– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Sundagsomvising

sun06nov12:00SundagsomvisingFjordmelk Jordtåke12:00(GMT+00:00)

Om arr.

Bli betre kjend med utstillinga Fjordmelk Jordtåke. Kabuso sin formidlar gir deg eit innblikk i utstillinga denne sundagen. Omvisinga er inkludert i inngangsbilletten.

OM UTSTILLINGA
Utstillinga Fjordmelk Jordtåke er eit samarbeid mellom Stine Gonsholt og Åse Løvgren og gruppa Skifte.Land, som er sett saman av Malin Lobell, Frøydis Lindén og Sidsel Bonde. Kunstnarane har over tid undersøkt landskapet kring Øystese og Hardangerfjorden med ulike målestokkar. Dei har observert, segla, omarbeidd data og reflektert. Dei har òg invitert andre til å bidra. Verka som vert vist speglar desse ulike prosessane.

Som del av utstillinga inviterte Skifte.Land i september til eit seglande symposium, (F)jorden. Hardangerjakta Mathilde vart lasta med kunstnarar, forskarar, fagfolk og frukt for reisa frå bygdene i indre Hardanger til Bergen by. Frå 3. november har Fjordmelk Jordtåke fått påfyll av fleire verk som inntrykk og refleksjonar frå seglasen.