september 2019

28sep(sep 28)00:0005jan(jan 5)16:00Kine Lillestrøm/Trond Hugo HaugenUtstilling

Les meir

Om arrangementet

Kine Lillestrøm og Trond Hugo Haugen syner ei stadsspesifikk utstilling i og på Kabuso og Ingebrigt Vik museum hausten 2019.
Kunstverka har vorte utforma og bygde på staden, både i utstillingssalen og på dei mange glasflatene.

Refleksjonar kring arbeid og kunnskap spelar ei stor rolle for utstillinga, mellom anna med gjenbruk av material frå bygginga av Hardangerbadet.

Kurator Sissel Lillebostad skriv:

Det starta med ein samtale.
Eller, nei, det starta før me møttes. Det starta med bygninga og mandatet Kabuso eingong fekk – å sjå nasjonalromantikken gjennom samtidas brilleglas. Mandatet er nedfelt i sjølve bygningskroppen – store glas vende mot fjorden, taket forma som eit lite ekko av fjellrekka, reine material.
Sikta frå Øystese er svimlande vakker når lyset fell over Folgefonna og gnistrar kvitt mot blått. Den er òg fascinerande når skodda sig tungt inn mellom fjellsidene, regnet driv sidelengs langs fjorden og lyset sildrar i tynne snorer mellom oppsamla vatn.

Bjørn Hatterud – Å sjå deg i auga. Utdrag frå teksten:

Eg trur at noko av det skumlaste ein kunstnar kan gjere er det som Trond Hugo Haugen og Kine Lillestrøm har gjort i Øystese med utstillinga «Å sjå deg i auga». Dei kom som framande, til ein liten tettstad. Etter eit grundig forarbeid flytta dei til plassen for ei tid, for å arbeida kunstnarleg, som respons på plassen.

Kine Lillestrøm (f. 1977) er maler, med en filosofisk tilnærming til stedets utforming, bestemmelser og historikk. Hun arbeider med rom, men ikke begrenset til rommets egne grenser. Lillestrøm er utdannet ved Kunstakademiet i Oslo. Lillestrøm har hatt flere utstillinger med både egne verk og samarbeidsprosjekter, samt toåring atelierstipend i Oslo rådhus, og åpner utstilling ved LNM (Landsforeningen norske malere) i Oslo 31. oktober 2019.

Trond Hugo Haugen (f. 1975) har en mer direkte, uttalt og verbal praksis. I verkene reflekterer han rundt politikk og historie sett fra enkeltindividets posisjon, samt kunstnerens plass i samfunnet. Haugen har hatt flere utstillinger nasjonalt og internasjonalt, av hans større verk er Et riksportrett (etter Eidsvold 1814) fra 2014 og det flerårige verket Stavanger2018 / KA DÅ ITTEPÅ. Han har bakgrunn som konsertarrangør og er utdannet ved Kunstakademiet i Trondheim i 2002.

Foto: Pål Hoff

Tid

September 28 (Laurdag) 00:00 - Januar 5 (Sundag) 16:00

Stad

Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

Arrangør

Kunsthuset Kabuso Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese

Kontakt

Hardangerfjordvegen 626, Øystese
Tlf. 474 79 987 / post@kabuso.no

Nyhendebrev

Meld deg på nyhendebrevet vårt og motta informasjon om det som skjer ved Kunsthuset Kabuso

Opningstider

Siste opningsdag før jul: Sundag 22. desember
Ope i romjula: Fre 27. des-sun 29. des kl 11-16

Første opningsdag i 2020: Torsdag 2. januar
(NB! Gratistorsdag)

September–mai:
Ons–fredag kl 11–15, laur+sundag kl 11–16
Stengt man-tysdag

Juni–august:
Ope kl 11-17 alle dagar

Contact

Adr: Hardangerfjordvegen 626, Øystese
Tlf. 474 79 987 / post@kabuso.no

Newsletter

Subscribe to our newsletter featuring news about the museum, exhibitions, activities and more

Opening hours

Closed: 25 and 26 December + 1 Jan  

September–May:
Wed–Friday 11 AM-3 PM, Sat+Sunday 11 AM–4 PM
Closed Mon-Tuesday

June–August:
Daily, 11 AM-5 PM

X