– Ein del av Hardanger og Voss museum

– A part of Hardanger and Voss museum

Karl Bjorå m/band

lau17sep20:00Karl Bjorå m/bandWhimsical Giant20:00(GMT+00:00)

Om arr.

Karl Bjorå m/band tar utgangspunkt i det kritikarroste albumet Whimsical Giant for konserten i Kabuso 17. september kl 20. 

Karl Bjorå – gitar, komposisjon
Tuva Syvertsen – feler, vokal
Signe Emmeluth – saksofon
Vegard Lien Bjerkan – harmonium, piano
Bardur Reinert Poulsen – kontrabass
Andreas Winther – trommer

Gitaristen Bjorå har i løpet av dei siste åra gjort seg bemerka i fleire unike og varierte musikalske prosjekt på jazzscena.
No er han aktuell med si første plate under eige namn. Whimsical Giant er eit album som dekkar mangfaldig musikalsk grunn, ei målmedvitne vandring på jakt etter det vakre, det uvanlege og det uventa.
Dei musikalske strukturane er distinkte, nesten taktile i sin klarleik. Element av jazz og ambient improvisasjon vert vevd saman med aksentar av americana, nordisk folk, post-rock, flyktige glimt av klassisisme, til og med ekko av salme-ærbødigheit.

Dei øvrige musikarane på scenen denne kvelden er også blant landets mest markante musikarar. desse har kvar for seg bidratt til nye impulsar og vitalisering av norsk musikk allereie.

Billettar på nett

>>> KJØP