Opning kulturskuleutstillinga 2023
sun11jun12:00sun13:0012:00 - 13:00 Opning kulturskuleutstillinga 2023Elevutstilling kunstfag

Om arr.
Elevutstilling i Johanskjellaren i Agatunet 11.6.23 klokka 12! Nok ein gong er me klare for utstilling laga av kulturskulen! Kunstfagelevane i Ullensvang kulturskule viser i år eit utval arbeid som er
Om arr.
Elevutstilling i Johanskjellaren i Agatunet 11.6.23 klokka 12!
Nok ein gong er me klare for utstilling laga av kulturskulen!
Kunstfagelevane i Ullensvang kulturskule viser i år eit utval arbeid som er laga gjennom skuleåret 2022-23. Dei stiller ut teikningar i tusj og blyant, små akvarellar, maleri i akryl og skulpturar. Skulpturane er laga av restmateriale som avispapir og tomme yoghurtbeger som er kombinert med tape, gipsband og deretter måla med akryl. I tillegg viser ein også nokre skulpturskisser i lufttørka leire. Nokre av teikningane er frå ekskursjon tii Ingebrigt Vik Museet i Øystese.
Kunstfag i Ullensvang kulturskule har undervisning i Odda, Hauso og Jondal. Dette skuleåret har det delteke 30 elevar i alderen 9 til 48 år.
Utstillinga står til 27.8.23.
I samband med opninga vert det og musikalske innslag frå elevar ved musikkfaga i kulturskulen! Meir info om desse kjem! Styrar Ingvild Hauso held tale.
Tid
(Sundag) 12:00 - 13:00
Program
Arr.type
Alle
Aktivitet
Arrangement
For familien
Konsert
Kurs
Undervisning
Utstilling