– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

ODISEA 4tet med gjest: NINO DE LOS REYES

sun27feb18:00ODISEA 4tet med gjest: NINO DE LOS REYESFLAMENCO18:00(GMT+00:00)

Om arr.

FLAMENCO?? I KABUSO???

Ja, kvifor ikkje.. Sundag 27.februar får du eit heilt unikt høve til å høyre og sjå eit eksepsjonelt orkester med den ubegripeleg allsidige strengekunstnaren Ole Andre Farstad i spissen. Flamenco, rock, black metal, klassisk, jazz, og verdsmusikk er berre nokre av genrane han beherskar til fingerspissane, og gitar er berre eitt av mange strengeinstrument han trakterer. Ole Andre turnerer verda rundt med black-metalbandet Abbath, og  leiar fleire prosjekt med improvisatorisk og eksperimentell musikk i heimbyen Bergen. I november vitja han Kabuso med Meelodi og leverte ein forrykande konsert.

ODISEA 4TET består i tillegg av musikarar frå Spania og Frankrike/Canada. Musikalsk er siktemålet å skape eit personleg uttrykk innan flamenco-jazz sjangeren som oppsto ved hjelp av storleikar som Paco de Lucia og Chick Corea.

OSCAR LAGO – FLAMENCOGITAR
OLE ANDRE FARSTAD – FLAMENCOGITAR / ELEKTRISK GITAR
FRANCOIS TAILLEFER – PERKUSJON
ISMAEL ALCINA – BASS

Som  om dette ikkje var nok, så har desse fire dyktige musikarane fått med seg den suksessrike flamencodansaren NINO DE LOS REYES. Nino har dansa flamenco sidan han var 9 år, og har vunne eit uttal prisar for sitt ekstraordinært musikalske fotarbeid. I seinare tid har han vore medlem av sjølvaste Chick Corea(!) sitt band «Spanish Heart,» fram til Corea gjekk bort i februar 2021.

Saman med «Spanish Heart» mottok Nino De Los Reyes i 2020 ein GRAMMY for plata «Antidote.»

«Kvar var du når Nino og Odisea hadde sin legendariske opptreden i Kabuso i 2022?»  Lat mørketid og pandemi ligge, kom heller og opplev dette storhendet i konsertsalen i Kabuso, sundag 27.februar klokka 18:00!

Billettar på nett

BILLETTAR