Strømmen & Bukve
fre25okt20:00fre21:30Strømmen & BukveDikt & musikk
Om arr.
Glad i dikt og musikk? Fredag 25. oktober kl 20 kan du få begge delar med Strømmen & Bukve med band. Øyvind Strømmen – lesing Sveinung Bukve – gitar Lars
Om arr.
Glad i dikt og musikk? Fredag 25. oktober kl 20 kan du få begge delar med Strømmen & Bukve med band.
Øyvind Strømmen – lesing
Sveinung Bukve – gitar
Lars Hammersland – piano/synth
Anja Bere – vokal
Sveinung Bukve (Vöödöö, Secret Treehouse, Love Rock, Bukve) er gitarist og låtskribent i prosjektet.
Øyvind Strømmen er meir kjend som journalist og sakprosaforfattar, mellom anna av boka Giftpillen, som i 2021 vart peikt på som ei av årets beste sakprosabøker i både Bergens Tidende og Dagens Næringsliv. Heilt sidan ungdomsåra har dei to samarbeida i skjeringspunktet mellom lyrikk og musikk, og med debutalbumet Mine to auge tok dei for alvor samarbeidet ut i ei breiare offentlegheit.
Til det har dei fått god hjelp frå pianist Lars Hammersland (mellom anna kjent for sitt samarbeid med Helge Jordal og Berit Håpoldøy), vokalist Anja Bere (Secret Treehouse).
Gjennom musikken sin søker Strømmen og Bukve å utforska tvisynet: mellom ord og musikk, mellom det mørke og det ljose, mellom depresjon og von, alvor og leik, kjærleik og sakn, men også mellom det lyrisk banale og det djupare metaforiske.
Musikken tek utgangspunkt både i Strømmen sine eigne dikt og i gjendiktingar, mellom anna frå afrikaans, og den sørafrikanske diktaren Eugene Marais (1871 – 1936).
Ved å ta i bruk Marais sine tekstar stiller Strømmen og Bukve også spørsmål ved kva som skjer når ein riv lyrikk ut av ein geografisk samanheng og set den inn i ein heilt annan.
Tid
(Fredag) 20:00 - 21:30(GMT+00:00)
Billettar på nett
>>> KJØPProgram
Arr.type
Alle
Aktivitet
Arrangement
For familien
Konsert
Kurs
Undervisning
Utstilling
Arrangør
Alle
Agatunet
Borgstova
Granvin bygdetun
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger folkemuseum
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Kabuso
Skredhaugen
Storeteigen
Voss folkemuseum