– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Konsert - Sigrid Moldestad og Liv Merete Kroken

sun08okt18:30Konsert - Sigrid Moldestad og Liv Merete KrokenDuo Spindel18:30(GMT+00:00)

Om arr.

Konsert med Sigrid Moldestad og Liv Merete Kroken

I duen Spindel, på Hardanger folkemuseum sundag 8.oktober kl 18.30

Ekte musikalsk kjærleik

Sigrid Moldestad og Liv Merete Kroken utgjorde halvparten av det aller første studentkullet ved Ole Bull Akademiet seint på 90-talet. Dei fann tonen, og eit varig venskapbåde med og utan fele oppstod. Spindel duo var eit faktum, og gjorde stor lukke med sine friske tolkingar av slåttar frå Vestlandet og særleg Nordfjord. Årevis med samspel seint og tidleg har resultert i unikt og tett samspel.

Etter ein del svært aktive år, med oppdrag i store og små format og to plateutgjevingar, Spindel (2021) og Aminje (2007), fekk Sigrid Moldestad det travelt med solokarriere medan Liv Merete Kroken hadde musikken som hobby. Dei siste åra har dei funne tid og rom til å ta opp att Spindel duo-spelet, til glede for seg sjølv og alle som er glade i godt slåttespel. Då dei markerte sine første 20 år som duo, kalla dei det for ei 20 år gamal musikalsk forelsking, men me trur det er snakk om ekte musikalsk kjærleik!

Sigrid Moldestad-hardingfele

Liv Meret Kroken–hardingfele

Hjarteleg velkomne alle!

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangerte i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd. VestaFolk er eit turnétilbod frå Førdefestivalen. Turnéen med Spindel er støtta av Vestland fylkeskommune og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Billettar på nett

Bilettsal

Arr. på Facebook

Sjekk ut!