– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Teaterframsyning: Sirkus Peer

sun12jun(jun 12)15:00ons15(jun 15)16:00Teaterframsyning: Sirkus Peer15:00 - 16:00 (15)(GMT+00:00)

Om arr.

Kulturskulen spelar Peer Gynt i Asbjørnsløo!

Velkomen til Sirkus Peer!

Livet er eit SIRKUS kjære vener! Og me velger sjølve kva rolle me skal spela! Kven er du i ditt sirkus? Er du klovnen? Løvetemmaren, eller kanskje løva? Libedansaren, som bevegar seg på ei tynn, tynn line? Å vite kven ein er i sitt eige sirkus er ikkje så lett. Og for nokon vanskelegare enn for andre… Lat oss sjå om Peer finn ut kven han er?

LA SHOWET BYRJA!

Sirkus Peer er ei forestilling laga av dramapedagogg Siv Mælen og teatergruppa FodnaFøniks Teater (avdeling Jondal). Kostymer og kulissar er laga av kunstnar Johild Mæland og kunstgruppa i Ullensvang kulturskule. Forestillinga tek føre seg historia om Peer Gynt, guten som, både ville og ikkje ville passe inn. Vi følgjer Peer gjennom livet, og får sjå han streva med å finna si eiga stemme i møte med livets utfordringar – mobbarar, bygdebøyg, trollfolk og den store forvirra verda. I lag med han står Solveig, som trur på Peer, og når han sjølv har mista trua.

Forestillinga er gratis, og spelast i Asbjørnsløa 12.6.22 klokka 15. NB! Gratisbillett må løysast i kaféen på førehand!

Foto: Eldbjørg Furholt

 

Tid

12 (Sundag) 15:00 - 15 (Onsdag) 16:00(GMT+00:00)