjennomført fleire kunstprosjekt for offentlege rom, mellom andre Telenor, Orkdal VGS  og St. Olavs hospital, Trondheim og Halden fengsel med Jeremy Welsh, og er representert i Tangensamlingen på Kunstsilo (Kristiansand), KUBE (Ålesund), Åbo Kunstmuseum (Finland), Mark Rothko Art Centre (Daugavpils, Latvia), Kiasma(Helsinki), Finlands Nasjonalgalleri (Helsingfors) og Nasjonalmuseet (Oslo).

Jeremy Welsh (f. 1954) Gateshead, UK. Utdanna ved Nottingham Trent Polytechnic School of Art & Design og Goldsmiths College, University of London.  
80talet: Prosjektansvarleg ved London Video Arts og seinare kunstnarleg leiar/direktør, The Film & Video Umbrella, London. Busett i Norge sidan 1990. Tidlegare professor ved Kunstakademiet i Trondheim og Kunsthøgskolen i Bergen. Aktiv som biletkunstnar og kurator sidan slutten av 70talet. Sidan 2000 aktiv i samarbeidsprosjekt med fleire norske samtidsmusikarar og komponistar. Innkjøpt av Nasjonalmuseet, Trondheim Kunstmuseum m.fl 

Foto: Kari Dyrdal – Gult hav

Tid

16. mai 2026 00:00 - 30. aug. 2026 00:00