– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

juni 2022

fre10jun(jun 10)17:00sun12(jun 12)17:00Kurs: Tradisjonsbakst17:00 - 17:00 (12)

Om arr.

I samarbeid med Vikebygd og Aga bygdekvinnelag inviterar me til kurs i tradisjonsbakst, krotakaker og flatbrød!

Kurset går over ca. 20 timer, fredag ettermiddag og laurdag/sundag, 10.-12. juni 2022, dels på Sagatun, dels i Agatunet.

Me skal bake både flatbrød og krotakaker, læra å laga deig, emne, krote, steikje på både takke og i vedfyrt omn

Pris for kurset er kr. 2500,- (om du er medlem av Vikebygd og Aga bygdekvinnelag) får du 500,- i rabatt. Material/råvarer, kaffi/te og varme måltid laurdag og sundag er inkludert i prisen.

Ta med forkle, skaut, kjelve og anna baksteutstyr om du har, og gjev lyd om du har ei takke du kan ta med. PÅMELDING til agatunet@hvm.museum.no innen 10.5.22, avmeldingsfrist 20.05.22. For info ring 94496984.

NB! Alle kursdeltakarar får høve til å vera med på bakst i Agatunet gjennom sommaren, for å øva seg og verta trygge i bakstefaget!

 

Tid

10 (Fredag) 17:00 - 12 (Sundag) 17:00

Stad

Agatunet

5776 Nå

Arrangør

Agatunet 5776 Nå

X