– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

sept 2010

lau11sep(sep 11)00:00sun12des(des 12)00:00Morten Viskum(sept 11) 00:00 - (desember 12) 00:00

Om arr.

Morten Viskum (f.1964) er godt kjend i den norske kunstverda og for det store publikummet. Han har ein heilt eigen posisjon i norsk kunst og arbeider med materiale, verkemiddel og ein tematikk som skil seg frå annan samtidskunst i Norge.
Som kunstnar har Viskum vekt merksemd i det offentlege med uortodokse materiale i installasjonar, skulpturar og fotografi. Spesielt har krossfesta og lemlesta rottelik vakt oppsikt og protestar, men har óg fascinert og gjord folk nyfikne. I seinare år har måleriprosjekt, kor målarkosten er ei daud menneskehand, skapt forarging og interesse.

Viskum fekk den kunstfaglege utdanninga si hjå Statens kunstakademi i perioden 1993-1997. I åra 1987-1993 var han student på Norges veterinærhøyskole. Slik var han frå før vand med å arbeide med dyr, óg i samband med forsking. Denne bakgrunnen har vore viktig i arbeidet hans med kunst og kan gjera han meir forståeleg.

Nokre av dei siste arbeida har vore iscenesetting av sjølvet, kor han sett seg sjølv, som kunstnar og individ inn i ulike samanhengar. Mellom anna har han opptredd som Jesus, som truande muslim, som vitskapsmann osv.

I tillegg til arbeidet med eigen kunst produserar han utstillingar med internasjonal tyngd på Vestfossen Kunstlaboratorium. Målet med staden er å halda oppe ein folkeleg profil, kor kunst kan sjåast og opplevast av alle.

Tid

Sept 11 (Laurdag) 00:00 - Desember 12 (Sundag) 00:00

Stad

Kunsthuset Kabuso

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

Arrangør

Kabuso Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

X