Maritimt verktøyseminar
ons10nov(nov 10)08:00fre12(nov 12)14:30Maritimt verktøyseminar
Om arr.
Treng du å kvesse verktøyet ditt? På Hardanger fartøyvernsenter vert det maritimt verktøyseminar med tema «sliping av verktøy» frå 10-12. november 2021. Kvast verktøy er avgjerande for godt handverk. På årets
Om arr.
Treng du å kvesse verktøyet ditt? På Hardanger fartøyvernsenter vert det maritimt verktøyseminar med tema «sliping av verktøy» frå 10-12. november 2021.
Kvast verktøy er avgjerande for godt handverk. På årets maritime verktøyseminar vil deltakarane ha fokus på sliping av ulike handverktøy. Deltakarane vil få grundig instruksjon i sliping av øks, sag, kniv, navar, høveltann og stemjarn.
Maritimt verktøyseminar er eit årleg arrangement, med skiftande tema. Seminaret vender seg til profesjonelle handverkarar som dagleg arbeider med tradisjonelt verktøy og arbeidsprosessar i båt og bygningar. Seminaret har vorte ein viktig møteplass for tradisjonshandverkarar.
INSTRUKTØRAR: Trond Oalann, Johannes Fosse, Peter Helland-Hansen, Kasper Krogh Hansen, Ivar Hoflandsdal
PRIS: 3000,- Inkl. alle måltider
MÅLGRUPPE: Tradisjonshandverkarar
TA MED: Verktøy for sliping – meir info kjem
STAD: Hardanger fartøyvernsenter, Norheimsund
SPØRSMÅL & PÅMELDING: line.larsen@hvm.museum.no / tlf. 479 74 363 innan 21. okt. 2021
Seminaret er støtta av Riksantikvaren
>>> Sjå samla kursprogram for Hardanger og Voss museum pr januar 2021
Tid
10 (Onsdag) 08:00 - 12 (Fredag) 14:30(GMT+00:00)
Arr. på Facebook
>>> MELD DI INTERESSEProgram
Arr.type
Alle
Aktivitet
Arrangement
For familien
Konsert
Kurs
Undervisning
Utstilling
Arrangør
Alle
Agatunet
Borgstova
Granvin bygdetun
Hardanger fartøyvernsenter
Hardanger folkemuseum
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Hardingfela.no
Kabuso
Skredhaugen
Storeteigen
Voss folkemuseum