– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Omvising

sun03jan13:00OmvisingVisuelle nabolag13:00(GMT+00:00)

Om arr.

Bli med på omvising!
Det vert høve til å gå djupare inn i utstillinga Visuelle nabolag saman med ein av Kabuso sine formidlarar 3 sundagar i utstillingsperioden:

  • Sundag 22. november kl. 13
  • Sundag 6. desember kl. 13
  • Sundag 3. januar kl. 13
  • Visuelle nabolag er ei vandreutstilling frå Nasjonalmuseet kor museet ser på si eiga samling med eit skråblikk og syner uventa fellestrekk mellom kunst, design og arkitektur. Verk av mellom andre Per Kleiva og Andy Warhol.Nasjonalmuseet si samling inneheld vidt ulike disiplinar som skulptur, arkitekturskisser, møblar, video, kunsthandverk, foto, grafisk formgjeving, maleri, tekstil og industridesign.

    Men kva skjer når ein set slike ulike kunstnarlege uttrykk og media opp mot kvarandre i ei og same utstilling?
    Visuelle nabolag utfordrar publikum til å utforska uventa møtepunkt mellom kunst, design og arkitektur som fordrar til nye kunsthistorier. Gjennom ufrivillige likskapstrekk mellom ulike media eller tematiske kontrastar søkjer utstillinga å visa korleis kunsten frå ulike epokar kan spegla museet si historie og samfunnet me lever i i dag.

    Bill: Omvisinga er inkludert i inngangsbilletten. Gratis for deg som er KabusoVen. Oppmøte i resepsjonen.

Arr. på Facebook

>>> Sjekk ut